Tuva Halse Quintet har gitt ut eit album som gjennomgåande er levande: – La klangen varme opp stova i haustkulda! (Foto: Marius Beck Dahle)

Musikk som klåre haustfargar, musikk som tvingar oss ut av det dølles tyranni

Veslemøy Narvesen og Tuva Halse kjem med gjennomsolid handverk på kvar sin måte, og Brutter gir oss sonisk massasje. Saman med live-favoritt Andreas Røysum Ensemble er dette den beste musikken akkurat no.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Det er like fascinerande kvart år – haustfargane ser nesten kunstige ut. Som om vårherre har skrudd på filteret vivid. Og av og til høyrer vi musikk som også opplevast på same måte – skarp, klår og tydeleg treff den øyregangane.

Det er ein fellesnemnar på alle fire platene i denne utgåva av Ballade Assosierer. Klare haustfargar både gjennom klang, komposisjonar og improvisasjonar.

 

 

Tuva Halse Quintet – TWO (Jazzland Recordings 2023)

Tuva Halse – Two (Jazzland Recordings 2023) (Foto: )

Fiolinist og komponist Tuva Halse har på kort tid blitt synleg i ei rekke ulike prosjekt. Når ho her debuterer med eigen kvintett, har ho med seg nokre av dei mest spennande unge musikarane i dag – trompetist Oscar Andreas Haug, bassist Gard Kronborg, trommeslagar Øyvind Leite og pianist Benjamin Gisli Einarsson. Sistnemnde har forresten også nyleg gitt ut ei sterk trioplate.

Halse er like oppteken av energien i pausane mellom tonane

Frå første låt «Zeptember» er det det solide musikarhandverket som skin i mot oss. Og då særleg frå Halse sjølv. Ho har ei tydeleg bumerke i spelet sitt, prega av både folkemusikkstilar, jazzfele og det vi kanskje kan kalle ECM-fele? Halse skaper melodiar og linjer, men aller mest så skaper ho ulike rom i musikken. Som ein teiknar er medviten på lerretet han teiknar streken på, er Halse like oppteken av energien i pausane mellom tonane som tonane. Høyr berre på enkle, men sterke tittellåta «Two».

Halse står i fleire tydelege tradisjonar på dette albumet, men gjennom kreativitet og nerve, så skil stemma hennar seg tydeleg ut. Komposisjonane er varierte, musikken er levande og vi mister aldri interessen. I eit såpass «soft» uttrykk, finst det mange fallgruber, men her klarer kvintetten å halde energien og nerven gjennom heile plata.

Høgdepunktet er «This Makes Me Understand» der samspelet mellom nettopp Halses stille, såre felespel og Kronborg sitt særeige basspel verkeleg får skine.

La klangen av Tuva Halse Quintet varme opp stova i haustkulda!

 

Veslemøy Narvesen – We Don’t Imagine Anymore (Jazzland Recordings 2023)

Veslemøy Narvesen – We don’t Imagine Anymore (Jazzland Recordings 2023) (Foto: Torkjell Hovland)

Trommeslagar Veslemøy Narvesen syner med We Don’t Imagine Anymore at ho ikkje berre er ein av våre fremste trommisar, men ein sterk solist, artist, komponist. Og ein kunne jo mistenke det gjennom trommespelet vi har høyrt, at dette er ein musikar med øyre for heile det musikalske landskapet.

Eg veit ikkje heilt kva det var, men det var noko som rørte meg umiddelbart då eg høyrde låta «Andre Rom» for første gong. Og for ein som er notorisk dårleg på å få med seg tekst på første gjennomhøyring, så trur eg det handla om det sårbare i stemma hennar, i klangen av orda på sørlandsdialekt, den utilslørte talenære songstemma. Og for eit løft vi får i pianosoloen til Håvard Aufles på same låt – då flyg vi!

Låtane på albumet er tvers gjennom solid handverk. Eit handverk som handlar om å lage gode låtar, og ikkje fiffige jazzkomposisjonar. Likevel skin kjærleiken for kjenslefulle harmoniseringar og klangmedvitne arrangement gjennom. Plata er dessutan miksa kreativt, noko som ytterlegare er med på å skilje musikken ut frå bunken.

Narvesen er ein mykje brukt trommis, og albumet sprudlar av mangfaldig inspirasjon frå alle desse prosjekta. Lydbiletet inneheld element frå alle sjangerretningar også lydmessig, og den kreative bruken av desse elementa er med på å forme Narvesens unike uttrykk. Det er fascinerande kor tydeleg jazz-indusert uttrykket er utan at det går på bekostning av dei umiddelbart fengande pop-låtane. Slik sett er dette ei overraskande tydeleg og heilskapleg plate. 

«Sink» har allereie klart å bli etablert som ein av årets norske hits dei månadane singelen har ligge ute. Temaet blir finurleg plassert som varianten «Sink Past the Sun». Plassen denne låta har på plata peikar på noko sentralt i suksessoppskrifta – alle uttrykka, i alle sine retningar, heng saman i ein heilskap på denne plata.

Eg blir inspirert av å lytte til Veslemøy Narvesen.


Brutter – Outta (SusannaSonata 2023)

Brutter – Outta (SusannaSonata 2023) (Foto: )

Å lytte til dette albumet er som å bli sonisk massert i øyrer og hjerne.

Boom, clap, boom.

Brørne Christian og Fredrik Wallumrød som utgjer duoen Brutter er eitt i denne organiske elektrogrooven. Samspelet er elektrisk – pun intended. Dei har gjennom fleire utgjevingar og samarbeid skapt ei lydverd, eit språk.

Lydane kjem ofte brått og uføreseieleg, men like fullt så groovar det. Det er ein leik i «time» med lyttarens forventingar, og det er som vi høyrer at dei overraskar kvarandre også – høyr berre på ustreite «Straight». Det blir spasmisk dans av slikt.

Dei åtte låtane står som enkle små lydportrett på ein vegg i eit galleri.

I det ligg det også at her ikkje er noko overflødig eller unødvendig. Det er store lydar, som blir brått avbrutt. Musikken er ikkje minimalistisk, og heller ikkje maksimalistisk. Der ligg denne musikkens viktigaste kvalitet – i lyttande samspel tør dei å ta mykje plass med lyden når dei først tek plass.

Sjølv om live på Hærverk eller Dunk nok er den aller beste plassen for Brutter, så vil eg varmt tilrå eit godt headset og modig volum. Det er ein rus i seg sjølv.


Andreas Røysum Ensemble – Mysterier (Motvind 2023)

Andreas Røysum Ensemble – Mysterier (Motvind 2023) (Foto: Torkjell Hovland)

Konserten med Andreas Røysum Party Ensemble under Sildajazz i år, står framleis som årets beste konsertopplevingar for meg. Det var ei frigjerande kraft som fylte rommet i det Røysum vandra rundt i lokalet og tvinga oss ut av det dølles tyrrani. 

Det er for så vidt ikkje så viktig at dette ensemblet har nokre av dei fremste musikarane på sitt felt, kva no enn det betyr – sjølv om soloane gir jazznørdane der ute kick – kontrabassoloen til Christian Meaas Svendsen, eller fløytesoloen til Henriette Eilertsen som strålande eksempel. Det sentrale er haldninga desse musikarane har til musikk. Ei grunnleggande tru på at musikk er universets helande kraft. Og gå ikkje i fella å anta det som pretensiøst, for det handlar om det rakt motsette – dette er musikk på det djupaste leikne alvor.

Trombonist Øyvind Brække og Røysum er musikalske brødre i denne leiken. Humoren er aldri gimmicky, men kjem frå ein indre fridomstrang. Er det vittig, så er det vittig – det viktigaste er at det er sant.

Andreas Røysum Ensemble på Oslo Jazz Festival 2023 (Foto: Joakim Lied Haga)

Med plata Mysterier får vi denne krafta inn i stova. Vi høyrer at musikarane har låge skuldrar, det er avspent, men desto meir er det nerve og spenning i musikken. På innspelinga får vi fram fleire detaljar som lett forsvinn i live-samanheng. Rasmus Kjorstad sitt finurlege felespel i dialog med saksofonar, klarinett og trombone for eksempel.

Og med Sofie Tollefsbøl sitt bidrag blir musikken løfta til nye høgder – «Hares on The Mountain» blir sunge med ei trygg ro og kraft som er i klasse med legendariske soulvokalistar. Medan skotske «Barbry Allen» er sår, og blir nesten like sterk som i rommet eg høyrde den første gong – gå på konsert!

Ein moderne klassikar? Eg er iallefall frelst.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.