
Ragnhild Godal startar i jobben som festivalsjef i februar. – Kulturarvbasert utviklingsarbeid er noe jeg ivrer og brenner for, seier ho.(Foto: Privat)
– Hilmarfestivalen beveger seg i spenningsfeltet mellom arv og fornyelse, kan det bli bedre?
– Det er med stor respekt og beundring for alt det fantastiske som skapes og utøves med Hilmarfestivalen som arnested, at jeg nå blir med på laget. Å tiltre rollen som festivalsjef for Hilmarfestivalen må jo bli både interessant, lekent og moro! Kulturarvbasert utviklingsarbeid er noe jeg ivrer og brenner for. Hilmarfestivalen beveger seg i spenningsfeltet mellom arv og fornyelse, kan det bli bedre?
Det seier Ragnhild Godal, som startar i jobben 1. februar 2026. Ho kjem frå stillinga som dagleg leiar av Kystpilgrimssenteret på Smøla i Nordmørsmusea.
Tidlegare har ho mellom anna vore kultursjef i Halsa kommune og leiar av Norsk Vandrefestival, og er ifølgje Johan Einar Bjerkem i Stiftinga Hilmar Alexandersen godt kjent med både folkemusikk, folkedans og forteljing, som legg til:
– Godal har ein veldig spennande og god bakgrunn for denne oppgåva. Det skadar heller ikkje at ho har bakgrunn og erfaring både som prosessleiar og bonde.
Les også innlegget Derfor bør vi lære norsk folkemusikk og folkedans på voksenopplæringen
Årets Hilmarfestival skjer 5. til 9. november på Steinkjer, og har eit breidt program du kan lese meir om her.











