La ikkje kriseløysingar forma det nye digitale innhaldet i Den kulturelle skulesekken
17/03/21– Eg trur ikkje problemet ligg i skepsis mot nye, digitale medium, men at mange av dei digitale produksjonane som blir tilbodne til Den kulturelle skulesekken er gamle, analoge medium rulla i digitalt glitter. Det skriv stipendiat Egil Ovesen i eit tilsvar til Marit Bakken og Ketil Hustads kronikk om mediepanikk i DKS.