Delish har laga eksperimentell poplukke i langform. (Foto: Eirik Havnes)

Ballade jazz: Alvorleg jazz og poplukke i langform

Noregs svar på Roy Hargrove har kome med haustens peisplate, og ein av dei blidaste konsertane Voss har sett har blitt festa på teip. Dette er dei beste platene akkurat no.

Kalender

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Puh! Det har vore ein intens musikksommar mellom denne og førre utgåve av Ballade jazz. Musikkproduksjonen i avdeling for jazz og slekta veks og veks. Mangfaldet i uttrykk har også blitt større enn kva det var tidlegare, meiner eg. Eg trur at det i dag er lov å vere eksperimentell og nyskapande, grensesprengande, men også – streite og tradisjonelle.

Dette reflekterte også lista over utgjevingar eg kunne velje blant til denne spalta. Men eg sat tydeleg igjen med desse fire platene, som verkeleg har satt seg.

Lyder Røed Quintet – Upside Down (Jazzland Recordings 2024)

Lyder Røed Quintet – Upside Down (Jazzland Recordings 2024) (Foto: )

Vi byrjar i det tradisjonsberande hjørnet.

Trompetisten Lyder Røed er av dei coolaste trompetistane vi har, med ein særleg sterk kjærleik for amerikansk dresskledd jazz. Eg kallar han gjerne Noregs Roy Hargrove. Han er sentral sidemann i FIEH, og dukkar stadig opp i andre populærsoulaktige samanhengar, men med kvintetten sin dyrkar han hardtswingande cool jazz og post bop.

Upside Down er den perfekte heimeplata, no når hausten snik seg innpå oss.

I kvintetten sit kreative musikarar som trommeslagar Elias Tafjord, saksofonist Aksel Røed, og bassist Andreas Svabø. Sistnemnte med ein særleg god bunn! Pianist Philip Granly spenner øyrene mine stramt tidleg, med soloen på «Freedom» eller «It’s been too long» som stjernedøme.

Lyden er fløyelsmjuk, og innspelinga er gjort på Flerbruket med alle musikarane i same rom. Dette grepet får høgtalarane til å lyse magisk opp, og gir assosiasjonar til gamle Blue Note-plater, innspelingar av legendariske kvintettar i «The Church» på Manhattan, for eksempel.

Spelet til Lyder sjølv er likevel det som er det mest givande. Sidan debutplata med kvintetten i 2019, har det modna enno meir, med fleire unikt poetiske linjer. Og det same gjeld komposisjonane. Ballada «Icy» kjem enormt sterkt gjennom, noko som er imponerande med tanke på den særs tradisjonelle forma som er utgangspunktet.

 

Joel and The Neverending Sextet – Marbled (Motvind 2024)

joel and the neverending sextet – Marbled (Motvind 2024) (Foto: )

Eg må berre starte med å seie at tuba og cello! Ah, for ei fryd det klangmøtet er! Heida Karine Johannesdottir Mobeck og Joel Ring har begge vore favorittar i dei djupe frekvensane dei siste åra, men i sekstetten til Joel Ring, så får dei begge utfalde seg i rikt samspel.

Men det same gjeld eigentleg dei musikarane han har med seg for øvrig – ein pianist Milton Öhrström, som spreier kreative idear utover pianoet og til resten av bandet. Ein Karl Hjalmar Nyberg, som særleg gjennom rytmiske skyv og drag motiverer grooven i orkesteret.

Det er fort å gå til ordet «leiken» i såpass fri musikk. Men på Marbled kjennest ikkje dette heilt rett. Det er tvert i mot eit mørke her, eller i alle fall eit alvor, som eg gledar meg over. Både det harmoniske og melodiske forløpet i komposisjonar og improvisasjonar legg til rette for ektefølte og kjenslefylte improvisasjonar. Balansen mellom lytting til kvarandre, og det å nærast proklamere eit musikalsk utsegn er perfekt balansert.

Her tek heller musikken form som poetisk action painting. Lydar og tonar blir kasta ut i rommet, og dannar eit komplekst og abstrakt stykke musikk – ein piece, for å seie det med grafitti-sjargong.

Eit augeblikk stikk seg særleg ut. I groovy «Swirling» angrip Joel Ring celloen med bogen over ein tung beat frå den akustiske kvintetten rundt han. Her kjenner vi energien direkte på kroppen.

Albumet er ute 13. september.

 

Moskus, Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll – Barefoot in Bryophyte (Hubro 2024)

Moskus, Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim – Barefoot in Bryophyte (Hubro 2024) (Foto: )

Ein av dei gøyaste konsertane eg har vore på dei siste åra, skjedde i kjellaren på hotellet under Vossajazz 2023. Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim hadde saman med Moskus fått eit av tingingsverka frå festivalen.

Eg hugsar først og fremst at eg gliste med open munn frå første tone. Frå notatboka mi den gongen les eg første notat: «det er det raraste!»

No er denne merksnodige musikken festa på teip i Barefoot in Bryoophyte – og heldigvis er det raraste beholdt. Dei ordlause tekstane, melodiane som høyrest ut som folkemelodiar frå ei opp ned-fantasiøy, vill leik med instrumenta i leikekorga. Her er særleg Hans Hulbækmo ansvarleg.

Som plate har det blitt ei lyttereise som opnar opp dei merkelegaste holrom i fantasien til lyttaren. Men sjølv om eg her trekk fram det rare, det leikne og opne, så er det faktisk låtane kvar for seg som eg sit igjen med etter lyttingane til plata.

Tittellåta «Barefoot in Bryophyte» har ein beat som landets rapparar berre kan byrje å krangle om (altså den bassinga frå Fredrik Luhr Dietrichson, då!). «Agadeda» har blitt ein sommarhit for meg, for lengst. «So Low» er nydeleg sår, med eit deilig ostinat i gitar og synth som lullar meg i søvn. Når Mari Kvien Brunvoll her blomstrar fullt ut i soul-song, eller nesten Judy Collins-aktig til tider, så står håra på armane.

 

Delish – Like a Sieve (Sheep Chase Records 2024)

Delish – Like a Sieve (Sheepchase Records 2024) (Foto: )

Delish si ferske Like a Sieve er eksperimentell popnytelse i langform. Sjølv om du gjerne må utelate både ordet pop og eksperimentell der.

Natali Abrahamsen Garner og pianist/tangentist Johan Lindvall har, saman med bassist Magnus Skavhaug Nergaard og trommeslagar Martin Langlie skapt eit lydlandskap frå dei villaste draumar. Og vi blir hypnotisert inn i det frå første klang som vaskar oss over i «Wash Over».

Stemma til Abrahamsen Garner er berande i uttrykket frå start til slutt på Like a Sieve. Litt slik er det, at ein kunne ynskje seg å lytte til kvart spor i miksen isolert, og at dei kvar for seg har musikalsk verdi. Lindvall, som debuterte som forfattar i fjor, har valgt sine musikalske ord med omhu også i spelet her, og Valkyrien-trommis Langlie er nesten ufattelig presis. Han gjer akkurat det som skal til for å drive oss. På «The Shell» fører hans groove melodiar og klangar utover.

Eg får nesten noko av Beach Boys over meg gjennom fleire av melodiane her, det er noko med dei solfylt optimistiske linjene her.

Og så er det tydelege låtar, men heldigvis – så varer dei lenge! Her er vi inne på kva som gjer at denne plata skil seg særleg ut. Desse låtane får vokse i opp mot ti minutt – noko du ikkje mistenker får skje ved første gjennomlytting.

Abrahamsen Garner har lenge jobba med elektronikk i ulike samanhengar, mellom anna i duoen Propan med Ina Sagstuen. Loop-pedalane har fått plass her også, med ein perfekt utført munnperkusjon på «Did You Flow Today». Som i sin tur blir tatt over av ein bængin groove mot halvvegs i låta. Det er slike grep som blir mogleg når låta får vokse fritt!

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk. De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo