Hopp til innhald
Frode Fjellheim, Transjoik

Sametinget støttar bestillingsverk ved Telemarkfestivalen 2003

Telemarkfestivalen mottek i år støtte til årets bestillingsverk frå Sametinget ved Samisk kulturfond. Det er musikar og komponist Frode Fjellheim som står bak verket «Sørsamar rundt Hardangervidda», som byr på musikare frå gruppa Transjoik, samd kvedare og spelemenn som Berit Opheim, Knut Hamre og Lars Underdal.

Sametinget ved Samisk kulturfond støtter bestillingsverket «Sørsamar rundt Hardangervidda» av Frode Fjellheim med kr. 30.000,-. Det er første gong Telemarkfestivalen mottek støtte til eit prosjekt frå Sametinget. Festivalleiinga seier dei er stolte over tildelinga, og meiner dette syner at festivalen har status som ein viktig aktør i folkemusikkmiljøet og at årets bestillingsverk har eit interessant tema.

Telemarkfestivalen har i år eit heilt spesielt bestillingsverk: «Sørsamar rundt Hardangervidda». Den allsidige musikaren og komponisten Frode Fjellheim har fått i oppdrag å lage eit moderne bestillingsverk der det sørsamiske møter det bygdenorske: joiken møter hardingfela og kvedinga. Frode Fjellheim vil ha med seg nokre av musikarane i gruppa Transjoik, forsterka med Knut Hamre, spelemann frå Hardanger, Berit Opheim,songar/kvedar frå Voss, Arne Anderdal, spelemann frå Hemsedal/Hallingdal, Lars Underdal, spelemann frå Vinje i Telemark og Jon Anders Halvorsen, kvedar frå Lunde i Telemark.

Dei seinare åra har Frode Fjellheim jobba mykje med Tango Concertino og Transjoik. Han er fødd i 1959, og studerte klassisk piano ved Trøndelag Musikkonservatorium, Trondheim, 1980-1984. Han har sida vore freelance musiker og komponist, og var i perioden 1984 – 1992 tilknytta Trøndelag Teater som musikar, komponist og arrangør. Han har virka innanfor ei rekke musikalske stilartar som jazz, rock, folkemusikk, kirkemusikk og noko klassisk musikk/samtidsmusikk. Han har og vore repetitør/orkesterleder ved Trøndelag Teater,¨der han mellom anna komponerte musikk til teaterstykkene «Tatt på fersken»,
«Lexis i drømmeland», «I et rom i en tid» «Anne Franks Dagbok» og «Brødrene Løvehjerte». Han har gjort musikk til sørsamisk liturgi for Nidaros Bispedømme, og skreiv i 2000 «Arktisk Messe» for Festspillene i Harstad.

Folkemusikken er vital som aldri før, og Telemarkfestivalen har ord på seg for å vise fram spennet og kontrastane i denne musikkforma. Festivalen har lang tradisjon med bestillingsverk, fleire av desse verka har blitt ståande for ettertid, til dømes Groven Myhren/ Nordstoga med «Nivelkinn», som no er nominert til Spellemannprisen med ein CD med konsertopptaket frå Telemarkfestivalen 2001.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kristin Gravaune fekk Eckbo Legaters folkemusikk 2002

Styreleiar i Telemarkfestivalen, Kjell Bitustøyl, og museumsstyrar på Bø Museum, Finn Rønning, overrekte laurdag 3.august Eckbo Legaters Folkemusikkpris for Unge...

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002: Magi og mangfald

I opningstalen ønska Prinsesse Märtha Louise lukke til med håp om spananande og magiske festivaldagar i Bø. Og Telemarkfestivalen 2002...

Nivelkinn

«Nivelkinn»-CD får «kongeleg» lansering

1. august kjem «Nivelkinn» på CD med Heilo/Grappa som utgjevar. Lanseringa skjer i Bø i Telemark eitt år etter suksessframføringa...

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002 – eit moderne folkemusikkprosjekt

Under mottoet «Eit moderne folkemusikkprosjekt» kan Telemarkfestivalen presentere to nye bestillingsverk, samt to urframføringar og fleire komande stjerner på folkemusikkhimmelen....

Khalid Salimi

Verdensmusikk og norsk samtidsfolkemusikk

Det ble i dag kjent at Khalid Salimi skal åpne Telemarkfestivalen 2003, som starter 7. august. – En viktig forutsetning...

Telemarkfestivalen

Telemarkfestivalen 2003: – Heit festivalstemning i Bø

Den 14. Telemarkfestival var avslutta søndag. – Årets Telemarkfestival stadfester at folkemusikken er vital som aldri før, seier festivalen i...

Flere saker

Ensemble Allegria.

Ensemble Allegria feirer 15 år

De spiller i Operaorkestret og i KORK, på scenen med A-ha, og i musikkopplæring i Betlehem, Zanzibar og i Rio....

Tatssekretær i Nærings og handelsdepartementet Lars Jacob Hiim, kulturminister Linda Hofstad Helleland og sekretær for Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring, professor Anne Britt Gr

Seks konkrete råd til regjeringen

Kompetanse er nøkkelordet når Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring gir regjeringen sitt første innspill.

Nettverk for samtidsmusikk

SAMT – nytt nettverk for samtidsmusikk

Nettverket skal blant annet jobbe for å synliggjøre samtidsmusikkfeltet, styrke infrastrukturen, drive interessepolitisk arbeid og utvikle kompetanse.