I går opna ein av den arabiske verda si største stjerne, Hakim, Oslo World 2025. Festivalsjef Alexandra Archetti Stølen si 20. utgåve. (Foto: Lydia Tefera)

Heim i Oslo World: – Ringverknadane er ganske massive

– Du er avhengig av eit sterkt kulturliv i landet du bur i for å ha eit godt liv. Gjennom 20 år har Alexandra Archetti Stølen gjort sitt for akkurat det – i Oslo World.

PortrettFestivalMangfold og inkluderingMusikken og livetPortrett

I går var det avspark for den 32. utgåva av Oslo World – ein av Europas viktigaste festivalar for musikk frå heile verda, og i år startar veka med utselde konsertar.

På nettsida kan vi lese: «Oppgaven har vært uendret siden festivalen startet opp i 1994: Å bringe verden til Oslo og Oslo til verden.»

Og i snart 20 år, sidan 2006, har det vore Alexandra Archetti Stølen si oppgåve som festivalsjef.
–  Eg bur dessverre ikkje i Argentina, det kunne eg gjerne gjort om eg kunne valt då eg var liten – far min var jo derfrå. Men eg bur her, og då er det godt å skape noko saman med dei andre på kontoret her som ikkje er så…traust, på ein måte. Oslo World er som en familie, det er intenst og fantastisk.

Det har vore hardt arbeid, men også gjort Oslo World til ein heim i ei verd med mange stengte grenser.

Festivalsjef Alexandra Archetti Stølen opna den 32. Oslo World i Oslo konserthus 28. oktober, i forkant av åpningskonserten med egyptiske Hakim i Oslo Konserthus. (Foto: Lydia Tefera)

– Når eg ser tilbake, er det aller viktigaste korleis vi har løfta Oslo World og sett det på kartet internasjonalt. Oslo World er i dag ein festival som veldig mange veit om der ute.

Musikk og aktivisme
– Vi har alltid jobba for at musikkbransjen skal vere meir mangfaldig og inkluderande, fortel Archetti Stølen. – Og vi lagar festival så vi kan speile samfunnet vårt ved å vise på våre scener all den fantastiske musikken som finst der ute, sunge på alle moglege språk.

Oslo World har vore gjennom mange tema opp igjennom, men den raude tråden har vore musikk og aktivisme:
– Oslo World er ikkje ein aktivistisk festival, men det er ei plattform der kunstnarar kan ytre seg fritt.

Men det mest interessante er kanskje å sjå dei banda som ein kanskje ikkje med første blikk tenkjer er aktivistar, meinar Stølen:
– Som argentinske Ca7triel og Paco Amoroso. Om ein kjenner djupet i deira tekstar, så er det ganske fantastisk at dei har eit så stort globalt gjennombrot med såpass mykje meining i musikken sin. Der dei snakkar om samfunnet dei har vakse opp i så direkte. Om forventningar, press, gjennombrot og suksess, om målet om stjernestatus og baksida av denne.

– «Tenkjer på som aktivistar», ja. Det der er interessant – handlar det også noko om uttrykket og dei ytre rammene – som ein aktivistisk estetikk?

– Tja, ein kan kanskje bli litt lurt av det, iallfall. Ein kan jo til og med tenke at berre fordi den og den artisten ikkje brukar sminke, så er dei ikkje feministiske … og eg trur heller ikkje at mange artistar tenker at dei lagar musikk fordi dei skal vere aktivistiske – nokon gjer jo det, sjølvsagt. Men slik verda er i dag, med eit utruleg dystert bakteppe, så trur eg mange kjenner på eit ekstra ansvar – om det er solidaritet for Palestina eller andre hjartesaker.

Å treffe med bookingen

Festivalsjefen midt i Oslo World-familien, backstage etter ein konsert i fjor. (Foto: Lydia Tefera)

Men festivalen bookar ikkje artistar på grunn av nasjonalitet eller krev at artistane må ha eit politisk bodskap. Stølen trekk fram kvalitet som det viktigaste kriteriet i bookinga, men dei tenkjer likevel geografisk.
– Vi har jobba mykje med Sør-Amerika og musikk frå det afrikanske kontinentet og Swana-regionen (SWANA står for Southwest Asia and North Africa, journ. anm.) – akkurat no ser vi meir i retning av sør-aust Asia, så der er vi i gang med å kartlegge aktivt.

Til årets festival kjem mellom andre Kuunatic frå Japan og ADG7 frå Sør-Korea.

– Det er mykje som er gøy med booking, men det morosamaste etter kvart er når ein treff på ein artist i gjennombrotsåret. Å booke ein artist før dei «blowar» – som for eksempel Ca7riel & Pacoamoroso som vi har fylgt ein del år, men der vi starta bookingprosessen rett etter Tiny Desken.

Oslo World har eit programråd med spreiing i alder og nasjonalitetar. Før årets festival har dei berre hatt eitt møte, men ut frå det kom det kjempefine konkrete innspel, fortel ho: – Senidah var eit av forslaga frå programrådet. Ho er jo ein spektrumartist på Balkan, så det blir ganske spesielt å oppleve henne i en intim setting på den utselde konserten ho skal ha på Cosmopolite 30. oktober.

Detox
Stølen har hatt denne jobben i 20 år, og i forkant av det jobba ho blant anna med andre festivalar. I festivalarbeid i Paris kom ho kjapt inn i harde realitetar i starten av 20-åra.

Det å drive ein festival er ein døgnjobb.

– Å bygge opp Oslo World har til tider vore eit motbakkeløp. Det er veldig få i Noreg som får tilgang til musikk frå heile verda, det er lite til stades i det offentlege. Så det har vore ein hard jobb å få blest rundt det vi jobbar med.

Ho tok aldri ordentleg ferie, og då ho fekk barn tok ho aldri ordentleg foreldrepermisjon.
– Og så har eg heile vegen vore litt sånn – vi har det så bra i Noreg, og her jobbar vi med folk som har det så mykje, mykje verre. Vi må stå på. Vi kan ikkje syte og klage.

– Men det er klart at det jo også er ei oppskrift som ikkje er så veldig bra i lengda.

Før jul i fjor kjende ho på fleire og fleire teikn på at det gjekk litt for hardt for seg.
– Men eg tenkte, eg er ikkje den typen som er utbrent. Det ligg ikkje for meg.

Etterkvart kom legen med streng beskjed: Du må ta deg ei pause, og du må ta dette på alvor.

– Det var ei sjokkerande oppleving å kjenne at kroppen sa frå slik. For eg ville jo ikkje slutte. Kva skal eg gjere om eg ikkje jobbar, liksom? Eg har jobba sidan eg var 19 år. Eg har aldri ikkje jobba.

Ho skildrar det som nærare ei avhengigheit – å måtte vere på kontoret, tilgjengelig heile tida.
– Så no har eg var rett og slett hatt ei detox-periode – eg måtte vere eit halvår vekke frå Oslo World.

I 50-årsgåve fekk ho ei reise frå venene. Og sjølv om ho har reist mykje gjennom jobben, så hadde ho aldri reist slik. Ho reiste til Tarifa i Sør-Spania for dagar med riding, yoga, surfing…lese bok, heilt aleine.
– Og då tenkte eg – eg har aldri hatt ordentleg ferie. Eg har alltid vore innom å sjekka salet på Ticketmaster, alltid vore eit eller anna som har surra, alltid vore på ein festival, alltid svart på mail.

– Ingen har sett bilete av min fantastiske tur til Tarifa nokon stad, og det er jo veldig befriande, då.

Etter detoxen kom ho tilbake til staben, som hadde halde fortet medan ho var borte:
– Og det har jo gått kjempebra med Oslo World.

Archetti Stølen i arbeid under fjorårets festival. (Foto: Lydia Tefera)

– Det har sjølvsagt vore krevjande for staben, men det er ein stab som er utruleg solid og har lang erfaring med dette. Eg ikkje detaljstyre alt og kjem ikkje til å gå tilbake til gamle-Alex. Eg har lært at det går faktisk fint å gi litt slepp. Det er toppidrett, dette vi held på med. Og toppidrettsutøvarar er opptekne av restitusjon. Eg har ikkje tenkt at eg har trengt det.

– Er det kanskje noko særleg sårbart for slikt i musikkbransjen? Det er jo ei litt spesiell bransje…?
– Altså. Det er jo veldig mange skjøre strukturar. Det er små kontor på slike festivalar. Når det går bra, går det bra, men så kan det kome større stormar, som kan knekke ein kvar organisasjon.

Stølen føler samtidig at kulturbransjen og musikkbransjen ikkje er der ein burde vere når det kjem til status: – Kultur burde vore heilt likestilt med andre områder i samfunnet, fordi det er like viktig. Du er avhengig av eit sterkt kulturliv i landet du bur i for å ha eit godt liv. På linje med at du er avhengig av helsevesen og andre samfunnsfunksjonar.

– Ja, og det er lett å vere kulturpessimist…
– Ja, eg trur det er ekstra tungt for kulturarbeidarar å gå rundt å høyre om kutt, kutt, kutt…Det vi treng er føreseielege rammer. Det burde jo ikkje vere så vanskeleg å få til. Kvifor må etablerte institusjonar som vår søke Kulturfondet kvart år? Kvifor må kunstnarar bruke masse tid på søknadar og rapportering? Nei, vi burde rigge oss til litt annleis. Kunstnarsubsidier, som ein har i landbruket, kunne vore noko, men no er jo ikkje eg Kulturminister heller då, hehe.

Internasjonale studier
– Ein får jo stadig rapportar om at det frivillige feltet slit med rekruttering, men eg har inntrykk av at det er heilt spesielt i Oslo World?
– Vi har ikkje telt i år, men eit år hadde vi 98 nasjonar representert. 98!

– Å vere frivillig i Oslo World er nesten som å gå på internasjonale studier på Blindern eit halvår. Nokre kjem på grunn av favorittartisten, men er du ny i Oslo, så er det ei moglegheit til å få deg eit nettverk. Det er plass til alle, utruleg forskjellige folk, men alle har det hyggeleg. I år har vi mange nye, men vi har frivillige som har vore med oss lenge – eg trefte ein som har vore med i 23 år!

– Og ja, vi startar årets festival med rekord-førehandssal. Så vi kan ikkje klage, ikkje på publikum, ikkje på kvaliteten, ikkje på pressedekning og absolutt ikkje på våre frivillige, i alle fall! Vi er så glad for at festivalen sel så godt i år. Har ikkje noko å klage over, faktisk.

Heime i Oslo World
Avslutningsvis fortel ho om eit spørsmål Oslo World fekk på ein scenesamtale i Jordan i september – men kva gjer de for Palestina?
– Det er jo et veldig stort og samansett spørsmål, som ikkje var heilt enkelt å svare på for min kollega i Jordan.

Då var det ein annan kollega frå Jordan i salen som reiste seg og sa: «Det er veldig få stader i verda som kjennest så heime, for ein palestinar, som Oslo World.»

– Det er mange grenser som er stengt i verda, det er vanskeleg å bevege seg fritt mellom mange land, men vi har skapt eit miljø på Oslo World, der ein møtest på tvers av desse grensene. Der alle kan møtast og skape nye relasjonar.  Det gir eit håp om at Oslo World kan bety noko for folks liv etter veke 44. Det er ei viktig drivkraft. Vi har jobba sakte med akkurat det, i alle dei ulike prosjekta vi har, stein for stein – men resultata der ute, dei er ganske massive.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
– Du må være skamløs

– Du må være skamløs

Fra punkfanziner på Blitz til redaksjonen i Aftenposten: Nazneen Khan-Østrem har erfart musikkjournalistikken fra innsiden. Nå ser hun tilbake på sin tid som polemisk skribent – og frem mot et felt hun mener trenger mer mangfold, mer galskap og langt flere som tør å være en skikkelig «pain in the ass».

Høstfest og heder til musikkskaperne

Høstfest og heder til musikkskaperne

NOPA-prisene 2025 ble delt ut mandag kveld, der hedersprisen gikk til Åge & Sambandet, Sverre Indris Joner ble utropt som årets opphaver og Sanyu Christine Nsubuga fikk den gjeve tekstprisen.

– Gode tekster går aldri ut på dato

– Gode tekster går aldri ut på dato

Norsk Viseforum feirer 50 år med utsolgt jubileumskonsert på Gamle Logen.

Ballade video: Biff à la Niilas

Ballade video: Biff à la Niilas

Vi ser fillm med Sassy 009, Iris Caltwait, Emmerhoff & The Melancholy Babies, Les Dunes, Torgeir Waldemar, Anna Of The North, Neon Ion og Niilas.

Bjørn Eidsvåg utnevnt til St. Olavs Orden

Bjørn Eidsvåg utnevnt til St. Olavs Orden

Den folkekjære artisten blir kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sitt fremragende musikalske virke.

Spellemann 2025 til Operaen

Spellemann 2025 til Operaen

Neste års Spellemann arrangeres i Operaen i Bjørvika.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio