Karl Seglem

Telemarkfestivalen 2002: Magi og mangfald

I opningstalen ønska Prinsesse Märtha Louise lukke til med håp om spananande og magiske festivaldagar i Bø. Og Telemarkfestivalen 2002 blei ein publikumssuksess prega av mangfald og eventyrleg stemning. Meir enn 5500 besøkte festivalarrangementa – dette er det største besøkstalet vi nokon gong har hatt, skriv festivalen i ei pressemelding.

Kalender

Telemarkfestivalen har no etablert seg som ein viktig arena for nyskapande bestillingsverk og urframføringar. Både Seglem sitt FolkJazzEnsemble med «Blå Morene» og Carlos Jeldes’ «La historia de Carlos» fekk strålande mottaking av publikum og presse. Også urframføringane «Flomål» med Ola Bremnes sitt band og «Gåtesong» med Ingvill Marit Garnås og Jon Anders Halvorsen, hausta stor applaus og anerkjenning.

Telemarkfestivalen er ein festival for det musikkelskande publikum. Programmet er prega av sterke musikalske kontrastar med intime møter mellom musikarar og publikum. Festivalleiinga reknar årets festival som ein av dei mest vellukka i festivalen si historie, både musikalsk og organisatorisk.

Festivalen sine friluftsarrangement har stor publikumsappell. Mange møtte fram for å få med seg prinsessebesøket på Kvennøya. Utekonserten ved kulturhuset i Bø laurdag og festivaldagen på Kvennøya søndag blei godt besøkt, og det var livleg festivalstemning på begge arrangementa.

Med over 3200 selde billettar har festivalen nådd budsjettmålet for billettsalet. Fleire av festivalen sine konsertar trakk fulle hus – åtte av 24 arrangement var fullsette. Telemarkfestivalen satsa i år på fleire store konsertar i kulturhuset, noko som viste seg å vere vellukka.

Til saman har 160 artistar delteke på festivalen sine konsertarrangement. I tillegg har over 160 delteke på dei 14 ulike kursa. Det er svært gledeleg at mange barn og ungdom har delteke på festivalen sine kurs og konsertar. Barnekonsertane var i år fylt til trengsel.

I overkant av 150 frivillige medarbeidarar har vore i sving i løpet av festivalhelga. Dei frivillige legg ned eit uvurderlig arbeid for festivalen og stemninga blant dugnadsfolka har i år vore svært positiv.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo