
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)
Der Superspreder er langt inne i ein fest på dansegolvet, har Geir Sundstøl vore på roterommet og funne enda fleire lydar. Det er eit spenn i lytteopplevingane i denne utgåva av Ballade jazz.
Men vi startar med ein platedebut som har eit mørkt bakteppe.

John Andrew Wilhite – Bristol Silence (Motvind 2025) (Foto: Coverdesign ved Greyory Blake)
John Andrew Wilhite – Bristol Silence (Motvind 2025)
Før, under, og etter andre verdenskrig, var det husorkesteret leia av Øivind Bergh som underholdt på Hotell Bristol i Oslo. Dette er orkesteret som sidan vart til Kringkastingsorkesteret (no Kork).
Det var det ingen som snakka om. Og denne forteljinga har komponist og kontrabassist John Andrew Wilhite hatt som kreativt utgangspunkt i verket Bristol Silence, som allereie har vunne ei rekke med prisar. No er musikken ute på plate, og musikken er stor også her.
Forteljinga kan du lese meir utfyllande om i Ballades intervju med Wilhite her.
Det opnar med den skrapande lyden av ei grammofonplate, vi høyrer Bristolorkesteret. Gradvis tek Wilhites «Bristolorkester» over – dei speler stilla. Verket er skrive for same instrumenteringa som det opprinnelege orkesteret, her spelt av nokon av dei mest interessante på sine instrument.
Vi møter vokalistane Sofia Jernberg og Robin Steitz. Jernberg kjenner nysgjerrige lyttarar frå ei rekke utgjevingar særleg i jazz- og impro-verda, ofte med halsbrekkande vokalakrobatikk. Steitz er derimot eit nytt bekjentskap iallefall for meg, og hennar rolle er sentral i lydbiletet – eg får assosiasjonar til Kurt Weill. Ikkje så fjernt, akkurat.
Wilhite har nemleg leika seg med musikalske uttrykk frå den tida. Men heile vegen med eit forstyrrande ubehag. Ofte høyrer vi eit øydelagt og stygt festorkester i ein vulgær swing. Og denne swingen går vi inn og ut av, ofte på ein vittig og absurd måte.
Reint klangleg tek Wilhite tak i lydar eller motiv, initiativ frå enkeltinstrumenta . I «As Many Sighs» blir dei glidande tonane frå Jernberg og Steitz orkestrert og ramma inn. Omtrent så stemmene har orkesteret som ein effektboks, til tider. Det kjem eit fantastisk(!) «Intermezzo» der Wilhite er aleine med kontrabassen. Ikkje berre er dette virtuost (og fascinerande presist!), men det er i seg sjølv eit stort stykke musikk. Det er ei musikalsk hending som står for seg sjølv.
Klarinetten til Andreas Røysum er levande til stades, og med ei blåserrekke som er rikt arrangert. Lytt til «As Many Sighs II».
Bristol Silence er eit stort verk, det inneheld så mykje, og det kan med fordel lyttast til nokre gongar før du fattar storleiken. Første gong kan det nesten vere noko uforløyst. Men Wilhite har gått djupt inn i ideane sine. Men lyttar du til det fleire gongar, blir du overraska over kor mykje rom her faktisk er. Det er ei bredde i uttrykk her, og det er ei full utnytting av det klanglege spekteret som ligg i orkesteret.
Dei avsluttar med ein slags blues, ein som overveldar oss, som viser til at det er noko større her. Og eg tenkjer at denne stilla, passiviteten som Wilhite peikar på, er like relevant i dag. Og utan samanlikning forøvrig får eg tanken over til årets satiretekst nr. 1 frå Larry David (Seinfeld-skapar og mannen bak Curb Your Enthusiasm) i New York Times – My Dinner with Adolf.

Superspreder – Notification Generation (Sonic Transmissions 2025) (Foto: Sonic Transmissions)
Superspreder – Notification Generation (Sonic Transmissions 2025)
Når dyktige og kreative musikarar bestemmer seg for å gjere noko festleg, musikk med overskot og kick, altså – du høyrer det med ein gong. Superspreder er den unge superkrafta frå Trondheimsmiljøet, som rykta byrja å gå om allereie nokre år tilbake. Men først no kjem den første longspelaren.
Det første som slår meg er eit mykje meir utvikla og variert uttrykk på denne plata enn dei singlane eg har høyrt før, og for så vidt det dei spelte live for nokre år sidan.
Delvis er dei lause i snippen, eksploderer fritt ut – men på den andre sida er også låtane tighte, ideane godt skrudd.
Vokalist Miriam Kibakaya er punchy og rik, og gjennom plata syner ho eit stort dynamisk spenn.
Det er fleire høgdepunktlåtar. For eksempel opningslåta «Trash Can Hills», med melodiar og riff som minner om Esperanza Spalding, for å nemne ein gamal ungdom. Ein utrulig gøy hiphop-ish groove i «Kill it Before It Breeds». Og i kvar av desse låtane, så er ideane tenkt eit par runder gjennom. Korleis kan ein høyre det? Eg trur det handlar om uventa småting. Vokallyden skrudd på ein gøyal måte. Trommegrooven er holdt simpel her, eksplosiv der. Det er fantastiske blåser-arrangement, sjølv på små «uviktige» stader. Blåserrekka med Amalie Dahl, Guro Kvåle og Mona Krogstad er toppa lag.
Det er energi som først og fremst er varemerket til Superspreder. Men på Notification Generation er ikkje energien ein ukontrollert galskap, men meir som optimalisert spurtar.
Det er varmt i veret, og tid for å hoppe i supersprederen!

Geir Sundstøl – Sakte film (Hubro 2025) (Foto: Raymond Mosken, design: Aslak Gurholt)
Geir Sundstøl – Sakte film (Hubro 2025)
Geir Sundstøl feirar ti år som soloartist, men som kreativ musikar er han å finne på hundrevis (sikkert) av plater langt tilbake i tid.
I det vesle studioet hans, Studio Intim, har han plass til alle antikvitetane og snurrepiperiane sine som han har samla med seg opp gjennom åra, og med nysgjerrige øyrer har han arbeida fram eit instrumentalt vokabular som gjorde solokarrieren uunngåeleg.
Opninga på Sakte film, «Mats», er som ei scene i ein storfilm der ein eller annan seier replikken «Welcome!», før eit stort landskap opnar seg med strykarar og det heile. Eg tenker Lawrence of Arabia, eller noko i den duren. Det er sjølvsagt Mats Eilertsens fingerspitz-spel på kontrabassen vi høyrer. Under har Sundstøl det fargerike flettateppet.
Det er drøymande musikk, og lett å skjøne at Sundstøl har fått fleire oppdrag om å lydlegge podkastar og filmar. Men det er også givande å lytte til Sakte film, berre lytte til lydane i seg sjølv.
«Divan» har for eksempel noko barokt over seg (barokken snik seg inn overalt framleis, altså). Klangleg trygg sorg.
Andre gongar er musikken meir kårny. På ein god måte! Som på «Maroder misjonær» – du høyrer det jo i namnet. Med eit riff som er likefram.
Og så er det analogt. Gjennomgåande analog feeling. Musikken er spelt inn på teip og klippa og limt, som han sjølv fortel i presseskrivet. Det er i det heile tatt nok anti-KI over heile vibben her. Grove lydar. Sundstøl driv med lydnysgjerrig musisering, akkurat som du høyrer smilet bak musikken når «aha – der er linja – der er lyden!». Og han plasserer dei riktige lydane akkurat der dei trengst.

Espen Reinertsen, Anja Lauvdal/Christian Winther – Night as Day Day as Night (SOFA 2025) (Foto: Sofa)
Reinertsen/Lauvdal/Winther – Night as Day Day as Night (SOFA 2025)
Espen Reinertsen er ein saksofonist eg lenge har vore glad i. Hans Forgaflingspop på SusannaSonata i 2015 har jamleg rotasjon her i huset. Han har nokre unike, varme tonar i seg. Her på Night as Day Day as Night er han med ekteparet Christian Winther, gitarist, og tangentisten Anja Lauvdal.
Det første som slår meg er kor roleg det lét. Vi blir liksom sette rett inn i ei ro, og musikken står eigentleg heilt stille gjennom dei stutte 25 minutta utgjevinga varer. Musikken skal liksom ingen veg reint dynamisk, og det gjer lytteopplevinga til noko anna. Vi må endre innstilling.
For likevel skjer det jo heile tida noko – i dei små lydvariasjonane. Somme gongar opplever eg klangen som eit pulserande sår, der blodet pumpar rundt i kroppen. Lågfrekvent. Andre tider er musikken i det meir direkte – særleg med Christian Winthers snille kassegitar. Det er i det heile tatt venlegsinna harmoniar.
Men meir enn meditasjonsmusikk, så er dette ei av desse utgjevingane som liknar fotografiet, biletet. Det er stillbilder, tenkjer eg.
For brått tek det slutt. Og det er det einaste eg skulle ynskje meg – at eg kunne vere i det lenger når vi først hadde landa i det. Kvar er neste halvpart? Kanskje må vi fylle den sjølve.
Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk. De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

Ballade video: Drømmer om barndommen
Super sommermeny med musikkvideoer fra Levina Storåkern x 2, St. Niklas, Quarter Wolf, Hamstermann, El Cartel, Therese Ulvan, STORM & Fixation, Ole Evenrud og Henning Kvitnes.

Hvor brenner det, Guro Furunes Pettersen og Chris Schaal?
Evner bransjen å bevare en grasrot av ny kreativ musikk og bransje utenfor hovedstaden? Og hva kjennetegner egentlig en vellykket undergrunnsscene?

– Øyafestivalen må ta et oppgjør
Utestedet Blå avslutter samarbeidet med Øyafestivalen i protest mot festivalens eierskap.

Øm virvelvind. Axel Skalstad (1992-2025): Jeg blir bare så glad av å se deg spille.
Minneordene over trommeslager Axel Skalstad er skrevet av Filip Roshauw. Skalstad gikk bort i en ulykke nylig, altfor ung med sine 32 år.

Så vanskelig er det ikke.
Hva om likestilling på festivalene bare var...helt vanlig?

Dette ble vedtatt på Tonos årsmøte 2025
Under årets møte ble de fleste foreslåtte endringene i vedtektene vedtatt, men noen sentrale forslag falt.