Signe Emmeluths «Banshee»: – Musikken her opnar med skriket på omslagsbiletet, og dei til saman 13 spora blir nyanserte lydportrett av ei Banshee – eller av skriket.  (Foto: Margit Rønning Omholt)

Ballade jazz: SKRIK – og stille

– Ei av platene eg har høgst forventingar til i år leverer med eit skrik. Vi høyrer musikk av dén norske folkemusikaren Coltrane ville spelt med. Og eg er hermed forelska i instrumentet duduk!

Kalender

Lørdagsopera

20/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

OperaFest!

20/04/2024 Kl. 19:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

20/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade Jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Musikk på sitt beste finn nyansar i skrik og i stilla.

Det handlar om å vere lyttande og søkande musikarar, som finn energien i skriket eller i stilla, og som prøvar å finne nye nyansar gjennom den. Svært ofte finn du desse musikarane under paraplyen jazz, og i aller høgste grad i utgjevingane eg melder i denne utgåva av Ballade jazz.

Signe Emmeluth – Banshee (Motvind 2024)

Vossajazz er gode på tingingsverk-shopping, og i 2021 tinga dei musikk frå Signe Emmeluth. For den som har hatt øyrene opne for jazz siste åra, er valet opplagt. Sidan Banshee vart framført, har jazzpublikumet venta på plata, for Signe tok nemlig med seg det ein kan kalle eit all star team inn i hennar musikalske fantasiar. Dette er folk som har kome med dei heftigaste musikkopplevingane på kvar sine frontar, så eg tek meg tid til å liste dei opp:
Guro Skumsnes Moe på diverse bass-instrument, Maja S. K. Ratkje på vokal og alskens elektronikk, Heiða Karine Jóhannesdóttir Mobeck med tuba og elektronikk, Guoste Tamulynaite på piano og synthar, Anne «Efternøler» Andersson på trompet, Jennifer Torrence på perkusjon og vibrafon.

Og alle syng – det er sentralt. 

Banshee er nemleg namnet på ein figur i irsk folklore som gjennom bruken av ei kraftig stemme kjem med ein advarsel om død og sorg. Og energien til denne figuren er grunnlaget for Emmeluth. Musikken her opnar med skriket på omslagsbiletet, og dei til saman 13 spora er lydleg nyanserte portrett av Banshee – eller rettare sagt – av skriket. 

Og dette gjer dei sju musikarane som eit kollektiv. Det er ikkje Signe som er solist her, men ho framstår meir som ein tilretteleggar for musikken. Både reint teknisk – her er små komposisjonar eller rammer for fri improvisasjon – men også på den måten at ein høyrer tydeleg ein fullstendig fridom i kvar enkelt musikar til å finne energien, og nyansane i den, kvar på sin måte.

Signe Emmeluth – Banshee (Motvind 2024) (Foto: )

Sett bort i frå konseptet, det kreative utgangspunktet og figuren banshee, er dette først og fremst ein eksplosjon av inspirerte improvisasjonar. Det er søkande og kreativ lydleik frå rein menneskeleg energi uttrykt gjennom instrumenta. Slik blir det ny musikk på ekte.

Banshee er ute 15. mars, men du kan allereie høyre første singelen her:

Nils Økland Band – Gjenskinn (Hubro 2024)

Nils Økland Band – Gjenskinn (Hubro 2024) (Foto: )

Nils Økland spelar upolert perfekt på fela, og er ein av musikarane som har bidrege i det tilsynelatande evig spennande landskapet mellom folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. Det er der det skjer.

Med albuma Kjølvatn (2015) og Lysning (2017) vart Nils Økland Band solid etablert for nyfikne lyttarar, og på Gjenskinn er det ordet band eg vil vektlegge. Det låter som eit band – det er mykje groovy energi, og somme gongar minner det meir om Coltrane-tradisjonen enn «the Nordic sound». Med bass-ostinat frå Mats Eilertsen og frigjort saksofonspel frå Rolf-Erik Nystrøm. Dei to er særs til stades i lydbiletet, og eg høyrer at det er openbart at Nils Økland Band er det bandet John Coltrane ville valgt om han hadde gjenoppstått i Noreg i dag.

På «Kairo» går Økland og Nystrøm kvarandre i inspirerande morosame og lyttande musikalske samtalar over nord-afrikanske inspirasjonar som tittelen peikar på. På songar som «Morgonkvist» er Håkon Mørch-Stene sin vibrafon eit klangleg landskap i seg sjølv, og ein tydeleg nærverande bass koplar det landskapet med Økland si kviskrande fele. 

Dette er ikkje landskaps-ambient som ikkje vil forstyrre stilla i verda – slik Økland også er ein meister på, altså. Nei, på Gjenskinn spelar musikarane sterke melodiar og fraser, tydelege tonar og modige lydar. Det er rett og slett til tider sekstitals spirituelt, noko som fristar enormt til å oppleve Gjenskinn-utgåva av Nils Økland Band live – med eller utan Coltrane.

Canberk Ulaş – Echoes of Becoming (Jazzland 2024)

Canberk Ulaş – Echoes of Becoming (Jazzland 2024) (Foto: )

Duduk er eit tradisjonelt blåseinstrument med opphav i Armenia, men som finst i variantar over heile midtausten og fleire stadar i verda. Det er den tørre forklaringa. Men når spelet til Canberk Ulaş møter øyret ditt, så framstår duduk som noko av det einaste som klarer å nå heilt inn, innerst der inne.

Canberk Ulaş er frå Tyrkia, men bur i Sverige og Noreg. Her har han møtt musikalske sjelevener i Arve Henriksen, Benedikte Askadalen, Bugge Wesseltoft, Eivind Aarset og Jan Bang. Musikarar som vandrar i eit lydbilete der duduken tydeleg høyrer heime.  

Det er i spelet til Canberk Ulaş vi finn den sterkaste poesien

Her er det meditativt og varmt, og eit lyttande og vart samspel. Og på Echoes of Becoming finn også musikarane friksjon og motstridande kjensler i den musikalske meditasjonen. Det kan skje gjennom tonale dissonansar, eller gjennom skurrete, forstyrrande elektroniske glitchar («feil»). I tillegg er det særleg interessant å lytte til korleis vokalen til Benedikte Askedalen nærmast er ei syntese mellom Jan Bangs elektronikk og duduken – høyr berre på «I Came From Far Away», som blir sunge nært og stille av Askedalen.

Men – det er i spelet til Canberk Ulaş vi finn den sterkaste poesien her. Gir du han eit lyttande augeblikk, så får du så uendeleg mykje tilbake – og du vil for alltid vere forelska i duduk.

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.