Petter Dalane Quintet i svart-kvitt med lukka auge går rett i retro-hylla. Men likevel er det kanskje det friskaste som går føre seg på den norske jazzscenen i dag. (Foto: Sigrid Erdal)

Ballade jazz: – Eg må skuffe deg som treng eit klart svar på kva norsk jazz er

Ny musikk frå Morgonrode, Petter Dalane og Håvard Funderud! I kvar sine retningar er dei nyskapande og tradisjonelle på same tid – og gjer verda berre vanskelegare for dei som trivst i sitt eindimensjonale syn på norsk jazz.

Kalender

New York? New York?! Here we go again

25/05/2024 Kl. 17:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

25/05/2024 Kl. 19:00

Oslo

Roger Arve Vigulf og strykere

26/05/2024 Kl. 19

Vestfold og Telemark

Ensemble Ernst på Ridehuset

26/05/2024 Kl. 18.00

Oslo

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Biletet av norsk jazz har blitt så komplekst i dag at det ikkje er lett å treffe med verken satire eller dokumentarseriar. Så om det er slik at du har eit sterkt behov for å ha eit tydeleg definert og eindimensjonalt bilete av verda, så må eg skuffe deg.

Men slapp av! Eg skal berre peike på musikk for deg, altså!

Før i tida – har eg høyrt – var det slik at du hadde rockegjengen, jazzgjengen, klassiskgjengen. Slik er verken musikk eller publikum lenger.

På den eine sida har du dei som framleis heng igjen med eit inntrykk av at jazz er døllt og streit etter å ha høyrt det dei føler er køjazz på den lokale kafeen. Då vil du kanskje bli glad for å lytte til Håvard Funderud si eksplosive plate eller Morgonrode sin folkemusikkjazz 2.0.

Men så har du generasjonen som har vakse opp i ei mykje meir eklektisk og variert musikkverd – dei har til og med sett seg lei på at det «ikkje er lov» å spele streit, tradisjonelt, amerikansk…

Og her startar vi i dag – det mest ustreite er det streite i dag! Petter Dalane er endeleg ute med si første kvintett-plate som er utradisjonelt tradisjonell – og høgst i tida.

Petter Dalane – Quintet (Fjordgata Records 2024)
Pianisten Petter Dalane fekk tidleg merksemd gjennom sine outrerte jamsessions Petters jazzjam, Cosmic Swing Orchestra og anna villskap under studiene i Trondheim.

Petter Dalane elskar Thelonius Monk. Og det legg han ikkje skjul på i spelet. I det heile tatt. Allereie frå første spor, «Fem Hjul» er vi der. Og for å seie det med omslagsbiletet til Oddvar Torsheim, Beethovens Katt (1979) – FYTTIKATTA kor dette swingar!

Under mi første gjennomlytting tok eg meg sjølv i å stå og knipse ved grytene heime aleine på kjøkkenet. Heilt uironisk, skamlaus knipsing på to og fire.

I musikk som dette, så handlar alt om å vere på. Energien må vere der, og du må aldri, aldri sleppe tak i drivet. Og har du opplevd jazzmusikk på kafear, klubbar, restaurantar, der du har kjeda deg litt, eller tenkt på ord som køjazz (tenk alle i gruppa står i kø for å ha «sin solo»), så er det nesten alltid dette som har gått gale.

Det er ei giftig misforståing blant musikarar som berre er «innom» bop eller andre jazztradisjonar, at dei tek for lett på det «streite». Dei trur dei berre kan spele låtane og lire av seg noko ræl – men dei slappar av og med eit blunk er all energi sugd ut av rommet.

Petter Dalane – Quintet (Fjordgata Records 2024) – med eit nydeleg omslagsbilete signert ingen ringare enn Oddvar Torsheim. (Foto: )

Petter Dalane Quintet tek derimot denne musikken på blodig alvor. Dei dyrkar musikken der musikarane i si tid fekk bot for å spele feil. Ikkje veit eg om Dalane er like hard bandleiar, men eg nektar å tru at han delte ut mange bøter under innspelinga av Quintet. Du ser det intense blikket og kroppane for deg når du lyttar.

Samtlege i bandet er til ei kvar tid, bassist Alexander Riris sin solo i «UpUpUp!», eller ikkje minst trompetist Øyvind Mathisen – stort sett kvar gong han spelar. Også under balladen – her må verkeleg «Urtid» trekkast fram som eit høgdepunkt! Mathisen sin tone her er ut av denne verda, for å seie det på engelsk.

«Urtid» er også eit klasseeksempel på ei låt som kunne ha blitt så enormt kjeeeedelig – men med all intensiviteten Dalane og kvintetten legg i det, så oppstår det mykje av den same magien som eg berre opplever med plater det står Blue Note på, og er innspelt på 60-talet.

Dette er altså ei plate du heilt fint kan sette i platehylla og vite at du har kjøpt ein moderne norsk jazzklassikar.

Morgonrode – Det som blir (Talik 2024)
I den heilt andre retninga av norsk jazz står Morgonrode – midt i folkemusikk og jazz – men er resultatet av post-jazzfolkemusikk. Det er 2.0. Eller kanskje 2.3 til og med. For sidan starten i 2019 har uttrykket både blitt meir allsidig og meir fokusert på det tredje albumet Det som blir. Musikarane i Morgonrode er aktive i ei vid sjangerbredde utanom denne gruppa, og det gjer den klanglege grobotnen i Morgonrode berre meir og meir fruktbar.

Vi får full groove i «Sniken» – full groove i trommer og bass, og groovy drag i tre feler. Her legg vi med ein gong merke til kreativ produksjon og mix. Ein befriande tendens vi ser stadig oftare, det å gi «bæng» i det akustiske idealet der ein for ein kvar pris skal gjengi det autentiske live-uttrykket. I staden for dyrkar ein bearbeidinga ein kan gjere med lydmateriale på ei slik utgjeving.

Morgonrode – Det som blir (Talik 2024). (Foto: )

Så kjem eit tidleg høgdepunkt. På «Den som går ut» høyrer vi først Helga Myhr synge teksten på ein enkel tone, med bassist Fredrik Luhr Dietrichson og felespelar Rasmus Kjorstad forme harmoniane rundt.

Så kjem brotet, med Selma French si andrestemme i vokalen, og grooven set inn. Myhr held på den same tonen. «Den som går ut» og «Til Fatou» er bunnsolid utført – både med tanke på komposisjon, lydbilete og produksjon, og blir eksempelet som løftar Morgonrode til klanglege himlar. Stovemusikk vert musikk for store scener.

Og i denne lydlege konteksten her blir eitt av dei siste spora, «En kjærlig avskjed», ekstra sterk.

Håvard N. Funderud – The Birds Sing A Pretty Song (Nice Things Records 2024)
Ei enorm fanfare med to trommisar, blåsarar frå avstand opnar – «Do you see creamed corn on that plate?» Gitarist Håvard N. Funderud flyt oppå, og gir assosiasjonar til John Abercrombie sine energiske gitarsvev på 70-talet.

Dette er retro 70-tals på mange vis. Og som med swingande Petter Dalane sin nostalgi, så treff Funderud rett i samtida med The Birds Sing A Pretty Song. Kollasjen på omslaget er eit godt bilete på musikken – ein kollasj av musikalske uttrykk der somme element er tydelege og lette å kjenne att, medan andre er meir absurde og abstrakte.

I dei meir musikalsk abstrakte partia blir lydutforskinga hovedappellen, men heile vegen høyrer vi ein logisk samanheng med det meir riffete, melodiske og rockete.

Og akkurat den balansen mellom to ulike uttrykk er kanskje det sterkaste kortet til Funderud, og løftar The Birds Sing a Pretty Song opp til ein debut (i alle fall under eige namn) som ber bod om kreativ nyskaping i mykje større grad enn ein fetisj for vintagejazz.

Håvard N. Funderud – The Birds Sing A Pretty Song (Nice Things Records 2024). (Foto: )

Dette er djuptreflekterande frimusikk, som mest av alt er leikent nysgjerrig. Difor er det også særleg moro å høyre leiken mellom trommeslagarane Tore Ljøkelsøy og Ingvald Vassbø, som i forholdsvis ulike stilretningar når det kjem til trommesettet utfyller kvarandre til eit enormt uttrykk i seg sjølv.

Fleire gongar er også her innspelinga bearbeida kreativt i etterkant, eit slags musikalsk metagrep der dei bryt med illusjonen om det reine liveopptaket.

Heile den maksimalistiske lydkollasjen som denne plata er, blir avslutta med ein befriande fokusert ballade, «The milk will get cold on you pretty soon». Her høyrer vi eksperimentelle lydar få smektande gitarharmoniar og ein vakker melodi. Det er imponerande kor godt Funderud får denne eklektiske tilnærminga til å funke.

 

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.