Hopp til innhald

Telemarkfestivalen 2003: – Heit festivalstemning i Bø

Den 14. Telemarkfestival var avslutta søndag. – Årets Telemarkfestival stadfester at folkemusikken er vital som aldri før, seier festivalen i ei melding. – Unge, uredde og dyktige utøvarar har prega konsertane og vist at folkemusikken ikkje minst er eit samtidsuttrykk. Spelegleda har smitta over på publikum som på si side har vore svært entusiastiske.

I opningstalen sin hevda nestleiar i Norsk kulturråd, Khalid Salimi, at musikkfestivalane har vore avgjerande for oppsvinget for folkemusikken i Norge det siste tiåret.

Årets Telemarkfestival stadfester at folkemusikken er vital som aldri før. Unge, uredde og dyktige utøvarar har prega konsertane og vist at folkemusikken ikkje minst er eit samtidsuttrykk. Spelegleda har smitta over på publikum som på si side har vore svært entusiastiske. Temperaturen var til dømes svært høg under konserten med den spanske gruppa Radio Tarifa i Gullbring kulturhus. Sydlandsk stemning prega også dei mange klubbkonsertane på utestadane i Bø.

Telemarkfestivalen har no etablert seg som ein viktig arena for nyskapande bestillingsverk. Årets festivalkomponist Frode Fjellheim leverte saman med utvalde jazz- og folkemusikarar eit av høgdepunkta under festivalen med verket «Sørsamar rundt Hardangervidda». Dei som var tilstades fekk oppleve eit spanande møte mellom sørsamisk joik, hardingfele, kveding og moderne beats. Den sørsamiske kulturen blei også fokusert gjennom fotoutstillinga «Sørsamar i Sør».

Minoritetskultur og – musikk har gjennom mange år vore eit sentralt tema for festivalen. Denne sida av festivalen blei i år forsterka av eit samarbeid med SOS Rasisme som var tilstades under heile festivalen.

Festivalen innvigde i år eit nytt konsertlokale – Låven – i Bø sentrum. Lokalet og uteareala viste seg å vere svært godt egna. Dei flotte omgjevnadane og dei mange frammøtte skapte fin og fortetta festivalstemning. Konserten med det irskinspirerte folkrockbandet The Tramps, er eit av dei best besøkte arrangementa på festivalen nokonsinne.

Festivalen hadde i år knapt 5500 besøkande, noko som er ein nedgang frå i fjor. Noko av nedgangen skuldast det varme sommarveret. Omlag 180 artistar har vore engasjert på årets festival, og nesten 200 personar har delteke på dei 14 ulike kursa. Det er svært gledeleg at mange barn og ungdom deltek på festivalen sine kurs og konsertar.

Den organisatoriske sida av festivalen har i år fungert svært godt. I overkant av 150 frivillige medarbeidarar har vore i sving i løpet av festivalhelga. Dei frivillige legg ned eit uvurderlig arbeid for festivalen og stemninga blant dugnadsfolka har i år vore svært positiv.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Khalid Salimi

Verdensmusikk og norsk samtidsfolkemusikk

Det ble i dag kjent at Khalid Salimi skal åpne Telemarkfestivalen 2003, som starter 7. august. – En viktig forutsetning...

Øyonn Groven Myhren

Bluesfri Telemarkfestival med 140 artister

Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 14. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen seier...

Frode Fjellheim, Transjoik

Sametinget støttar bestillingsverk ved Telemarkfestivalen 2003

Telemarkfestivalen mottek i år støtte til årets bestillingsverk frå Sametinget ved Samisk kulturfond. Det er musikar og komponist Frode Fjellheim...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Programslepp for Telemarkfestivalen

– Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 15. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen...

Anne Hytta

Telemarkfestivalen 2004: Alle tiders festival

Den 15. Telemarkfestivalen har slått alle tidligare rekordar. Årets festival kan skilte med i overkant av 3.500 selde billettar og...

Odd Nordstoga (Foto: Telemarkfestivalen)

Odd Nordstoga fekk Telemarkfestivalen sin folkemusikkpris

Telemarkfestivalen delte i samarbeid med Posten Norge i år ut ein nasjonal pris for nyskapande folkemusikk. Prisen på 10 000...

Flere saker

Kirsten Flagstad

Operafestival i krevende jubileumstid

Oslo Operafestival feirer 15 år med ny opera om Kirsten Flagstads liv, skrevet av Ketil Bjørnstad og Einar Bjørge. Men...

Væren

Det åpne rom og tidens potensial

Å tilnærme seg kunsten med tanken kan gi musikeren ny innsikt i det å være musiker, skriver Henrik Holm i...

Longyearbyen kulturhus på Svalbard, lyssatt i rødt under Red Alert aksjonen onsdag 30. september

Frilanserne får fortsatt støtte (men bare 60%)

Kompensasjonsordningen for selvstendig næringsdrivende og frilansere videreføres ut året, men reduseres fra 80 til 60 prosent fra 1. november.