Hopp til innhald

Bluesfri Telemarkfestival med 140 artister

Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 14. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen seier sjølv at dei satsar friskt med «eit omfattande konsertprogram med mange spanande prosjekt» – og på artistlista finn du om lag 140 artistar fordelt på 20 store og små grupper. Telemarkfestivalen ser med glede framover mot det som no blir ei «bluesfri» festivalhelg i Telemark – etter tre år med kollisjon med Notodden Bluesfestival.

Her er Telemarkfestivalen si eiga pressemelding om den 14. festvalen, som i år arrangeras frå 7. til 10. august:

«Folkemusikken er vital som aldri før, og Telemarkfestivalen har ord på seg for å vise fram spennet og kontrastane i denne musikkforma. Festivalen har lang tradisjon med bestillingsverk, fleire av desse verka har blitt ståande for ettertid, t.d. Groven Myhren/ Nordstoga med «Nivelkinn», som no er nominert til Spellemannpris med ein CD med konsertopptaket frå Telemarkfestivalen 2001.

I år har me eit heilt spesielt prosjekt, «Sørsamar rundt Hardangervidda». Den allsidige musikaren og komponisten Frode Fjellheim har fått i oppdrag å lage eit moderne verk der det sørsamiske møter det bygdenorske: joiken møter hardingfela og kvedinga. Frode Fjellheim vil ha med seg nokre av musikarane i gruppa Transjoik, samt Knut Hamre – spelemann frå Hardanger, Berit Opheim – songar/kvedar frå Voss, Arne Anderdal – spelemann frå Hemsedal/Hallingdal, Lars Underdal – spelemann frå Vinje i Telemark og Jon Anders Halvorsen – kvedar frå Lunde i Telemark.

Verdsmusikken er på full fart framover og Telemarkfestivalen vil gjennom den internasjonalt svært kjende gruppa Radio Tarifa frå Spania vise at folkemusikk i denne «tappinga» står for nyskaping og tradisjon i ei spanande blanding der utgangspunktet er den spanske flamencoen.

Unge norske folkemusikarar, både i solo og samspel, utgjer ein større del av folkemusikk-rørsla enn tidlegare, og som tidlegare år vil du møte mange av desse på Telemarkfestivalen, det er nok å nemne gruppa Majorstuen som i desse dagar haustar stor merksemd for sin fyrste CD.

Av spesielle prosjekt må me trekkje fram «Årolilja» med Øyonn Groven Myhren, Bugge Wesseltoft og Nora Taksdal. Materialet hentar dei frå den folkelege visetradisjonen med sine mellomlalder- og renessanseballadar, skillingsviser, stev og skjemteviser, – og frå lyrikken frå vår eiga tid. Visene vert vidareutvikla gjennom møte mellom musikarar med fotfeste i kvar sin sjanger. Her møtes tre musikkformer; folkemusikk, jazz og klassisk.

Det vert nattkonsert i Bø kyrkje m/ Dvergmål som tel Øyonn Groven Myhren, Jon Anders Halvorsen, Marit Mattisgard og Turid Spildo Nerdrum.

Telemarkfestivalen er ein viktig arena for den tradisjonelle folkemusikken; på Gullbring-konserten «Gode Grannar» skal utøvarar frå Buskerud vise seg fram innan spel, kveding og dans.
«Borgjakonserten» vert i år med Åse Teigland, ho er fyrste kvinne i rekkja av spelemenn i denne tradisjonsrike konserten. Det vert elles både spelemannsmøte med Torgeir Straand og Bård Vegar Bjørhusdal og kvedarmøte med Marit Mattisgard og Anne Gravir Klykken.

På klubbkonsertane byr me på følgjande grupper: Frigg (Finland/ Norge), The Tramps (norsk/irsk folk-rock), Bengalo (sigøyner/ Balkan), Kvarts m/ Jo-Asgeir Lie, Øystein Rudi, Tom Willy Rustad og Erlend Styve, samt gjestene Birger Mistereggen og Berit Opheim. Det vert òg eigen munnharpekonsert med Svein Westad og vietnamesaren Tran Quang Hai m.fl.

Nemnast bør barneframsyninga med Teater Fabel som kjem med «Haugfolk» – Huldras forteljing om Margit Hjukse. Medverkande her er: Inger Merethe Johnsen og Leif Winter. Det blir òg barnekonsert med Vamos A Cuba Carlos eldes, Luisón Medina og Inge Sunde. Her blir det både musikk, dans og song frå Cuba.»

Ledige stillinger

— Enno er ikkje alle utøvarane nemnde, så fylg med, skriv Telemarkfestivalen til sist. Meir informasjon finn du på heimesida www.telemarkfestivalen.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002: Magi og mangfald

I opningstalen ønska Prinsesse Märtha Louise lukke til med håp om spananande og magiske festivaldagar i Bø. Og Telemarkfestivalen 2002...

Nivelkinn

«Nivelkinn»-CD får «kongeleg» lansering

1. august kjem «Nivelkinn» på CD med Heilo/Grappa som utgjevar. Lanseringa skjer i Bø i Telemark eitt år etter suksessframføringa...

Gunnhild Eide Sundli, Gåte

Prinsesse Märtha opnar Telemarkfestivalen

Prinsesse Märtha Louise har takka ja til å foreta den offisielle opninga av Telemarkfestivalen i Bø torsdag 1. august 2002....

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002 – eit moderne folkemusikkprosjekt

Under mottoet «Eit moderne folkemusikkprosjekt» kan Telemarkfestivalen presentere to nye bestillingsverk, samt to urframføringar og fleire komande stjerner på folkemusikkhimmelen....

Telemarkfestivalen

Tilfreds Telemarkfestival

«Høy kunstnerisk kvalitet og godt publikumsbesøk», sier Telemarksfestivalen selv, etter at årets tilstelning ble avsluttet på søndag. Nærmere fireogethalvt tusen...

Telemarkfestivalen

Hyller Myllarguten

Telemarkfestivalen retter i år fokus mot en spesiell jubilant: Myllarguten, som ble født i 1801. Arrangørene lover igjen at tradisjon...

Flere saker

Marthe Valle og Moddi i Aida Refuge Camp Betlehem feb

– ­Det var som en stille enighet mellom oss om at kunsten og stemmene våre er livsviktige

Musiker Marthe Valle og kunstner Jannik Abel deler et sterkt engasjement for Palestina. Sammen har de brukt kunst og aktivisme...

Kongle Trio

Jazzintro 2020 med oppstart på Moldejazz

Koronakrisen avlyste alle fire innledende runder av Jazzintro 2020, men nå legges det et nytt løp med konserter. Startskuddet går...

Tobias Grønborg, NMH utdannet hiphoper.

– Det viktigste verktøyet mitt er å snu dritten til en gave

Det var i de dager jeg gikk rundt i oslobyen og var iddiot. Doglover95 inviterer oss inn på baksida.