
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)
Det slår ikkje feil.
Kvar gong eg set meg ned for å lytte til denne musikken, så forsvinn det meste. Det meste av agg eller ugg eller anna pessimisme. Det står ofte på musikk, i bakgrunnen, i forbifarta eller hos naboen, for den del. Men tek du deg tid til å lytte til musikk, så er det uunngåeleg at det er terapeutisk på eit eller anna nivå.
Det har etterkvart blitt ein kjepphest for meg, men slik er det med all musikken eg skriv om i denne spalta – det handlar vel så mykje om korleis du lyttar, som kva du lyttar til.
Treverket – Et Bedre Sted (Eget Selskap 2025)
Som du kanskje forstår – håpefull musikk er det beste eg kan få i desse tider. Eg trur ikkje eg er aleine. Og med gruppa Treverket kjem musikken håpefull, feelgood, raus og avslappa.
Et Bedre Sted.
Eg let meg forføre av tittelen også, eg.

Treverket – Et Bedre Sted (Eget Selskap 2025) (Foto: )
Det er gitarist (m.m.) Mathias Marstrander og trommeslager Martin Hjetland som står i front av dette sjumannsorkesteret frå Bergen. Det er vel det som er «Et bedre sted», skal du sjå. Blåserrekke og heile pakka, fyttikatta.
Det er noko befriande upretensiøst over denne musikken. Det lét først og fremst fett og leikent, utan så mykje fiffige påfunn. Eg elskar for eksempel den barnlege synthlyden på «Glede», eit leiketøy. Og så omfamnar dei steelgitar, då – håpets eige instrument. Marstrander sin steel-solo på «Drømmende», over ein utanomjazzisk synthlyd igjen, hoppar eg stadig tilbake til. Ikkje berre gir det mjuke anslaget på steel-gitaren deg ei massasje, men det løftar deg faen meg religiøst opp i ljoset.
Dei har også kasta seg på blåserrekke-soundet som er in om dagen. Eg veit ikkje heilt kva som blir gjort, men høyr berre på den tighte lyden av dei tre blåsarane, der du høyrer kvart enkelt instrument crispt med alle sine klaffar, tunger og luft – men samtidig er det som om det er spelt av ei hand på tangentar. Harmoniane blir slått rytmisk på trommehinna.
På slutten av plata sat eg og plystra til låta «Allsang». Gjer det, du også.
Jo David Meyer Lysne – For renstemt klaver (Hubro 2025)

Jo David Meyer Lysne – For renstemt klaver (Hubro 2025) (Foto: )
Altså, når vi først er inne på trommehinna. Om sjølve sjela er ustemt, kan du alltids lytte til Jo David Meyer Lysne.
Sidan nokre vidunderlege gitarplater i debuten (Meander i 2017 og Kroksjø i 2020, for eksempel) har Meyer Lysne dei siste åra eksperimentert meir og meir med andre strengar, eller til og med smelta isvinyl. I dag omtalar han seg sjølv som instrumentbyggar i same slengen som komponist.
Denne gongen har han fått flygelets strengar til å klinge – «Selv om pianoet ankommer scenen uten en pianist, er det ikke alene.» Eg siterer ublygt frå presseskrivet. Ei setning som seier alt. Denne musikken er nemleg oppdaga, meir enn han er skapt.
Gjennom dei seks spora på plata blir vi sakte slukt av klangane. Frekvensane er ikkje alltid høyrbare, men merkbare. Det går sakte, og det går innover i flygelet – langt inn.
Her er det elektronikk, ingeniørkunst, matematikk og mekanikk – kva er det så, som likevel gjer denne musikken så djupt menneskeleg?
Jau, det Meyer Lysne har gått etter når han har lytta, er kva som treff han. Det er altså lyttaren Jo David som er hovudutøvaren her.
Christian Winther – Sculptures From Under the City Ice (Earthly Habit 2025)

Christian Winther – Sculptures From Under the City Ice (Earthly Habit 2025) (Foto: )
Gitaristen Christian Winther har gått gjennom byen og funne skulpturar i elveisen.
Sjølv om musikken til Winther også er drive av ord, så må eg berre innrømme at eg har hengt meg opp i lydane her, eg. For så vidt også lyden av Christian Winther som syng. Og er du det minste glad i lyden av gitar, så er dette ein draum å lytte til.
Christian Winther har med seg gitarkollega Lars Ove Fossheim på plata, og begge to har alltid hatt eit kreativt handelag med gitaren, og ein kjærleik for det rare. Høyr berre på tittellåta. Det er alle dei rare små utbrudda i bakgrunnen! Eller for å seie det med ungdommen – «it’s the weird guitar outbursts for me». Både Winther og Fossheim er meistrar på nettopp det.
Og slik stikk også det øvrige i lydbiletet seg ut. Alt med ein tydeleg plass, skrudd til eit uttrykk som skal ha noko å seie – det er definisjonen av velprodusert. Frå Anja Lauvdal på diverse synthar, Magnus Nergaard på bass og Hans Hulbækmo på trommer. Produsent Lasse Marhaug skal heilt sikkert ha noko av æra her.
«Monochrome» er forresten ein favoritt du kan gle deg til – med ein latterleg gøyal groove frå Hulbækmo.
Winther har gitt ut to fine plater under eige namn tidlegare, men Sculptures From Under the City Ice er komplett. Dette er vakkert, intimt og catchy – slitesterk musikk. Ikkje trendy og notidig, men ei sånn plate eg vil leite fram i mange år framover.
Stein Urheim – Speilstillevariasjoner (Hubro 2025)

Stein Urheim – Speilstillevariasjoner (Hubro 2025) (Foto: )
Speilstillevariasjoner består av ein del repetitive mønster, ein del merksnodig elektronikk, og minst to delar av hus-ingrediensen «vare tonar».
Men musikken overraskar meg likevel – som noko heilt nytt.
Mikrotonalitet, reinstemming og gitarar utan band opnar nye vegar for Stein Urheim. Og han har med seg uttrykkssterke musikarar. Ikue Mori sin synth-skugge av felespelar Hans P. Kjorstad. Siv Øyunn Kjenstad som støttar opp under grooven som brenn i fingrane til resten av bandet. På «Kjenn Gravitasjonen» spelar ho for eksempel dette heilt ut. På denne er det også særskild morsomt å høyre samspelet med elektronikken – uvisst frå kven den kjem frå denne gongen.
Sjølv om eg i denne spalta tek for meg norsk jazz og omeign, så har Sam Gendel dukka opp fleire gongar allereie. Han har ei rekke innovative utgjevingar dei siste åra, blant anna i Dream Trio med Hans Kjorstad. Ja, han dukka til og med opp i lyttetopplista mi i fjor – eg er visst rett og slett forelska i fyren. Saksofonisten frå California tilfører noko litt anna til desse norske musikarane, det får liksom ein twist.
Halvvegs ut i plata, på «Ferskvannsdelfinens Blues», når dette repetitative gitarmotivet kjem igjen, så slår det meg at denne musikken kanskje kan opplevast som stor 70-tals progrock som har blitt skrella ned av ein zen-buddhistisk kunstnar. Det er noko med det store og det vesle der, som er suksessoppskrifta til Urheim.

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske
I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner
Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide
Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal
Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.
Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn
Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.