Hopp til innhald

Telemarkfestivalen 2002 – eit moderne folkemusikkprosjekt

Under mottoet «Eit moderne folkemusikkprosjekt» kan Telemarkfestivalen presentere to nye bestillingsverk, samt to urframføringar og fleire komande stjerner på folkemusikkhimmelen. Eit av bestillingsverka er «Blå Morene» med Karl Seglems FolkJazzEnsemble.

Festivalen stadfestar med dette sin posisjon som ein av dei fremste arenaene for det nye som rører seg innan sjangeren. Folkemusikken står i dag fram som ei livskraftig og vital musikkform. Og Telemarkfestivalen er ein arena som gjev artistane rom til å boltre seg innanfor den rike tradisjonen samtidig som ein gjev dei fridom til å vise fram sine eigne samtidsuttrykk.

Ei viktig satsing for Telemarkfestivalen i 2002 vil vere å ta samtidsfolkemusikken på pulsen; frå etablerte artistar som serverer det ypparste av kvalitet til yngre nyskapande musikarar som går sine eigne vegar. Kreativiteten og kontakten mot andre kunstuttrykk er større enn nokon gong – festivalen vil i år mellom anna legge vekt på møte med musikarar med minoritetsbakgrunn. Eventyr og forteljartradisjonen vil òg få ekstra fokus i år, og det er spesielt gledeleg at Prinsesse Märtha Louise står for den offisielle opninga av festivalen.

Bestillingsverk/ urframføringar under Telemarkfestivalen 2002 er m.a. «Blå Morene» av Karl Seglems FolkJazzEnsemble, «La historia de Carlos» – Carlos Jeldes si livshistorie med m.a. Mari Boine, «Flomål» – viser frå Nord-Norge ved Ola Bremnes med Susanne Lundeng og band, og «Gåtesong» – eit kvedarmøte mellom Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen. Det vert elles og konsert med det rocka folkemusikkbandet Gåte på Kroa i Bø 2. august.

Telemarkfestivalen 2002 presenterer også desse internasjonale artistane: Julie Murphy/ Fernhill (Wales), Krishnas Kusine (Iran, Sri Lanka, India, Nor), Sinkelipass (Sverige), Three`s a Crowd (Irland), Oleman (Sverige, Norge), Joanne Murray (Skotland), Daniel Sandèn-Warg (Sverige), Mellbom (Noreg, Sverige).

Av spesielle prosjekt kan me nemne seminar om forteljarkunst,og festivalsøndag på Kvennøya med eventyrforteljing, folkedans og sirkus. Opningskonserten går føre seg torsdag 1. august, og meir informasjon finn du på denne lenka.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Gunnhild Eide Sundli, Gåte

Prinsesse Märtha opnar Telemarkfestivalen

Prinsesse Märtha Louise har takka ja til å foreta den offisielle opninga av Telemarkfestivalen i Bø torsdag 1. august 2002....

Telemarkfestivalen

Tilfreds Telemarkfestival

«Høy kunstnerisk kvalitet og godt publikumsbesøk», sier Telemarksfestivalen selv, etter at årets tilstelning ble avsluttet på søndag. Nærmere fireogethalvt tusen...

Nivelkinn

Folkefest med prinsesse Märtha Louise

Prinsesse Märtha Louise kjem til Bø og Telemarkfestivalen for å stå for den offisielle opninga av den 13. festivalen torsdag...

Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002: Magi og mangfald

I opningstalen ønska Prinsesse Märtha Louise lukke til med håp om spananande og magiske festivaldagar i Bø. Og Telemarkfestivalen 2002...

Gåte,

Trolske Gåte: Hulderlokk og spontan-nudisme

Gåtes debutalbum «Jygri» er det foreløpig siste forsøket på å blande norsk folkemusikk og progressiv, til tider pompøs rock. «Gåte...

Øyonn Groven Myhren

Bluesfri Telemarkfestival med 140 artister

Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 14. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen seier...

Flere saker

Khalid Salimi på sitt kontor på Melahuset.

Khalid Salimi: Gir Midtøsten større plass – og slutter som sjef for Melafestivalen

– Der ute, på gata, i kiosken på hjørnet, spilles det de bryr seg om. Melafestivalen vil fortsette å speile...

De nye lokalene til Toothfairy Farm ligger i Løkketangen i Sandvika, et par togstopp utenfor Oslo.

Samler tech og musikkbransje: Kulturgründere får flere kvadratmetre til rådighet i Bærum

Fra halvtomt kjøpesenter til kreativ hub: Selskapet Toothfairy vil lage en tech-hub knytta til musikkbransjen.

Hans Ole Rian, forbundsleder i Creo

Creo om koronasituasjonen: Ber regjeringen om tiltak

– Koronaviruset setter oss i en situasjon vi aldri har vært i tidligere. Dette kan ikke kulturlivet makte på egenhånd,...