Dataspill er foreslått som det syvende kunstuttrykket i Den kulturelle skolesekken. (Foto: Knut Sørhusbakken)

La ikkje kriseløysingar forma det nye digitale innhaldet i Den kulturelle skulesekken

– Eg trur ikkje problemet ligg i skepsis mot nye, digitale medium, men at mange av dei digitale produksjonane som blir tilbodne til Den kulturelle skulesekken er gamle, analoge medium rulla i digitalt glitter. Det skriv stipendiat Egil Ovesen i eit tilsvar til Marit Bakken og Ketil Hustads kronikk om mediepanikk i DKS.

Kalender

Denne kronikken er eit tilsvar på Har Den kulturelle skolesekken fått mediepanikk? av Marit Bakken og Ketil Hustad.

Av Egil Ovesen, doktorgradsstipendiat ved Møre og Romsdal fylkeskommune og Universitetet i Agder

Egil Ovesen er doktorgradsstipendiat ved institutt for visuelle og sceniske fag, UiA. Han har i fleire år jobba i Rogaland fylkeskommune med kunst og kultur til barn og unge, mellom anna i Den kulturelle skulesekken. (Foto: Privat)

I ei tid med pandemi og der utøvarar og formidlarar ikkje kunne oppsøka skulane i like stor grad som før, gjorde Den kulturelle skolesekken (DKS) Trøndelag ein beundringsverdig jobb med å stabla på beina produksjonar som elevane kunne få sjå digitalt. Når me nå ser fram til ein meir normal haust, er dei «en smule overrasket over tilbakemeldinger om særdeles laber interesse». I kronikken Har Den kulturelle skolesekken fått mediepanikk? lanserer Marit Bakken og Ketil Hustad ved DKS Trøndelag teorien om at grunnen til dette er mediepanikk.

Eg vil her ta utgangspunkt i dei to produksjonane som Bakken og Hustad brukar som døme i kronikken, pluss forslaget til formidling som ligg i den nasjonale DKS-portalen for desse to og dei filmane som høyrer til. Filmane er profesjonelt og kunstnarleg utforma, og dei viser ei stor formidlingsglede.

Digitale produksjonar og nye medium
Fyrst kan det vera nyttig å prøva å oppklara to omgrep. Kronikken Har den kulturelle skulesekken fått mediepankikk? nyttar omgrepa digital produksjon og nye medium.

I denne samanhengen kan omgrepet digital produksjon vera uklart. Bakken og Hustad har heller ikkje definert kva dei legg i omgrepet i kronikken. I ingressen skriv dei «Mange var skeptiske til å erstatte de fysiske produksjonene med digitale tilbod». Ei tolking av deira bruk av omgrepet digitale produksjonar kan dermed vera produksjonar der elevane ikkje møter kunstnarar eller formidlarar og produksjonen blir formidla digitalt.

Under overskrifta Kva er digitale produksjonar? gjev dei to døme som dei omtaler som digitale produksjonar. Den eine produksjonen er ein serie forklarande kortfilmar og den andre er ein dokumentarfilm. I musikk- og filmfeltet er omgrepet digital produksjon nytta for å skilja mellom film og musikk som er innspelt og miksa digitalt og analogt. I dag blir det meste musikk og film produsert digitalt og er med det digitale produksjonar. I tillegg er det mogleg å finna støtte i boka The Language of New Media av Lev Manovich (2001) til å hevda at film allereie på slutten av 1800-talet var det fyrste av dei nye media.

Film har sin rettmessige plass som eitt av dei seks definerte kunst- og kulturuttrykka i Den kulturelle skolesekken. Omgrepet «nye medium» vil alltid vera eit omgrep i endring, sidan nye medium etter kvart vil bli gamle medium. Etter at The Language of New Media blei utgitt har både sosiale og interaktive medium blitt ein del av kvardagen for dei fleste av oss, og er blant det me i daglegtale omtaler som nye medium.

Mediepanikk
Formidlingsforma til begge dei to produksjonane som Bakken og Hustad bruker som døme er film. Etter godt over hundre år kan neppe film reknast som eit spesielt nytt medium lenger. Panikken for film som «en prostituert smittespreder» er over. At filmane er produserte digitalt og at dei blir viste via vimeo, datamaskin og projektor på skolen, gjev liten skilnad for sjåarane og utløyser ingen panikk.

Fordelar med film som formidlingsform
Å digitalt strøyma film som formidlingsform for andre kunstartar har nokre fordelar på eit rekneark. Den eine er tid. Bakken og Hustad viser til at «syv utvalgte kunstverk får en fokusert presentasjon som tar 24 minutter av en skoledag – og ikke en hel skoledag, som kreves for å møte fysisk på museet.» Den andre reknearkfordelen, som ikkje Bakken og Hustad nemner, er økonomi. Det er billigare å visa ein film enn å bussa elevane til galleriet eller museet.

Når produsentane i Den kulturelle skulesekken skal velja programmet for det kommande skuleåret, må dei ta viktige val. I Norsk kulturindeks frå Telemarksforskning er talet på DKS-besøk eitt av to kriterium som blir brukte for å gje Den kulturelle skulesekken i fylka og kommunane ein score. Dei fylka og kommunane som gjer flest DKS-besøk scorar høgast. Dei som gjer elevane få og dyre produksjonar, scorar dårleg. Verkstader og produksjonar der kunstnarane samarbeider med skulane over tid, gjer derfor dårleg score. I ei tid då midlane til Den kulturelle skulesekken står stille og satsane til honorar har stige kraftig, kan det å digitalt strøyma filmar til skulane i staden for å la elevane oppleva levande kunst og kultur, vera ein effektiv måte å få høgare score på. Sjølv med slike insentiv, konstaterer Bakken og Hustad «særdeles laber interesse» for det dei kallar digitale produksjonar innan Den kulturelle skulesekken.

Produsentane i Den kulturelle skulesekken må ta nokre verdival. Skal dei la elevane få oppleva mange produksjonar som kostar lite økonomisk og tar lita tid, eller færre produksjonar som er dyrare og tar lengre tid? Eller ein kombinasjon av desse?

Det er spesielt fire element som kan vera vanskelege å få til like bra med formidling via strøyma film i klasserommet utan at elevane møter kunstnarar eller formidlarar. Det er å sørga for at det blir ekstraordinære opplevingar, sørga for ein passande kontekst, gjera at opplevinga varar lenge nok og å gje elevane rom til å reflektera saman etter opplevinga.

Gabor Vosteen som «Fløytemannen» under Marked for musikk i Larvik i 2019.  (Foto: Knut Sørhusbakken)

Ekstraordinære opplevingar
Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008) er eit av grunnlagsdokumenta for Den kulturelle skulesekken. Der er det presisert at «Den kulturelle skulesekken skal syte for dei ekstraordinære kunst- og kulturopplevingane i skulekvardagen». Konseptet om kunst- og kulturopplevingar som ekstraordinære opplevingar i skulekvardagen samsvarar med forfattar og forskar Ellen Dissanayakes teoriar om kunst som artification og å gjera det ordinære ekstraordinært.

Dei kjenner lukta av nyhøvla trevirke og tjære, ser dei store arbeidsnevane utføra trearbeid med millimeterpresisjon, dei kjenner kor glatt det nyhøvla treverket er.

Å få møta den entusiastiske og karismatiske geitebåtbyggjaren i verkstaden hans kan vera ei slik oppleving. Presisjonen i handverket til båtbyggjaren er ekstraordinær, og elevane møter det med alle sansane. Dei kjenner lukta av nyhøvla trevirke og tjære, ser dei store arbeidsnevane utføra trearbeid med millimeterpresisjon, dei kjenner kor glatt det nyhøvla treverket er, dei får prata med båtbyggjaren sjølv, dei får prata med bestefaren hans som er læremeister og dei får kanskje prøva seg med litt enkelt trearbeide. Filmen er ei fin førebuing til eit slikt møte og kan skapa forventningar og spørsmål. Elevane har vakse opp med dokumentarfilm på fjernsyn og på youtube, og sjølv om dette er ein fin dokumentarfilm, er det ikkje sikkert at å sjå denne i klasserommet i seg sjølv gjer ei like ekstraordinær oppleving som å møta båtbyggjaren i verkstaden hans.

Båtbyggjar Hallvard Heide byggjer geitbåt i dokumentaren og den digitale produksjonen «Geitbåten», produsert av Geitbåtmuseet i samarbeid med DKS Trøndelag. (Foto: Maja Holand)

Konteksten til opplevingane
Dette tar oss vidare til konteksten opplevingane er i. Å flytta kunst- og kulturopplevingane inn i klasserommet og gje læraren ansvaret både for formidling og etterarbeid, kan føra til at elevane oppfattar det som eit undervisingsopplegg heller enn ei ekstraordinær kunst- og kulturoppleving. Eit liknande eksempel er i rapporten Dataspill som kulturuttrykk i DKS-ordningen (januar 2020), der det kjem fram argument som peikar på at elevane oppfatta det eine forsøksprosjektet med dataspel som eit undervisingsopplegg.

Varigheit på opplevinga
Kronikken til Bakken og Hustad held fram at å strøyma filmar tar kortare tid for skulane enn ein DKS-produksjon med fysiske møte. Samstundes kan den korte tida for kunstmøta vera ei ulempe. I doktorgradsavhandlinga Stjerneopplevelser eller gymsalsestetikk skriv Kari Holdhus om turnéformatet til skulekonsertane: «Turnéformatet er ikke særlig egna som møteplass mellom mennesker fra kunstdiskursen og skolediskursen, fordi det ikke gir muligheter til å skape relasjoner og samarbeid over tid.» Denne innvendinga er minst like aktuell for ein film som blir strøyma digitalt til elevane i klasserommet.

Refleksjonar etter opplevinga
Felles refleksjonar etter DKS-opplevinga er med å forma elevanes erfaring frå denne. I rapporten Ekstraordinært eller selvfølgelig frå 2006 skriv Borgen og Brandt om dei monologiske formidlingsmodellane at «Det er typisk at mange har vært involvert i beslutningsprosessene som ligger bak denne typen besøk i DKS-regi på en skole, mens skolen og lærerne har en mottagerrolle. Dette innbefatter ansvaret for å legge til rette og evt. gjøre for- og etterarbeid som gjerne er foreskrevet av noen andre.»

Dei to døma Bakken og Hustad bruker er i høgste grad monologiske formidlingsmodellar, og det er opp til læraren å gjennomføra etterarbeidet. Kvaliteten på dei felles refleksjonane elevane har i og etter ein DKS-produksjon er med på å avgjera kva erfaring dei sit igjen med. I eit museum eller eit galleri er det profesjonelle formidlarar som leiar denne refleksjonen. Nokre av produksjonane som blir formidla digitalt har løyst dette ved å ha dialog mellom kunstnar og elevar over kanalar som Zoom. Denne dialogen kan vera munnleg og via chattefunksjon.

Rapporten Plan B? – Digitale formidlingstilbud i den kulturelle skolesekken (DKS) under Covid-19 peikar både på moglegheitane ved dette og på at mange erfarte at det digitale formatet baud på utfordringar i interaksjonen mellom formidlar og elevar, til dømes dersom elevane valde å ikkje ha på webkameraet.

Det sjuande kunst- og kulturuttrykket
Rapporten Barn og unges stemmer – kunst og kultur (BUSK-rapporten) målber barn og unges stemmer om kunst og kultur som eit innspel til barne- og ungdomskulturmeldinga. Eitt av dei 23 tiltaka for å styrke kunst- og kulturtilbodet dersom barn og unge fekk bestemme sjølv, er å «Løfte frem digitale medier og kunstuttrykk på lik linje med andre kulturformer». I tildelingsbrevet til fylka for spelemidlar til Den kulturelle skulesekken for skuleåret 2020-2021 skriv Kulturtanken at «Dagens barn og unge lever i en medie- og teknologirik virkelighet. For å møte elevene i en skole preget og formet av digitale teknologier bør også tilbudet i Den kulturelle skolesekken reflektere dette.»

Ein generasjon som er vakse opp med digitale medium krev meir enn dette.

I likskap med Bakken og Hustad støttar eg ideen om eit sjuande kunst- og kulturuttrykk i Den kulturelle skolesekken. Bakken og Hustad foreslår at det skal vera «nye medier». Som vist tidlegare i denne kronikken, er dette omgrepet uklart og kan romma gamle medium overført med binære kodar i staden for analoge signal.

Eg trur ikkje problemet ligg i skepsis mot nye, digitale medium, men at mange av dei digitale produksjonane som blir tilbodne til DKS er gamle, analoge medium rulla i digitalt glitter. Som til dømes ein dokumentarfilm om ein båtbyggar. NRK har jo vist slikt i mange tiår. Tilsvarande med filmopptak av konsertar og teaterstykke. Ein generasjon som er vakse opp med digitale medium krev meir enn dette. Ein god digital produksjon må tilby noko ekstra, som til dømes samhandling og fellesskap eller interaktivitet. Det er ikkje bra nok å senda rundt fjernsynsteater, konsertopptak eller dokumentarfilmar om båtbyggarar og innbilla oss at det er eit “digitalt medium” fordi det er på youtube og ikkje på NRK.

For å ta betre å ta inn tiltaket frå BUSK-rapporten, meiner eg at det er betre å nytta omgrepet spel og interaktive medium, slik Kulturtanken tilrår i rapporten Dataspill som kulturuttrykk i DKS-ordningen (januar 2020).

I produksjonar innan eit sjuande uttrykk for spel og interaktive medium er det viktig at Den kulturelle skolesekken ikkje rykkar tilbake til start når det gjeld elevmedverknad og samarbeid med skulesektoren. Rapporten Plan B? – Digitale formidlingstilbud i den kulturelle skolesekken (DKS) under Covid-19 understrekar òg dette: «Fordi så mange av de digitale produksjonene ble produsert på rekorddtid, er vårt inntrykk at elevene ikkje har fått medvirke i produksjonsfasen i same grad som i tradisjonell DKS. På lengre sikt vil det derfor være gode grunner til å øke elevers medvirkning også i produksjonsfasen.»

Spel og interaktive medium byr på nye moglegheiter og kan ha ein kunstnarleg og kulturell eigenverdi. La oss nytta desse moglegheitene og la ikkje kriseløysingar for ei pandemitid prega av Zoom og Teams forma det nye digitale innhaldet i Den kulturelle skulesekken.

 

18. og 19. mars arrangerer Kulturtanken, den nasjonale etaten for Den kulturelle skulesekken, si årskonferanse – denne gongen på nett, og open for alle. Her vil mellom anna digital formidling i DKS diskuterast. I tillegg blir den første barne- og ungdomskulturmeldinga lagt fram fredag 19. mars; stortingsmeldinga som har fått navnet Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo