Regjeringa vil styrke fleire tilskotsordningar, til dømes ordningane for dei nasjonale musikkorganisasjonane, for desentraliserte kulturbygg, for amatørteater og for teknisk utstyr og lokale, ei ordning forvalta av Kulturrom.

– Desse ordningane har stått stille lenge. Vi ønskjer eit mangfaldig og inkluderande kulturliv  der alle kan delta. Då må vi syte for at organisasjonane og laga har gode rammevilkår, seier Trettebergstuen.