Musikk som vil fargelegge livet ditt
Om framsida av avisene teiknar eit grått bilete av verda, så gjer desse musikarane det dei kan for å setje fargar på ho igjen. Liv Andrea Hauge, Knut Kvifte Nesheim og Karl Seglem har alle gitt ut fantasifulle plater.
– Takk! Takk, alle de som skaper musikk! Verda kan søren meg vere grå utan dykk.
Kvar gong eg er så lur at eg legg meg rett ut og lyttar til musikk, så blir eg fylt med ei kjensle av meining. Og lyttar du til alt som kjem ut av musikk her til lands, så har du timesvis med slike opplevingar – kvar veke om du vil.
Ein av landets mest spennande folkemusikkgrupper, Ævestaden, slepte sin første singel frå det komande andrealbumet sitt på fredag – lytt til «Dråper». Dei har løfta uttrykket eit steg vidare opp sidan debutplata i 2021, Ingen Mere Gråter. «Dråper» er kreativ på alle måtar, legg spesielt merke til bruken av elektronikk som går hand i hand med strengeinstrument og songstemmer. Eg gler meg til eit album i denne lydverda!
Felles for all musikken eg skriv om her er dette – det er fantasirik musikk som, om du opnar deg opp for den, fargelegg verda for deg. Så til albuma:
Knut Kvifte Nesheim & OJKOS – Graosido (Taragot 2023)
Perkusjonist og komponist Knut Kvifte Nesheim var ein av dei som var med å starte Orkesteret for Jazzkomponister i Oslo (OJKOS) i 2018. Nesheim spelar både slagverk og melodisk perkusjon, og dette pregar han som komponist på Graosido. Kalla opp etter fjellmassivet han ser ved slektsgarden hans like ved Voss.
«Lønahorgi» veks organisk opp av eit flettverk av rytmer. Motiva som glir i hop i loop er i same språk som Steve Reich skriv – lytt til «Electric Counterpoint», for eksempel. Vi er allereie inne på det sentrale.
Det er nemleg komponisten Nesheim som er høgdepunktet på denne utgjevinga. Komposisjonane er enormt sterke. Eg vil seie kloke. Kloke på den måten at Nesheim på kvar komposisjon har gått dei ekstra rundene, ikkje gitt seg med det første innfallet. Dette gjer at musikken har blitt utrulig fantasirik og biletsterk. Det er berre å late att augo, så er du på veg innover skogen, fjellet, ein storby.
«Grøvona» opnar med stillferdige og glidande harmoniar, før vi tek av i eit voldsomt køyr! «Tjørni» er fantastisk moro musikk – det er ein fri leik med lydar og klangar, og ei finjustert instrumentering, heilt perfekt balansert. Og ein vandrande groove som stoppar opp og observerer – høyrer du? Denne musikken ber om å bli remixa på same måte som Andreas Rotevatn si OJKOS-plate vart.
På «Taoe» leverer pianist Clément Merienne ein pianosolo full av liv og variasjonar – eit høgdepunkt i lyttinga! Interessant er det også her å lytte til Nesheims kreative bruk av trommene, lytt til korleis han «syng» med dei ulike trommene.
«Vadlasletta» som avslutter Graosido veks og veks eit slag om gongen. Det er komplekse klangar presentert ukomplisert og som det mest naturlege i verda. Slikt kjem utelukkande av godt komponisthandverk.
Liv Andrea Hauge Ensemble – Hva Nå, Ekko? (ODIN/Grappa 2023)
Liv Andrea Hauge er ein av dei musikarane som har gjort sterkast inntrykk på meg dei siste åra. Eg meinar framleis at trioplata spelt inn i stova på St. Hanshaugen har noko heilt spesielt levande ved seg. Og det handlar først og fremst om måten Hauge nærmar seg flygelet. Ho står i ein tradisjon med Christian Wallumrød og Maria Kannegaard som naturlege referansepunkt, men vi høyrer allereie at ho har enormt mange nye uttrykk framfor seg.
Det er difor med høge forventingar at eg spelar av første album med Liv Andrea Hauge Ensemble.
Hva nå, Ekko? er eit tingingsverk av Liv Andrea Hauge, skrive for Festspillene Helgeland 2022. Musikken utforskar forteljinga om Ekko som forelskar seg i Narcissisus.
Plata opnar med ein presentasjon av heile ensemblet, som ei forsiktig fanfare. Og allereie høyrer vi alle fargane.
Hauge har nemleg invitert inn sterke musikarar, alle med personleg tydelege uttrykk. Spesielt er det eit gjevande samspel mellom Liv Andrea på flygel og Marte Eberson på Rhodes og synth – for så vidt ein duo eg gjerne ville opplevd live. Dei lyttar seg inn i kvarandre sitt spel og har nærmast ein felles intuisjon.. Lytt til den leikne introen på «All is changing» – tankane går til Keith Jarrett og Chick Corea med Miles Davis på syttitalet.
Komposisjonane er skreddarsydde for desse musikarane, og Hauge har skapt eit rom med fleire dimensjonar. Saksofonist Signe Emmeluth, songar Ragnhild Moan og trompetist Torstein Lavik Larsen skaper eit luftig rom som tonane får sveve rundt i. Som ei utviding av rytmikken i flygelet, ligg trommeslagar Andreas Skår Winther og bassist Fredrik Luhr Dietrichson som limt på høgrehanda til Hauge.
Høgdepunktet for meg er dei mest poppa balladene – smektande «Again», for eksempel, med nokre finurlege harmoniske vendingar.
Karl Seglem – Ei Aning Grønt (Nye Nor 2023)
Karl Seglem står for seg sjølv i det norske jazz- og folkemusikklandskapet. På Ei Aning Grønt har han valt å fokusere på tenorsaksofonen, men ofte nærmar han seg saksofonen som bukkehornet. Seglem lét som Seglem, men det er djupt røta tradisjonar i spelet hans – ikkje berre frå folkemusikken, men frå både eldre og nye jazztradisjonar.
Det er først på andresporet, «Volve», at porten til lydverda endeleg opnar seg. Det er Håkon Høgemo og Erlend Viken på hardingfeler som driv det framover her, sjølv med solid bass- og trommegroove frå Sigurd Hole og Jonas Howden Sjøvaag.
Innspelingane er gjort mellom 2017 og 2022, med ulike musikarar. Desse musikarane set sine bumerke på kvart enkelt spor, men med Seglem som grunnvoll, så høyrer vi Ei Aning Grønt som ein heilskap.
Det er spesielt tydeleg i låtar som «Travaren», eit høgdepunkt. Der saksofonen glir i hop med munnharpe og feler. Det er eit utrulig stilig klangbilete som oppstår i den grooven, det dansar framover. Dette uttrykket er kanskje det eg mest av alt set pris på med Seglem. Det har liksom blitt ein heilt eigen stil utan å etterlikne nokon.
For ja – Karl Seglem står for seg sjølv i det norske jazzlandskapet. Han skil seg frå dei andre norske musikarane i spennet mellom jazz og folkemusikk. Der dei fleste går litt meir mot den eine eller andre sida, så står Seglem sitt uttrykk midt i – Seglem er Seglem.
Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland omtaler og anbefalinger av ny, jazzbeslekta musikk – rundt rekker av sammenhenger mellom uttrykkene og musikkens tilblivelse.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.
Ledige stillinger
Førsteamanuensis i låtskriving og musikkproduksjon
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025
Tenortrombonist
Forsvarets musikkSøknadsfrist:20/12/2024
Nestgruppeleder bratsj
Kilden teater og konserthusSøknadsfrist:16/12/2024
Prosjektansvarlig
IFPI NorgeSøknadsfrist:09/12/2024
Kunstnerisk leder Trondheim Voices
Stiftelsen Midtnorsk jazzsenterSøknadsfrist:15/01/2025