Frist
30/05/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Oseana kunst- og kultursenter er eit kommunaleigd kulturhus i Os. Fordelt på 5 800 kvadratmeter finn du kultursal, restaurant, kunstutstilling og lokale til kurs, konferansar, møte og selskap.



Kalender

Legg til arrangement
Se alle

Produsent

Oseana

Vil du skape magiske opplevingar i Oseana, og sette ditt preg på kulturlivet i regionen?

Stormande jubel og magisk stille. Ruvande latter og trillande tårer. I Oseana brenn vi for å skape minneverdige augeblink. Aldri før har Bjørnafjorden si storstove fylt fleire sete – og no er eit av dei ledig.

Etter 13 år som tilsett i Oseana, er tida snart inne for at vår arrangementssjef skal gå av med pensjon. Vi har på bakgrunn av dette oppretta ei ny og spennande stilling som produsent.

Som produsent i Oseana vil du spele ei nøkkelrolle i detaljplanlegging og avvikling av våre arrangement. Vi er på utkikk etter deg som får ting til å skje, samstundes som du evnar å halde i fleire prosessar.

I tillegg til å vere dyktig på koordinering, skapar du entusiasme og får folk med deg. Du er fagleg sterk, operativ og løysingsorientert. Du motiverast av å finne dei beste løysingane og skape uforgløymelege augeblink for vårt publikum.

Vi har over 100 kulturarrangement i året. Som produsent hos oss må du derfor sjonglere mellom ulike arbeidsoppgåver og vere til stades både i stort og smått. Dette krev både fleksibilitet og struktur, samt at det må påreknast noko arbeidstid også på kveld/helg.

Ansvarsområde

  • Planlegging og koordinering av alle arrangement i samarbeid med programansvarleg
  • Tett kundeoppfølging, heilt frå booking til evaluering og oppgjer
  • Avvikling av kulturarrangement
  • Utarbeide tilbod og kontraktar
  • Delta i og leie produksjonsmøter
  • Tett samarbeid med marknadsføringsansvarleg og teknisk produsent

Ønska kvalifikasjonar

  • Treårig relevant høgskuleutdanning (anna relevant utdanning eller bransjeerfaring kan kompensere)
  • Kunnskap og erfaring frå kulturproduksjon og arrangementavvikling
  • Gode datakunnskap
  • God budsjettforståing og evne til kostnadskontroll
  • Detaljorientert og systematisk
  • Kjennskap til norsk kulturpolitikk og statlege støtteordningar
  • Kommersiell forståing
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Korleis er det å jobbe i Oseana?

Som vår nye kollega, vil du bli møtt av eit sosialt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som brenn for å skape det beste kulturtilbodet for våre kunder. Vi legg vekt på å skape eit miljø der latter og trivsel er ein naturleg del av arbeidsdagen!

Vi kan elles nemne:

  • Fridom under ansvar
  • Fleksible arbeidstider
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Variert arbeidsdag: med over 100 arrangement i året, er ingen dagar like!
  • Parkeringsplass i garasje
  • Enkelt treningsrom
  • Løn etter avtale

Oseana er ein arbeidsplass i magiske omgivnadar, på vakre Mobergsneset i Os – med ein slåande utsikt over Bjørnafjorden og majestetiske fjelltoppar.

Bli med i vårt team på Oseana – og sett ditt preg på kulturlivet i regionen!

Spørsmål om stillinga kan rettast til Direktør Ole Tobias Lindeberg +47 932 57 024.

Søknadsfrist: 30.05.2024 – send gjerne søknad i god tid før fristen.

Oppstartsdato er 01.10.24

 

Frist
30/05/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Oseana kunst- og kultursenter er eit kommunaleigd kulturhus i Os. Fordelt på 5 800 kvadratmeter finn du kultursal, restaurant, kunstutstilling og lokale til kurs, konferansar, møte og selskap.