Nivelkinn

«Nivelkinn»-CD får «kongeleg» lansering

1. august kjem «Nivelkinn» på CD med Heilo/Grappa som utgjevar. Lanseringa skjer i Bø i Telemark eitt år etter suksessframføringa på Telemarkfestivalen, og med prinsesse Märtha Louise på første rad er det grunn til å snakke om ei kongeleg lansering. Der er Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga som har gitt Aslaug Vaas diktsyklus ei musikalsk drakt.

Kalender

El Muro Tango & Inés Cuello

19/09/2020 Kl. 20.00

Oslo

Vinylens Verden

19/09/2020 Kl. 18.00

Rogaland

El Muro Tango & Omar Mollo

19/09/2020 Kl. 21.00

Oslo

Kampenjazz: Braid

20/09/2020 Kl. 20:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

«Nivelkinn» på CD er ein viktig produksjon, slår Grappa-direktør Helge Westby fast. Både fordi publikum får fornya kjennskapen til Aslaug Vaa, ein av Nordens fremste lyrikarar, og fordi Groven Myhren og Nordstoga har gitt diktsyklusen ei musikalsk drakt som kler orda til Aslaug Vaa.

«Nivelkinn» er ein eigen diktsyklus i Aslaug Vaa’s debutsamling «Nord i leite» frå 1934. Det er eit trekantdrama lagt til Nivelkinn, eit fantasirike med klare geografiske og språklege kjenneteikn frå diktarens oppvekst i Kviteseid i Telemark. Til desse tekstane har Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga laga musikk, først og fremst folkemusikkinspirert, men absolutt «crossover» og med klar appell til eit breitt publikum.

Det musikalske dramaet var eit tingingsverk til Telemarkfestivalen 2001. Seinare er det oppført med stor suksess i diktarens barndomsbygd og på Det Norske Teateret i Oslo, og Groven Myhren og Nordstoga har også gjennomført ein turné til ein del større norske byar.

CDen frå Grappa/Heilo er eit live-opptak frå premieren i Bø i fjor, men varsamt pynta på, som Westby uttrykkjer det.

Stillinger

Forretningsutvikler

Sørf – Sørnorsk kompetansesenter for musikk

Førsteamanuensis i fløyte

Norges musikkhøgskole

Førsteamanuensis i klarinett

Norges musikkhøgskole

Kantor

Ulstein kyrkjelege fellesråd

Direktør kultur og folkehelse

Trøndelag fylkeskommune

Seksjonssjef Den kulturelle skolesekken

Innlandet fylkeskommune Kultur

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev