av:

Publisert:

Del:

Sveio kommune gjer med dette kjent at “Fartein Valen stipendet 2003″ er tildelt komponisten Magnar Åm. Tildelinga av stipendet vert gjort under opningskonserten av Fartein Valen. Dagane 2003 torsdag 23.april 2003.”Valenheimen” vert stilt til rådvelde for ein periode på 4-6 veker og storleiken på stipendet for 2003 er på kr 25.000. Under neste års “Fartein Valen dagar” vert komponisten presentert i festivalprogrammet.

Magnar Åm
Magnar Åm

Ein komite som består av Arvid Vollsnes (Universitetet i Oslo), Erling Dahl jr (Troldhaugen) varamedlem Monica Jangaard (Troldhaugen), Nils Henrik Asheim (Norsk komponistforening), Sølvi Vinnes (Hovudeigar av Valenheimen), Mathias Vikse (Varaordførar i Sveio), Eirik Apeland, politisk representant frå Sveio kommune. Sekretær for komiteen er Ole Jørgen Furdal.

I sitt møte fredag 1. november uttalar komiteen følgjande:

Komiteen for Fartein Valen Stipendet har vald å tildele stipendet for 2003 til komponisten Magnar Åm. I ein periode på 30 år har Åm vore aktiv i norsk musikkliv med si lågmælte og særprega kunstnarstemme. Magnar Åms verk syner kompositorisk dugleik, biletskapande evne og djup personleg integritet. Til grunn for søknaden ligg eit spennande prosjekt der planen er:

“…å skrive eit orkesterverk som kan vere som eit musikalsk glashus over Fartein Valen sine forarbeid til sin 5.symfoni. Meininga er ikkje å prøva å fullføre det han hadde starta på, men heller å vise fram materialet sett gjennom eit musikalsk glas ­ som då vil seie min eigen musikk. Slektskapen mellom Magnar Åm og Fartein Valen syner seg m.a. i ei lyttande haldning til det å komponere. Ein finn og at dei to har del i det same

omliggande åndelige universet.”

Magnar Åm får i tillegg til kr 25.000 eit arbeidsopphald i Valenheimen, og vert presentert som komponist under Fartein Valen Dagane 2003.

Sveio 4.november 2002, for komiteen; Ole Jørgen Furdal.