Det veks eit fantastisk fabeldyr ut frå lydkaoset – vi kallar det musikk! Mudskipper med (frå venstre) Signe Emmeluth, Hanne de Backer, Terrie Hessels aka Terrie EX og Paal Nilssen-Love var det første av Blow Out-festivalens fem innslag denne festivalkvelden. (Foto: Merethe Flaate)

Ja, vi er fri!

Ein kveld på Blow Out er ein kveld for store mentale reiser, hypnotisert av musikk – heilt ekte musikk. På Blow Out 2021 sin siste dag følte eg total lykke.

Kalender

Sonia Loinsworth i Tomba Emmanuelle

19/09/2021 Kl. 19.30

Oslo

Oslo Operafestival BARNEOPERA

19/09/2021 Kl. 14:00

Oslo

Oslo Operafestival HÅKON KORNSTAD & REZA

19/09/2021 Kl. 17:00

Oslo

Sonia Loinsworth i Tomba Emmanuelle

21/09/2021 Kl. 18.00

Oslo

Blow Out! jazzfestival på Victoria, Nasjonal Jazzscene
28. august 2021

Mudskipper:
Signe Emmeluth (altsaksofon)
Hanne de Backer (barytonsaksofon)
Terrie Hessels (gitar)
Paal Nilssen-Love (trommer)

Ibou Cissokho (kora)

Natali Abrahamsen Garner (vokal, elektronikk)
Johan Lindvall (piano, synth)
Magnus Skavhaug Nergaard (bass, elektronikk)

Vilde Sandve Alnæs solo (fiolin)

Andreas Røysum Partyensemble:
Sofie Tollefsbøl (vokal)
Signe Emmeluth (altsaksofon)
Andreas Røysum (klarinetter)
Henriette Eilertsen (fløyte)
Marthe Lea (tenorsaksofon)
Hans Kjorstad (fele)
Joel Ring (cello)
Christian Meaas Svendsen (bass)
John Andrew Wilhite (bass)
Andreas Wildhagen (trommer)
Ivar Asheim (trommer, vibrafon)

Trygt plassert rett ved miksepulten, på trygg avstand til mine lyttande medmenneske og med QR-øla trygt i handa kjenner eg meg klar til å bli gripe av utrygg musikk. Kontrasten mellom smittevernsutelivet og Terrie EX sitt groskitne uttrykk er komisk. Men digg! Eg har høyrt folk av og til seie: «no får eg nesten lyst å ikkje vaske hendene berre for å føle meg litt fri» – det held å høyre Terrie EX for meg.

Før Terrie og resten av Mudskipper skitnar til scena, får vi høyre frå Hanne De Backer i samtale med Audun Vinger, og eg kjenner interessen for å høyre ho no er i full fyr. Slike samtalar før konsert er ein stayer. Vi tunar oss inn.

Det lét kaotisk i det Mudskipper set i gong. Kanskje er det det også. Dei kastar ut lyd og legg øyret sitt til. Terrie EX vaggar fram og tilbake i spagat og gitaren i lågaste punkeposisjon. Saksofonane til Signe Emmeluth og De Backer skyt mitraljøser mot Paal Nilssen-Love som med haka på høgre skulder groovar asymmetrisk i hard Paal-groove.

Så vert øyrene mine merksame på musikken i lydkaoset. Alle fire lyttar seg inn i kvarandre og heng seg opp i lydaugeblikk (øyreblikk? Nei, det blir feil det også) som tenner noko i dei. «Den linja her, mot den lyden der, det høyrest nesten ut som den lyden der og ja! Den lyden der!» – altså, ikkje akkurat slik, men på eit eller anna abstrakt nivå er det det som går føre seg. Dei set kvarandre i kontekst. Det veks eit fantastisk fabeldyr ut frå lydkaoset – vi kallar det musikk!

Og det er dei to saksofonistane som set djupast spor. Eg kjenner det framleis i kroppen, den brutalt energiske, poetiske og alvorleg frigjerande avslutninga frå Emmeluth og De Backer. Dei fyller lungene til randen – med lyd på innpust – og bles ut med ei kjensle eg ikkje visste eksisterte. Tostemt betyr symfoni i klangen frå desse to.

Arrangørane har plassert Ibou Cissokho på programmet etter eksplosive Mudskipper. Midt i rommet, heilt aleine, sit han på ein barkrakk med augene lukka og omfavnar koraen. Ibou er etterkomar etter ei lang linje koraspelarar i Senegal, med far Solo Cissokho som inntil sin bortgang i 2019 sette merke i norsk musikkliv for alltid. Ibou har for lengst vist at han tek arven på alvor og vidare. Totalt open og sjangerblind passar han perfekt på Blow Out!.

Spelet hans er slåande virtuost, men samtidig formidlar han musikken så uendeleg avslappa. Etter søkande melodiar mumlar Ibou fram ei tekst. Mumlinga tek naturleg gradvis form som song og vi i rommet med han opplever at vi blir fortalt noko viktig. Opplever – vi skjønar kanskje ikkje orda, men Ibou har fengsla oss og vi lyttar.

Ein godt samansett festivalkveld er eit estetisk uttrykk i seg sjølv, det har Blow Out skjønt. Ibou sitt stykke er kort, kanskje berre rundt sju minutt, men i konteksten av denne kvelden er det heilt avgjerande for opplevinga.

No lyttar vi nemlig til vokalist Natali Abrahamsen Garner, pianist Johan Lindvall og kontrabassist Magnus Skavhaug Nergaard, alle tre med kvar sin koffert elektronikk, med heilt andre øyrer enn utan Mudskipper og Ibou – og for så vidt samtalen på førehand.

Garner/Lindval/Nergaard er lydmjuke, stille og konsentrerte. Garner har meisla ut ein heilt særeigen stil der stemma og elektronikken er heilt avhengig av kvarandre. Det er mjukt, syntetisk akustisk masse. 50/50 ull og polyester midt i dei tette, kontrollerte klangane til Lindvall og dei knitrete perkussive innslaga frå Nergaard på FM-radio og kontrabass.

Så er det fiolinist Vilde Sandve Alnæs som midt i rommet får oss til å lytte etter ei kort pause. Alnæs sine klangar er detaljerte og ho tórer å røre dei minste nyansar i fela gjennom fingrane. Igjen lyttar vi. Alnæs’ korte improvisasjon blir eit slags etterord på kveldens første del.

For på programmet står Andreas Røysum Partyensemble. Klarinettist Andreas Røysum, kanskje Oslos driftigaste frijazzar, har invitert med seg sine festlegaste frijazzløver for å feire musikken, livet og Blow Out 2021. Haha, for eit deilig, vakkert leven som okkuperer scena.

Curtis Mayfield, låtar som «Mary Jane», med eit himmelsk kor frå Signe Emmeluth, og kanskje høgdepunktet: Fridelen på «Theme de yoyo» har ikkje vore meir sjelfull sidan Art Ensemble of Chicago sjølv spelte den inn i 1970.

La oss herved utkåre Sofie Tollefsbøl til Noregs tamburindronning og vårt svar på Sandra Crouch (sjekk ut denne!). Hekkan for eit spel!

Publikum er i ekstase og dansar vilt i stolane, og når kveldens samtalestartar Audun Vinger spelar sin beste soul frå platekofferten er rommet lukkeleg. Dette er det nærmaste eg har vore trinn 4, i alle fall.

Men det er ein ting som skurrar litt i meg – Nasjonal Jazzscene er fint som nasjonal jazzscene. Men festivalar som dette kan gjerne ta i bruk heilt andre lokaler. Eg saknar både MIR, Hærverk og Deichmanske Grünerløkka – eller kva som helst som kan ta oss litt ut av forma. Det kunne nesten vore ein av kveldane på Oslo jazzfestival veka før som også brukte same lokalet.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Stillinger

Kirkemusiker

Tromsø kirkelige fellesråd

Markedsansvarlig

Kirkelig Kulturverksted AS

Prosjektleder

Norsk ressurssenter for klassisk musikk

Redaktør

Periskop

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev