Bombino på Cosmopolite: Han spelte med heile kroppen - utan hemningar. (Foto: Lars Opstad)

To av verdas skarpaste gitaristar rundt bålet på Torshov

Knut Reiersrud og Bombino spelte for eit lydhørt og feststemt Oslo World-publikum på Cosmopolite. Det var ein fest, sjølv om Ballades meldar gjerne skulle høyrt meir variert samspel mellom dei to gitaristane.

Kalender

CHIAROSCURO QUARTET: Himmelske melodier

31/01/2023 Kl. 19.00

Oslo

Operapub i Teaterkjeller’n 1. februar

01/02/2023 Kl. 21:00

Oslo

Portrettkonsert – Harpreet Bansal

01/02/2023 Kl. 19.00

Oslo

LYTTELUNSJ med Kenneth Karlsson

03/02/2023 Kl. 11.30

Viken

Det kom meg for øyre i vår at Reiersrud skulle spele med den nigerske ørkenbluespionéren Bombino. Koplinga har pirra fantasien i øyrene sidan den dagen.

Knut Reiersrud er i dag minst like utforskande som før, også gjennnom Bluesasylet der han like gjerne snakkar om klassisk musikk og hip hop som blues – gjerne på jakt etter koplingar mellom tradisjonane verda over. Og han er heile vegen på jakt etter nye perspektiv – det er oppvakt å spele av utdrag frå Questlove sin podkast A Love Supreme  på P2. Hans modige prosjekt i samspel med orkestermusikk frå Dvorak, Beethoven, Schubert og Brahms er andre døme på hans vide musikalske horisont.

Denne meldinga er ein versjon av Ballade-satsinga Vi må snakke om musikk … som også gjerast som radiosamtale. Høyr den her.

Cosmopolite feirar 30 år neste veke – det er ein skatt. Og rommet på gamle Soria Moria Torshov er godt å vere i – reint fysisk er rommet inkluderande. Ein står liksom midt i det same kvar du står i rommet. Eg stiller meg ved miksepulten i god tid før konserten og speidar utover publikum med eit smil. Det er liksom eit heilt spesielt «community» rundt Cosmopolite og Oslo World. Det er stor variasjon i publikumsmassen denne kvelden, også i alder.

Reiersrud går på scena i med skøytelue i kjent lunt humør. Han er ein Folkemusikar med stor F, og ein musikar som lyttar og hentar inspirasjonar verda over, og går i samspel med tradisjonane. Det kjennest rett å oppleve han på Oslo World, og at han deler scene med Bombino.

Knut Reiersrud med sin dobbelhalsa gitar. (Foto: Nuno Pissarra)

Han startar med ein spesiell dobbelhalsa gitar. Etter settet sitt, kan han fortelje at han fann denne gitaren på loftet med ein lapp oppi: «Blind Boys of Alabama recording 1994 … Jeg har ikke brukt gitaren på 28 år!». Slikt ligg det magi i.

Han opnar i samspel med effektpedalane sine – det hakkar litt i timingen før han treff med ekkoet, men Reiersrud-kjennarar nynnar snart «Everybody ought to treat a stranger right …» Reiersrud fangar merksemda frå publikum som om scena var eit bål å varme seg på. Det er nedpå og lunt.

Spelet til Reiersrud er umiskjenneleg. Han spelar enda skitnare enn før, litt meir slurv – men med positivt forteikn. Som for eksempel gitarbror John Scofield, så blir spelet berre betre og betre med åra etterkvart som dei slurvar det til. Dette er eit spesielt fenomen for gitaristar som eg legg meir og meir merke til. Det er akkurat som dei gjennom ei lang karriere med eit vanvittig teknisk overskot blir meir slurvete og på den måten avslører kva som er kjernen i spelet, bumerket kjem klårare fram.

Effektane han brukar er eg ambivalent til. Av og til fungerer det godt, men fleire gongar gjer effektbruken at lydbiletet inn i mellom blir datert. Det luktar tidleg 2000-tal. Men samtidig treng det ikkje vere noko gale i tidleg 2000-tal – nostalgien er god og sterk i «shimmering»-effekta, som du for eksempel kan høyre på Sweet showers of rain (KKV 2001) og gjennom hans essensielle bidrag på Lullabies from the axis of evil (KKV 2004).

Likevel er det det tørre spelet, med minimum av filtrert lyd, som er høgdepunkta. Og i repertoaret frå 2020-EPen Ballads from the 20s vol 1 får vi det. Eg blir varm av den lune stemma. Den er talenær, og stille. Settet hans blir ein slags sirkelkomposisjon i det han repeterer «You ought to treat a stranger right». Det er jo ein fin bodskap å sende publikum ut i verda med.

Oumara Moctar, betre kjent som Bombino. (Foto: Lars Opstad)

Det er elektrisk stemning i det Omara «Bombino» Moctar går på scena og byrjar å spele utan noko om og men, han berre snublar i gong med ellevilt gitarspel før bandkameratane er ferdig tilkopla. Allereie her er slektskapen med Reiersrud tydeleg – dei har eit upretensiøst, ikkje-heilagt forhold til konsertsituasjonen. Det er ikkje teater.

Bombino er frå Niger og tilhøyrer folkegruppa tuaregane. Saman med for eksempel Tinariwen har han vore av dei fremste representantane for tuaregane sin særeigna bluesmusikk, ofte kalla ørkenblues som enkelt sagt koplar afrikansk tradisjonsmusikk og amerikansk blues – og rocktradisjon – som igjen er basert på ulike afrikansk musikktradisjonar. Høyrer du på Bluesasylet, så kan du dette. Omara Moctar er 42 år, og byrja å spele gitar i 9-årsalderen. I eit intervju med New York Times fortel han at han høyrde både Dire Straits og Jimi Hendrix utan å vite kva det var først. Han høyrde nemleg kassettar der etiketten var slitt vekk. Eit vakkert bilete på utviklinga av tradisjonane.

I dag påvirkar Bombino gitaristar og musikarar i alle sjangrar. Ikkje berre har han eit virtuost teknisk overskot, men når eg ser han på scena latar det til at han ikkje eig hemningar i spelet sitt. Energien er meir frampå rocka enn for eksempel Tinariwen. Bombino spelar smilande og med heile kroppen. Det blir det musikk av.

Til felles med Reiersrud har han også denne knivskarpe snerten i anslaget, godt hjelpt av ein Fender Telecaster, kjent for sin tydelege diskant. Ein kan godt forstå at dei likar kvarandre, og høgdepunktet kjem i det Reiersrud blir med Bombino på scena for ivrig gitarleik.

Bandet han har med seg fylgjer gitarleiken for fullt. Trommeslagar Corey Wilhelm er kanskje den som får meg til å gispe mest – han har lagt bak seg eit maraton av ein konserten. Han slår beinhardt – BEINHARDT – og legg til rette for at gitaren kan hyle på medan folket dansar. Det er ikkje mange tonane Bombino treng spele før ein får kick.

Den gira energien låser dei kanskje litt i «ta av»-modus, og eigentleg kjenner eg meg litt skuffa over at eg ikkje fekk høyre meir variert samspel mellom Reiersrud og Bombino. Dei har mykje musikalsk å «prate» om, og øyrene mine strekk seg mot backstagen. Eg kan berre høyre for meg den gitarleiken før og etter dei gjekk på scena.

Bombino og Knut Reiersrud i samspel. (Foto: Nuno Pissarra)

 

Les også det fyldige intervjuet Ballade.no gjorde med Reiersrud i fjor:

Knut Reiersrud sprer sine vinger i skumringen

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev