Hopp til innhald

Programslepp for Telemarkfestivalen

– Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 15. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen satsar friskt med eit omfattande konsertprogram med mange spanande prosjekt – på artistlista finn du om lag 140 artistar fordelt på 20 store og små grupper. Telemarkfestivalen har i år lagt seg på siste helga i juli og ligg med det i år helga før vår festivalnabo; Notodden Bluesfestival, skriv dagleg leiar Øystein Akselberg. Knut Buen, Agnes Buen Garnås, Sondre Brattland og Kaizers Orchestra er blant artistane i år.

PROGRAMSLEPP TELEMARKFESTIVALEN 29. JULI – 1. AUGUST 2004


Av Øystein Akselberg, Telemarkfestivalen

Verdensmusikken har stor appell blant festivalen sitt publikum, og me vil gjennom gruppene L’Ham de Foc frå Spania, Gráda frå Irland, Bazar Blå frå Sverige og finsk-samiske Niko Valkeapää vise at folkemusikken i dette formatet står for nyskaping og tradisjon i ei svært spanande blanding.

Telemarkfestivalen er ein viktig arena for den tradisjonelle folkemusikken; av spesielle prosjekt må me trekkje fram ein stor folkemusikkgalla: Buen/ Buen Garnås-konsert med heile seks utøvarar i ein og same konsert frå denne landskjente folkemusikkfamilien. Her står Knut, Agnes, Hauk, Ingvill, Per Anders og Jon Elling side om side i same konsert! Det vert elles nattkonsert med Sondre Bratland og Ingebjørg Harman Bratland i Gamlekyrkja i Bø. Den tradisjonsrike Borgjakonserten vert i år med Per Anders Buen Garnås. Det årvisse kvedarmøte vert i år med Unni Boksasp og Laila Yrvum.

Folkemusikken er vital som aldri før, og Telemarkfestivalen har ord på seg for å vise fram spennet og kontrastane i denne musikkforma. Festivalen har lange og gode tradisjonar med bestillingsverk, fleire av desse verka har blitt ståande for ettertid. I år har me invitert Anne Hytta til å lage ein bestillingskonsert, som ho har gitt namnet «Frå Andalusia til Telemark – langs refrengets reiserute». Ei anna urframføring blir å høyre på årets festival: Berit Opheim og Aasmund Nordstoga vil framføre eit verk som komponist Henrik Ødegaard har laga til tekstar av Jon Fosse. Som ikkje det er nok har Kari Lønnestad sett samen ein eigen trio spesielt til Telemarkfestivalen; Kari Lønnestad/ Leiv Solberg/ Tom Karlsrud.

Unge norske folkemusikarar, både i solo og samspel, utgjer ein større del av folkemusikk-rørsla enn tidlegare, og som tidlegare år vil du møte mange av desse på Telemarkfestivalen. Me vil nemne følgjande namn; Odd Nordstoga, Hanning Kanning, Filtermalt, Driv og Halvorsen-Bruvoll – både kjente og ukjente namn på den norske folkemusikkhimmelen.

På klubbkonsertane byr me på følgjande grupper: Kaizers Orchestra (med Øyvind Storesund frå Bø som ny bassist), Odd Nordstoga (med sine folkenrollviser, nytt band og ny CD), Bazar Blå (nyskapande svensk folkemusikktrio), Publiners (ettertrakta norsk folkrockband med irsk stil).

Nemnast må òg familie- og barneprogrammet: Jai Shankar m.fl. og Raymond Sereba, samt den årvisse suksessen med framsyning av sirkusskulen til Cirkus Sibylla.

Og enno er ikkje alle utøvarane nemnde – så fylg med!

Beste helsing
Øystein Akselberg

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Telemarkfestivalen

Telemarkfestivalen 2003: – Heit festivalstemning i Bø

Den 14. Telemarkfestival var avslutta søndag. – Årets Telemarkfestival stadfester at folkemusikken er vital som aldri før, seier festivalen i...

Khalid Salimi

Verdensmusikk og norsk samtidsfolkemusikk

Det ble i dag kjent at Khalid Salimi skal åpne Telemarkfestivalen 2003, som starter 7. august. – En viktig forutsetning...

Øyonn Groven Myhren

Bluesfri Telemarkfestival med 140 artister

Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 14. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen seier...

Frode Fjellheim, Transjoik

Sametinget støttar bestillingsverk ved Telemarkfestivalen 2003

Telemarkfestivalen mottek i år støtte til årets bestillingsverk frå Sametinget ved Samisk kulturfond. Det er musikar og komponist Frode Fjellheim...

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002: Magi og mangfald

I opningstalen ønska Prinsesse Märtha Louise lukke til med håp om spananande og magiske festivaldagar i Bø. Og Telemarkfestivalen 2002...

Nivelkinn

«Nivelkinn»-CD får «kongeleg» lansering

1. august kjem «Nivelkinn» på CD med Heilo/Grappa som utgjevar. Lanseringa skjer i Bø i Telemark eitt år etter suksessframføringa...

Flere saker

Engegård Quartet og Ola Kvernberg

Ballade klassisk: Kunstmusikalsk krysspollinering

Det er mye musikalsk mot i denne månedens Ballade klassisk. Ola Nordal har lyttet til sju album som på ulikt...

Espen Langvik

Espen Langvik ny operasjef i Nordnorsk Opera og Symfoniorkester

Langvik overtar etter Katharina Jakhelln Semb, og tiltrer stillingen 1. mai 2017.

På Geitevis Foto: Knut Utler/Førdefestivalen

På geitevis!

Aasmund Olavsson Vinje jubilerer og Jorun Marie Kvernberg står i spissen for eit tingingsverk som skal på skuleturné. Men korleis...