Forventingane var høge til Liv Andrea Hauge Trio si første studioplate: – Eg konkluderer tidleg med at denne plata hamnar øvst i søndagsbunken blant vinylsamlinga, skriv Ballades kritikar Torkjell Hovland. (Foto: Magnhild Rønning Omholt)

Ballade jazz: Popmord, Ginnungagap og ville blomster på toppen av platebunken

Ballades kritikar Torkjell Hovland er tilbake med spalta si, no under namnet Ballade jazz. Her er den beste musikken frå jazz og omeign i årets første månad.

Kalender

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Det eg vil i denne spalta, er å ein gong i månaden presentere det som har fanga øyret mitt frå jazz og landskapet rundt. Men håpet mitt er at du berre skal lytte – med opne øyrer til opne musikarar.

Og i 2024 startar året med solide lytteopplevingar.

Hans Kjorstad og Ernst Reijseger – Gap of Ginn (Motvind 2024)

Den nederlandske cellisten Ernst Reijseger er ein veteran. Han har mellom anna laga musikk til filmar av Werner Herzog, og mitt første møte med Reijseger var den sakrale musikken han laga med det korsikanske mannskoret A Filletta. Han er enormt virtuos, men først og fremst lyttande open i møte med lyd, klang, musikk. Om det er tradisjonsmusikk, friimpro, barokkmusikk.

Hans Kjorstad og Ernst Reijseger – Gap of Ginn (Motvind 2024) (Foto: Motvind)

Då er det kanskje ikkje rart at felespelaren Hans P. Kjorstad vekte interessen til nederlenderen. Gap of Ginn har dei to møtt kvarandre med nyfikne.

Lyden er porøs, skjør. Somme gongar lét det som dei spelar på tynt rispapir, men med ei intens kraft i bogen. Og nettopp i denne motsetnaden oppstår musikken. Det sterke gjennom det skjøre. Som natur.

I tillegg til fela og celloen, har dei også med seg fleire små harmonium, og Reijseger syng eller plystrar ein del også. Det strøymer heile vegen inspirert frå dei to, og det er særleg interessant med dei mest harmoniske, melodiøse improviserte delane. 

Då dei framførte musikken under All Ears på Munch førre helg, var noko av det eg la mest merke til korleis dei to utfordra kvarandre gjennom leik. Dei kastar seg ikkje nødvendigvis på kvarandre sine initiativ til ei kvar tid, men svarar like ofte med ein kontrast. Det oppstår liksom ein tredje ting.

Så sjølv om musikken inviterer til meditativ lytting, så er det musikk som har mykje spark i seg, akkurat som han manar til kamp – for det skjøre.

Liv Andrea Hauge Trio – Ville blomster (Hubro 2024) 

Liv Andrea Hauge – Ville blomster (Hubro 2024) (Foto: )

I 2022 var eg overbegeistra for denne trioen, med liveplata innspelt i stova, Live from St. Hanshaugen. Med større ensemble begeistra også Hva nå, Ekko? i 2023. Når trioen til Liv Andrea Hauge no er ute med sitt første studioalbum, er forventingane høge.

Frå første låt, «Det vokser ville blomster på månen», er vi inne i stova igjen. Dette er lun og intim musikk. Låtane er tydelege, enkle, og ofte med ein nynnande karakter. Men musikken held seg ikkje berre i overflata. Trioen reflekterer gjennom improvisasjonar, ofte over komplekse musikalske tankar.

Hauge og trioen er solid røta i jazztriotradisjonar – Keith Jarrett, Christian Wallumrød. Maria Kannegaard. Og i somme av låtane er tradisjonen særleg tydeleg. I «Asta» høyrer vi kanskje ekko av Thelonius Monks Bemsha Swing, eller Bill Evans sin Nardis. Og dette er noko av vi det elskar med jazztradisjonen – at det heile vegen er ein dialog med dei som kom før. Det er musikk av musikarar som er fans og som elskar å vere inne i denne musikken.

Bassist Georgia Wartel Collins leverer nokre finurlege bassoloar, samtidig som ho gjennom minimalt spel beveger kjenslene gjennom harmoniseringa. Og på trommene skaper August Glännestrand eit klangrom der tonane frå Collins og Hauge møter refleksjonar – både motstand og andre gongar understreking. 

Eg konkluderer tidleg med at denne plata hamnar øvst i søndagsbunken blant vinylsamlinga.

Plata er ute 2. februar, men her kan du høyre første singel, «Gullregn»:

Ragnhild og – To Renovate a House (CrazyPop Records 2024)

Ragnhild og, To Renovate a House (CrazyPop Records, 2024) (Foto: )

Ragnhild og er soloprosjektet til Ragnhild Moan, kjent frå mellom anna elektronikatrioen han gaiden og ¡BangBang Watergun!

To Renovate a House liknar på mange måtar identiteten til begge desse banda, i tillegg til at jazzbakgrunnen står sterkt. Gjennom solid låthandverk, gjennomtenkt lydbilete, kreative og lydleikande tekster, syner Moan seg som ein av dei vi kan vente oss mykje frå dei neste åra. Vi høyrer nemleg ei bredde i ideane hennar på To Renovate a House – vi høyrer at det kjem meir.

Moan har med seg identitetssterke musikarar på plata, medvokalist og elektronikar Andrea Louise Horstad og Johannes Nøkling Aagaard set sine tydelege preg på plata. Tangentfavoritt Kai von der Lippe (Why Kai, Fieh) snik inn jazzlinjer på tittellåta.

Det er mykje fengjande materiale her, som «The Past», med ein rytmisk, deilig synthgroove som droppar og smell i høgtalarane, og vi blir løfta ut i svevet av gitarist Aagaard.

«I Have You» har noko merksnodig over seg, med spesielt sterke vendingar i harmonikken, som også løftar uttrykket ut frå det reine poputtrykket. Samtidig er To Renovate a House ei heilskapleg sterk plate, som innimellom har meditative pusterom. Som for eksempel den vakre avslutninga, «Wasted Times».

Jan Bang – Reading the Air (Jazzland Recordings/Punkt Editions 2024)

Jan Bang – Reading The Air (Jazzland Recordings/Punkt Editions 2024) (Foto: )

Er det Sting?, spurde ein i naborommet då eg sette på Jan Bangs Reading the Air. Det er iallefall snarlikt både stemmeklangen og stemmebruken til Sting når Jan Bang syng opningslåta «Nameless» saman med legenden Anneli Drecker. Bang er i tillegg til platene under eige namn i dag mest kjent gjennom samarbeid med folk som David Sylvian, Arve Henriksen, Nils Petter Molvær og Erik Honoré. 

Men i 1998 gav han ut ei plate der han song – plata Pop Killer, med naturleg nok eit anna uttrykk enn det han no, 26 år etter, kjem med. Samtidig så er det ei moglegheit til å gå tilbake i bunken og lytte til denne kultklassikaren. Det er noko i uttrykket på Pop Killer som i 2024 høyrer naturleg og i tida ut, og linjene derfrå fram til Reading The Air i dag, gjer det til ei plate som står seg sterkt i dag. 

Inspirasjonen frå David Sylvian er også tydeleg her. I «Food For the Journey» for eksempel, kan vi lett assosiere til Sylvians legendariske Secrets of the Beehive.

Naturleg nok, med Jan Bangs enorme erfaring med lydlandskap saman med andre, så lét denne plata enormt bra. Berre lyden av den er liksom nok. Gjennom Bang sine opne øyrer får for eksempel blåseinstrumentet duduk eit naturleg klangrom. Her spelt av dudukspelaren og komponisten Canberk Ulaș. Dei tonane vi høyrer frå han er noko av det som vekkjer øyrene mine aller mest i løpet av plata, og heldigvis kjem han med sitt eige album på norske Jazzland Recordings 23. februar – med mellom andre Jan Bang.

I bandet – Bangs bunnsolide wrecking crew – møter vi Eivind Aarset på gitar, Audun Erlien på bass og Anders Engen på trommer. Det blir ikkje betre.

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.