
Erfaren debutant overbeviser med si reisedagbok
Ikkje alle fusjoner er vellukka. Men Inger Hannisdal har kome heim og fortel oss heile musikalske forteljingar på si første plate.
Og Liv Andrea Hauge Trio har gitt ut eit opptak frå ein liten stovekonsert som kan ende opp som ei av årets beste norske jazzplater.

Torkjell Hovland er kritikar i Ballade og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)
Verda i øyra: Etterklangen etter Oslo World kling framleis i meg to veker etter endt festival. Stemma til pakistansk-amerikanske Arooj Aftab på den nye scena i pilestredet Trekanten, munnharpe-housen frå Tuvas Blodklubb i kjellaren på Riksscenen, den sjølvsikre utstrålinga til Cherie Mwangi og Jelassi på hiphopfesten på Parkteateret. Og Knut Reiersrud og Bombino som du kan lese om og høyre meir om her.
Det blir med meg inn haustmørket. Og som så mange gongar før var den rå, intime klubbscena Hærverk som inviterte til den heilagste stunda, når Inger Hannisdal hadde sleppfest av North South East West (Jazzland 2022). Rommet er varmt i alle meiningar av ordet. Det er noko vakkert med å sjå ein prominent ECM-saksofonist sitje på golvet for eksempel.
Etter ein musikalsk oppvekst der vestleg klassisk musikk og jazz var sentralt reiste fiolinist Inger Hannisdal til Paris for å studere Midtøsten- og Middelhavsstudier ved Sciences Po og sidan til Libanon der ho studerte arabisk musikk ved Université Antonine. Der kom ho i samspel med fleire uttrykk frå folkemusikken der, og var mellom anna med i den syriske folkemusikkgruppa Assa’aleek.
På si første utgjeving under eige namn får vi høyre hennar musikalske refleksjonar, hennar forteljingar i eit uttrykk som har all denne historien i seg – North, South, East, West. Med seg har ho Frode Haltli, Adrian Myhr, Michaela Antalova, Khalid Laaouam. Det er musikalsk fleirspråklege musikarar som kan kunsten å gjere kva som helst slags tonemateriale til sitt eige.
Før og etter konserten har eg høyrt på plata heime, og ute på gåturar, og kvar gong er det som om eg får djupare innsikt.

Inger Hannisdal North East South West (Jazzland 2022) (Foto: Jazzland)
Det er ein umiddelbart hypnotiserande klang som møter oss. Her er det ein nysgjerrig leik med tonalitet og klangslektskap som pirkar borti assosiasjonar vi ikkje klarer å plassere med ein gong.
«Demring» er kanskje nærmast ein salme. Det er som om eit trøorgel frå eit bedehus har blitt blåst ut i eit orkester. På denne låta møter vi også saksofonist Khalid Laaouam for første gong som solist. Laaouam er født i Marokko og har eit utrulig interessant saksofonspel. Her går han kreativt til verks med skalaane i låta.
Frode Haltli har tatt med seg kvarttone-trekkspel, eit trekkspel med promille, iallefall slik Haltli behandlar det. Han plukkar tak i tonar frå Hannisdal og Laaouam og vrir dei ekstra godt til.
Inger Hannisdal spelar intenst, med ein energi og vilje til å formidle musikken. På «Virvler – Swirls», riv ho og slit i strengane i sin solo og på «Seil – sails» slår ho på strengane som ei tromme. Dette var høgdepunktet også live – viljen i spelet. Det fins nok av eksempel i same musikalske slekt der uttrykket blir forfina og pussa ned til eit innhaldslaust velvere. Men nei, her er det rein energi som skitnar til uttrykket og dermed opnar opp kjensler i musikken som smittar over på lyttaren.
Komposisjonane er modige, og det framstår som om Hannisdal har vore kompromisslaus ovanfor idear og kreative innfall. Den nesten fusion-aktige hurtige skalaløpet på «Stryk – Rapids» er døme på dette. Men til forskjell for det ein kan skulde ein del fusion for, så er det komplekse, virtuositeten her ikkje eit hovudpoeng, men nødvendig for ideen – det må vere slik. Dei små melankolske snuttane som «Berceuse» og «Taqasim» skil seg ut i formatet, men bidreg til ei heilskapleg oppleving på plata som ei reise.
Under ligg heile vegen bassist Adrian Myhr og trommeslagar Michaela Antalova. Desse er sentrale. Myhr er forsiktig i anslaget på kontrabassen, men det er fascinerande frampå og presist. Det er distinkt både i rolege passasjer og i dei mest rytmisk heftige låtane der også taktartane er skeive. Mot slutten får vi «Glitter», som er eit varmt ullpledd av ein melodi. Og her slår det meg at Michaela Antalova sin touch er så latterleg bra, og er minst like sentral for opplevinga av både melodi og harmoni som dei andre instrumenta. Ho set tonane i kontekst.
Liv Andrea Hauge Trio – Live from St. Hanshaugen (Liv Andrea Hauge 2022)
Eg må fortelje om Liv Andrea Hauge til alle eg møter! Liv Andrea Hauge har gitt ut ei kort liveplate spelt inn i ei stove på St. Hanshaugen med eit lite publikum. Med bassist Georgia Wartel Collins, og trommeslagar August Glännestrand. Arven etter Christian Wallumrøds trio Close Erase frå tidleg 2000-tal er tydeleg, som i si tid hadde tydeleg arv i frå for eksempel Paul Bley. Tradisjonen i intim stovepianojazz står sterkt i norsk jazzscene framleis. Det er ein slags minimal pianojazz, eit konsentrat der enkle riff eller melodiar. Då er det også heilt rett at plata blir spelt inn slik.
På ein måte såg denne plata ut som eit enkelt liveopptak slengt ut på Soundcloud, nærmast i forbifarta i påvente av ei «årntli» studioinnspeling. Men eg trur at hemmelegheita ligg i nettopp dette enkle.
Alle tre musikarane høyrest avslappa og leikne ut. Det er upretensiøst.
Eg har mista teljinga over kor mange gongar eg har høyrt denne vesle liveplata. Det er berre fem låtar, fire om du ikkje tel med to takes av «Telthusbakken». 33 minutt. Og kvar låt er ein hit! Frå opninga «Mr. Gluck», der Hauge pirrer seg framover i låta med enkle tersar over Collins og Glännestrand sinn subtile groove. Livsglade «Telthusbakken», der Hauge kastar seg ut i ein vilt morsom solo. «I august» er ei låt som like gjerne kunne vore gitt ut som epilog på ei Radiohead-plate, med den intime vokalen i bakgrunnen.
Det jo rett og slett så enkelt at det er skikkelig gøy å høyre på!
Og det er kanskje solisten Liv Andrea Hauge som er den største sensasjonen her. Ho har ikkje berre den enkle smakfulle sansen for melodiar, men ho har ein touch som groovar noko infernalsk. Det er akkurat som ho bremsar, held tilbake slik at høgdepunkta med eit bestemt løp får full effekt. Og som med Hannisdal så er det det kompromisslause i ideane hennar – ho står i det. Det uforfina og ærlege, og kjærleiken for «soundet».
Liv Andrea Hauge kjem også snart med musikk med sin trio Kongle Trio, her med Veslemøy Narvesen og Øystein Skjelstad Østensen, som mellom anna vann årets unge jazzmusikere 2020. Og på fredag kom også den trioen ut med første single frå det komande livealbumet frå Moldejazz-konserten under Jazzintro. «Nattog til Trondheim» er ein fristande forsmak på endå meir pianokreativitet frå Liv Andrea Hauge.
Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.
Ledige stillinger
Daglig leder
Dokkhuset Scene asSøknadsfrist:15/03/2025
Jobb med musikk i Brasil og Malawi!
JM NorwaySøknadsfrist:02/03/2025
Kunstnerisk plansjef
Trondheim Symfoniorkester & OperaSøknadsfrist:12/03/2025
Orkesterregissør
Oslo-filharmonienSøknadsfrist:23/02/2025
Daglig leder
Trondheim JazzfestivalSøknadsfrist:24/02/2025