Det nye forslaget til kompensasjonsordning er både utvida og forbetra, seier departementet, og statsråden vil at heile kultursektoren skal spele inn deira meiningar om forslaget.
– Det er viktig for regjeringa at heile bransjen blir omfatta av gode ordningar, slik at både kunstnarar, kulturarbeidarar og publikum kan vende tilbake til eit styrkt kulturliv så snart som mogleg. No oppfordrar eg alle til å kome med innspel, seier Trettebergstuen.
Dette er i følgje Kulturdepartementet utvidingar og utbetringar av ordninga:
- Både arrangørar og underleverandørar kan, frå 1. november, søkje kompensasjon for tapt omsetning frå kulturarrangement.
- Det kan søkjast på bakgrunn av gjennomsnittsinntekt i perioden 2017–2019.
- Det blir foreslått ein kompensasjonsgrad på 70 prosent.
- Det vil vere mogleg å ha overskot i selskapet i kompensasjonsperioden, men ikkje å ta ut utbytte.
- Saksbehandlingskapasiteten i Kulturrådet er styrkt med 12 nye stillingar, i tillegg blir forvaltninga av kompensasjonsordninga flytta til Lotteri- og stiftelsestilsynet for å avlaste Kulturrådet.
– Vi har mellom anna bestemt at ein no skal få kompensasjon på bakgrunn av tapt omsetning i staden for uunngåelege kostnader. Denne endringa tar høgd for at mange kulturbedrifter har ein økonomi der stor inntening i høgsesong finansierer ulike utgifter i rolegare periodar av året, seier kultur- og likestillingsministeren.
Av kapasitetsomsyn blir forvaltningsansvaret for kompensasjonsordninga flytta frå Kulturrådet til Lotteri- og stiftelsestilsynet. – Målet er å redusere saksbehandlingstida både i kompensasjonsordninga og i stimuleringsordninga for kultursektoren, og dermed skape større føreseielegheit for kultursektoren, forklarer Trettebergstuen.
Kulturdepartementet tar sikte på å arrangere eit høyringsmøte 7. januar, og høyringsfristen er 11. januar kl. 1500. Deretter må ESA godkjenne utkastet før forskrifta kan tre i kraft. På grunn av statsstøttereglane gjeld forskrifta i første omgang fram til 28. februar 2022, men etter det vil ordninga gjelde i ein ny periode fram til 30. juni 2022.
Her finn du høyringssaka med utkast til forskrift:

Ballade video: Knask eller knep
Vi banker på dørene med Seigmen, Jørgen Nordeng med Torgeir Waldemar, Nonne x 2, Nothing Personal x 2, MIIA og Gothminister.

Ragnhild Godal ny sjef for Hilmarfestivalen
– Hilmarfestivalen beveger seg i spenningsfeltet mellom arv og fornyelse, kan det bli bedre?

Heim i Oslo World: – Ringverknadane er ganske massive
– Du er avhengig av eit sterkt kulturliv i landet du bur i for å ha eit godt liv. Gjennom 20 år har Alexandra Archetti Stølen gjort sitt for akkurat det – i Oslo World.

– Du må være skamløs
Fra punkfanziner på Blitz til redaksjonen i Aftenposten: Nazneen Khan-Østrem har erfart musikkjournalistikken fra innsiden. Nå ser hun tilbake på sin tid som polemisk skribent – og frem mot et felt hun mener trenger mer mangfold, mer galskap og langt flere som tør å være en skikkelig «pain in the ass».

Høstfest og heder til musikkskaperne
NOPA-prisene 2025 ble delt ut mandag kveld, der hedersprisen gikk til Åge & Sambandet, Sverre Indris Joner ble utropt som årets opphaver og Sanyu Christine Nsubuga fikk den gjeve tekstprisen.

– Gode tekster går aldri ut på dato
Norsk Viseforum feirer 50 år med utsolgt jubileumskonsert på Gamle Logen.













































