– Kor og korps, spelemannslag og amatørteater, husflid og handverk. Alt dette og meir får heile Noreg til å yre av liv og bind oss saman som folk. Det er på høg tid å løfte fram kulturfrivilligheita som eiget politikkområde, og styrke dette viktige feltet, fortsett Trettebergstuen i ei melding frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Det er fyrste gong ein nasjonal strategi for det frivillige kulturlivet er utarbeidd på oppdrag frå regjeringa.
Les strategien «Rom for deltakelse – regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023–2025)» her
Strategien skisserer ei rekkje tiltak regjeringa vil gjennomføre. Relevante partar på feltet har gitt innspel, deriblant lag og organisasjonar, profesjonelle kulturaktørar, fylkeskommunar og kommunar. Strategien er òg ein del av regjeringas arbeid for å auke deltaking og motvirke fråfall i fritidsaktivitetar, opplysar departementet.
– Ei gjennomgåande tilbakemelding frå heile landet er at mange manglar tilgang til eigna lokale. Til dømes må mange ta i bruk rom med for dårleg akustikk. Det finst korps som speler i gymsalar med golv som knirkar så mykje at musikken overdøyvast. Dette held ikkje. Vi må leggje til rette for kulturlivet. Her kan vi lære mykje av måten idretten blir høyrt og involvert på når det skal utviklast nye lokalar og arenaer, seier Trettebergstuen.
LES OGSÅ: Kampanje for bedre kulturlokaler
– Tenk på alle som speler i korps, syng i kor, samlast i historielag, i vevstover eller amatørteater i landet vårt, kvar einaste dag! Tenk kor mykje dette gir i livet til kvar enkelt, og kor viktig det frivillige kulturlivet er for å skape samhald og liv i lokalsamfunna våre! Like fullt har kulturfrivilligheita aldri blitt løfta fram som eiget politikkområde slik til dømes idretten har.
Regjeringa vil styrke fleire tilskotsordningar, til dømes ordningane for dei nasjonale musikkorganisasjonane, for desentraliserte kulturbygg, for amatørteater og for teknisk utstyr og lokale, ei ordning forvalta av Kulturrom.
– Desse ordningane har stått stille lenge. Vi ønskjer eit mangfaldig og inkluderande kulturliv der alle kan delta. Då må vi syte for at organisasjonane og laga har gode rammevilkår, seier Trettebergstuen.

Ballade video: Knask eller knep
Vi banker på dørene med Seigmen, Jørgen Nordeng med Torgeir Waldemar, Nonne x 2, Nothing Personal x 2, MIIA og Gothminister.

Ragnhild Godal ny sjef for Hilmarfestivalen
– Hilmarfestivalen beveger seg i spenningsfeltet mellom arv og fornyelse, kan det bli bedre?

Heim i Oslo World: – Ringverknadane er ganske massive
– Du er avhengig av eit sterkt kulturliv i landet du bur i for å ha eit godt liv. Gjennom 20 år har Alexandra Archetti Stølen gjort sitt for akkurat det – i Oslo World.

– Du må være skamløs
Fra punkfanziner på Blitz til redaksjonen i Aftenposten: Nazneen Khan-Østrem har erfart musikkjournalistikken fra innsiden. Nå ser hun tilbake på sin tid som polemisk skribent – og frem mot et felt hun mener trenger mer mangfold, mer galskap og langt flere som tør å være en skikkelig «pain in the ass».

Høstfest og heder til musikkskaperne
NOPA-prisene 2025 ble delt ut mandag kveld, der hedersprisen gikk til Åge & Sambandet, Sverre Indris Joner ble utropt som årets opphaver og Sanyu Christine Nsubuga fikk den gjeve tekstprisen.

– Gode tekster går aldri ut på dato
Norsk Viseforum feirer 50 år med utsolgt jubileumskonsert på Gamle Logen.













































