Hopp til innhald
Liv Andrea Hauge trio

Vår mann i jazz skrudde forventningane høgt før Liv Andrea Hauge Trio si første studioplate: – Denne plata hamnar øvst i søndagsbunken blant vinylsamlinga.(Foto: Foto-Amanda-Iversen-Orlich-1024x1024)

Norske, ville blomster best i jazzbunken nett no

Ballade jazz-favoritt:

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Meldt: Liv Andrea Hauge Trio – Ville blomster (album, Hubro 2024) 

I 2022 var eg overbegeistra for denne trioen, med liveplata innspelt i stova, Live from St. Hanshaugen. Med større ensemble begeistra også Hva nå, Ekko? i 2023. Når trioen til Liv Andrea Hauge no er ute med sitt første studioalbum, er forventingane høge.

Dette er ei av platemeldingane du fikk i Ballade jazz tidligare i februar. Finn fleire aktuelle plater i Hovland si spalte her.

Frå første låt, «Det vokser ville blomster på månen», er vi inne i stova igjen. Dette er lun og intim musikk. Låtane er tydelege, enkle, og ofte med ein nynnande karakter. Men musikken held seg ikkje berre i overflata. Trioen reflekterer gjennom improvisasjonar, ofte over komplekse musikalske tankar.

Hauge og trioen er solid røta i jazztriotradisjonar – Keith Jarrett, Christian Wallumrød. Maria Kannegaard. Og i somme av låtane er tradisjonen særleg tydeleg. I «Asta» høyrer vi kanskje ekko av Thelonius Monks Bemsha Swing, eller Bill Evans sin Nardis. Og dette er noko av vi det elskar med jazztradisjonen – at det heile vegen er ein dialog med dei som kom før. Det er musikk av musikarar som er fans og som elskar å vere inne i denne musikken.

Liv Andrea Hauge – Ville blomster (Hubro 2024) (Foto: )

Bassist Georgia Wartel Collins leverer nokre finurlege bassoloar, samtidig som ho gjennom minimalt spel beveger kjenslene gjennom harmoniseringa. Og på trommene skaper August Glännestrand eit klangrom der tonane frå Collins og Hauge møter refleksjonar – både motstand og andre gongar understreking. 

Eg konkluderer tidleg med at denne plata hamnar øvst i søndagsbunken blant vinylsamlinga.

Plata kom ut 2. februar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Liv Andrea Hauge Trio

Ballade jazz: Popmord, Ginnungagap og ville blomster på toppen av platebunken

Ballades kritikar Torkjell Hovland er tilbake med spalta si, no under namnet Ballade jazz. Her er den beste musikken frå...

Stillbilde fra musikkvideo til Anna Soleil

Ballade video: Når skogen snakker sammen  

Ni nye videoer med Luíra, Anna Soleil, Jan Bang & Dai Fujikura, hyper.sensei, The Late Great, Orango, Marbles, Skambankt og...

25 feb

Ballade video: Poesi for usikre tider

Invasjonen av Ukraina preger oss alle. Også norske musikere har vært tidlig ute med å kommentere situasjonen. En av dem...

OAUXRwmA

Musikk som vil fargelegge livet ditt

Om framsida av avisene teiknar eit grått bilete av verda, så gjer desse musikarane det dei kan for å setje...

Inger Hannisdal og Khalid Laaouam

Erfaren debutant overbeviser med si reisedagbok

Ikkje alle fusjoner er vellukka. Men Inger Hannisdal har kome heim og fortel oss heile musikalske forteljingar på si første...

Flere saker

Arvid Skancke Knutsen og Thor Gotaas

Helteskurker, taterblod og vandrehistorier: Hør Thor Gotaas om skillingsviser

Møt skurker og helter fra ganske nær fortid når Ballade radio vandrer sammen med de gamle skillingsvisene.

Ariadne Foto: Erika Hebbert

Musikkritikerprisen til Lise Davidsen

Davidsen får prisen for sin tolkning av tittelrollen i Nordnorsk opera og symfoniorkesters oppsetning av Richard Strauss’ opera Ariadne auf...

Illustrasjonsbilde

Utfordrer stortingspolitikere om lavere andel norsk musikk

Hvorfor hører vi stadig mindre norskprodusert musikk, når den gjør det så bra internasjonalt? Høyre, SV, Senterpartiet og Venstre stiller...