Frode Fjellheim, Transjoik

Sametinget støttar bestillingsverk ved Telemarkfestivalen 2003

Telemarkfestivalen mottek i år støtte til årets bestillingsverk frå Sametinget ved Samisk kulturfond. Det er musikar og komponist Frode Fjellheim som står bak verket "Sørsamar rundt Hardangervidda", som byr på musikare frå gruppa Transjoik, samd kvedare og spelemenn som Berit Opheim, Knut Hamre og Lars Underdal.

Folkemusikk

Sametinget ved Samisk kulturfond støtter bestillingsverket «Sørsamar rundt Hardangervidda» av Frode Fjellheim med kr. 30.000,-. Det er første gong Telemarkfestivalen mottek støtte til eit prosjekt frå Sametinget. Festivalleiinga seier dei er stolte over tildelinga, og meiner dette syner at festivalen har status som ein viktig aktør i folkemusikkmiljøet og at årets bestillingsverk har eit interessant tema.

Telemarkfestivalen har i år eit heilt spesielt bestillingsverk: «Sørsamar rundt Hardangervidda». Den allsidige musikaren og komponisten Frode Fjellheim har fått i oppdrag å lage eit moderne bestillingsverk der det sørsamiske møter det bygdenorske: joiken møter hardingfela og kvedinga. Frode Fjellheim vil ha med seg nokre av musikarane i gruppa Transjoik, forsterka med Knut Hamre, spelemann frå Hardanger, Berit Opheim,songar/kvedar frå Voss, Arne Anderdal, spelemann frå Hemsedal/Hallingdal, Lars Underdal, spelemann frå Vinje i Telemark og Jon Anders Halvorsen, kvedar frå Lunde i Telemark.

Dei seinare åra har Frode Fjellheim jobba mykje med Tango Concertino og Transjoik. Han er fødd i 1959, og studerte klassisk piano ved Trøndelag Musikkonservatorium, Trondheim, 1980-1984. Han har sida vore freelance musiker og komponist, og var i perioden 1984 – 1992 tilknytta Trøndelag Teater som musikar, komponist og arrangør. Han har virka innanfor ei rekke musikalske stilartar som jazz, rock, folkemusikk, kirkemusikk og noko klassisk musikk/samtidsmusikk. Han har og vore repetitør/orkesterleder ved Trøndelag Teater,¨der han mellom anna komponerte musikk til teaterstykkene «Tatt på fersken»,
«Lexis i drømmeland», «I et rom i en tid» «Anne Franks Dagbok» og «Brødrene Løvehjerte». Han har gjort musikk til sørsamisk liturgi for Nidaros Bispedømme, og skreiv i 2000 «Arktisk Messe» for Festspillene i Harstad.

Folkemusikken er vital som aldri før, og Telemarkfestivalen har ord på seg for å vise fram spennet og kontrastane i denne musikkforma. Festivalen har lang tradisjon med bestillingsverk, fleire av desse verka har blitt ståande for ettertid, til dømes Groven Myhren/ Nordstoga med «Nivelkinn», som no er nominert til Spellemannprisen med ein CD med konsertopptaket frå Telemarkfestivalen 2001.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
– Det er skummelt å dele. Men enda skumlere å la være

– Det er skummelt å dele. Men enda skumlere å la være

Ragnhild og graver dypt i de rå og ærlige følelsene som driver oss alle. Med sitt kommende album Might as Well Just Cause a Scene tar hun oss med inn i kjærlighetssorgens mørkeste rom.

Musikklivets grunnmur smuldrer

Musikklivets grunnmur smuldrer

INNLEGG: Når helårsarrangører forsvinner og utdanningene vokser, blir musikerlivet et lappeteppe av tilfeldige oppdrag. Det er en kulturpolitikk uten bærekraft, skriver Anderz Døving i organisasjonen Klassisk.

–  Vi lever i en musikalsk gullalder, som ingen får høre om

–  Vi lever i en musikalsk gullalder, som ingen får høre om

Johan Hauknes i salt peanuts* etterlyser engasjement, strategi og en presse som faktisk følger med.

Jon Balke: Musikkens rolle og kraft i samfunnet

Jon Balke: Musikkens rolle og kraft i samfunnet

KRONIKK: Musikk er like grunnleggende som mat og vann, skriver Jon Balke. Her viser han til historien om den kjente cellisten Karim Wasfi, som spiller i ruinene etter katastrofer.

Ballade video: Klovner i kamp

Ballade video: Klovner i kamp

Ut på veien med Sassy 009, Mikoo, Date of Birth, Sara Fjeldvær, Anna of the North, The Orchestra!, Kåre Indrehus og White Trash Blues Band.

Årets kirkemusikalske høydepunkt er i gang

Årets kirkemusikalske høydepunkt er i gang

Onsdag 17.september åpner dørene til årets Bergen Kirkeautunnale. Opplev festivalen som utfordrer grensene for hva kirkemusikk kan være.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio