Paal Nilssen-Love Cirkus på Cosmopolite under Oslo World 2020 (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Oslo World: HURGU!

KONSERTMELDING: Ein begeistra levande inspirert Paal Nilssen-Love introduserte oss for eit nytt prosjekt på Cosmopolite på Oslo World-fredagen. Takk til Circus som vekte oss opp frå «eit flatare liv».

Kalender

Bak seg har Paal Nilssen-Love fire store gongar. Han slår nonchalant på dei. Fire enkle tonar opnar Paal Nilssen-Love Circus. Juliana Venter syng klart og enkelt sine tonar, Signe Emmeluth spelar sine oppover, Christian Meaas Svendsen sleng seg med på antydande kontrabass – linjer i ulike toneartar, oppover og nedover frå heile orkesteret flettar seg saman, og ut veks durharmonisk optimisme. Allereie kjenner eg på noko sårt etterlengta fridom. Signe Emmeluth vender hovudet bak med lukka auger og smiler intenst lyttande. Slik kjennest det.

Ei ny periode med heimekontor, mindre samvær, meir maske, fleire reglar, isolasjon. Som Høie sa på ei av pressekonferansene: «Vi har vent oss til eit flatare liv med færre høgdepunkt». Urg. Takk Paal Nilssen-Love Circus for at de minner oss på kva livet er. «HURGU!», ropar Nilssen-Love i lykkeleg musikkekstase. Eit gledesord han lærte av medmusikar Terrie Ex (kjent frå mellom anna det nederlandske anarko-pønk-frijazzbandet The Ex, red. anm.), og som seinare gav namn på ei plate dei gav ut saman.

Heile sirkuset – Paal Nilssen-Love Cirkus, Oslo World 2020 (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Oslo World 2020 ble arrangert i ei verd med stengte grenser. Men programmet i år var alt anna enn isolert få verda. «Vi må jo spørje Paal, når han for ein gongs skuld er i byen under Oslo World», fortel festivalsjef Alexandra Archetti Stølen under introduksjonen. Få har så mange reisedøgn i året som Nilssen-Love, og slik har han hatt det i godt over 20 år. Det må vere absurd for han å bli tvinga i ro på Nesodden. Heldigvis har det resultert i inspirasjon og meir musikk, ikkje det motsette. Han kokte over av idear då han fekk telefonen frå Stølen. Eit nytt band – Circus!

Dei siste åra har Paal Nilssen-Love utvida si soniske verd til å inkludere folkemusikk frå spesielt Brasil og Etiopia. Nilssen-Love besøkte Etiopia med The Ex i desember 2009, og Brasil i juni 2013. Begge desse turane forandra livet hans, kan vi lese i plateomslaget til Ethiobraz frå 2018. I etterkant av det etablerte han «storbandet» Large Unit som har hatt enorme konsertar sidan den gong, mellom anna ein mykje omtalt Roskilde-konsert i fjor. Det er med denne bakgrunnen at det nye bandet Circus hadde sin første konsert på Cosmopolite fredag 30. oktober.

Og så er basstoget frå 70-talets afrobeat i gong, hjelpes kor fingrane går. I eit augeblikk assosierer eg til Iron Maiden – haha, dei berre kosar seg!

Dette er sju musikarar som alle har reist rundt i verda og spelt med folk, og no fortel dei til oss. Samansettinga av musikarane er genial. Thomas Johansson på trompet, Signe Emmeluth på saksofon, Oddrun Lilja på gitar, Christian Meaas Svendsen på bass, Kalle Moberg på trekkspel og Juliana Venter på vokal. Det er sterke smakar i denne nye retten. Det er musikarar med sju unike og sterke uttrykk.

Kalle Moberg på trekkspel (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Christian Meaas Svendsen, «alltid pålitelege», som Nilssen-Love introduserer han som. Eg blir store delar av konserten sitjande med blikket låst på han. Han er ellevilt virtuos og innbitande dedikert til å spele så bra det er mogleg å gjere til ei kvar tid. Svendsen er intenst stirrande på trommene for å låse grooven så sterkt han berre kan. Berre første låt er på kontrabass, resten av kvelden får vi nyte sårt etterlengta vintage, organisk elbass-spel.

Christian Meaas Svendsen (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Eg ler når han set i gong 70-tals rockesolo i full virtuos pentatonleik. Og så er basstoget frå 70-talets afrobeat i gong, hjelpes kor fingrane går. I eit augeblikk assosierer eg til Iron Maiden – haha, dei berre kosar seg!

Oddrun Lilja i Paal Nilssen-Love Cirkus (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Det er første gong Oddrun Lilja spelar med Nilssen-Love. Ho hadde lanseringskonsert med sitt eige band, Lilja, laurdagen før Oslo World starta. Ho har ikkje i utgangspunktet gjort seg kjent som frijazzgitarist. I Circus er ho forsiktig, og litt anonym i starten, men slår sterkt frå seg utover i settet. Gjennom den frigjerande dansemusikken bryt ho ut i store linjer i soloane sine, med ei enorm ro over seg.

Det er frustrerte skrik, det er inspirerande skrik. La oss skrike!

Det er klart det blir eit voldsomt lyduttrykk av eit slikt band, men innad i sjumannsbandet får mindre grupperingar plass. Blant desse er trioen med Venter, Emmeluth og Moberg ei av dei mest interessante. Det er eit fantastisk lydbilete, og potensial for uendeleg utforskande musikk. La oss satse på at dei går i studio ein dag.

Paal Nilssen-Love Circus gir oss ein dansefest, og det gjer vondt å sitje på stolen med slik musikk frå scena. Riff frå ethio-jazz og brasilianske rytmer badar i eit vilt, fritt improvisert nakenbad. Oppå flyt inspirerte solistar, og Signe Emmeluth viser seg nok ein gong som ein av dei råaste saksofonistane vi har.

Trompetist Thomas Johansson og saksofonist Signe Emmeluth (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Juliana Venter byr på eit vilt spekter av teknikkar og uttrykk, og eig scena. Høgdepunktet er James Brown-skriket med «hit me»-spel frå bandet bak. Det er frustrerte skrik, det er inspirerande skrik. La oss skrike!

Anviste, faste plassar under festival i pandemitid (Foto: Lars Opstad/Oslo World)

Euforien får meg (nesten) til å gløyme kor irriterande det er at vi sit fastlåst i stolen. Dette var første konserten eg var på etter påbodet om munnbind. Det er rart å ikkje kjenne att vener og kollegaer. Men som ei sa – det er betre med dette, enn at det ikkje blir konsert.

Eg vil danse, og helst medan Paal spelar trommer. HURGU!

PAAL NILSSEN-LOVE CIRKUS
Konsert under festivalen Oslo World på Cosmopolite i Oslo 30. oktober 2020.

Medvirkende:
Paal Nilssen-Love – perkusjon
Christian Meaas Svendsen – elbass
Oddrun Lilja – gitar
Juliana Venter – vokal
Thomas Johansson – trompet
Signe Emmeluth – altsaksofon
Kalle Moberg – trekkspill

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Stillinger

Daglig leder

Innlandet musikkråd

Økonomikonsulent

Norges Korforbund

Konsertmester II / Second Concertmaster II

Kringkastingsorkestret (Kork)

Avdelingsleder II

Drammen kulturskole

Daglig Leder

Stiftelsen Folken

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev