Hopp til innhald
Publisert
11.06.2026
Frist

15/07/2026

Søknad leveresSøknadsskjema
Område

Vestland

Stillingstype

Offentlig

Firma

Fast

Deltid

Om virksomheten

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.

Kvinnherad kulturskule har over 300 elevplassar og ca. 8 årsverk fordelt på 12 tilsette. Kvinnherad kulturskule har i dag tilbod om undervisning i dans, musikk, teater og visuelle kunstfag. I tillegg kjem sal av tenester til kor, korps og institusjonar. Kulturskulen er desentralisert med hovudbase i nytt kulturskulesenter på Husnes. Kulturskule sine lokala er ein del av Kvinnherad kultursenter og er samlokalisert med kulturhus, kino, ungdomssenter og bibliotek. I 2026 feriar Kvinnherad kulturskule 50 års jubileum.

Undervisnings-inspektør

Kvinnherad kulturskule

Kvinnherad kulturskule søkjer undervisningsinspektør (40 % fast stilling)
Arbeidsstad: Kulturskulesenteret, Husnes
Oppstart: 01.08.2026, eller etter avtale.

Hovudarbeidsoppgåver

  • Opptak og administrasjon av nye elevar;
  • Arbeid med timeplanar og ressursfordeling;
  • Ansvar for konsertar og arrangement;
  • Webansvar og publisering av informasjon;
  • Kontakt, koordinering og informasjonsflyt internt og eksternt;
  • Medansvar for fagleg utvikling av kulturskulen i samarbeid med rektor;
  • Andre oppgåver knytte til dagleg drift;
  • Kontortid er på dagtid, men noko kveldsarbeid må påreknast i samband med arrangement og prosjekt.

Krav til søkjar

  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk;
  • God kunnskap om kulturskulen, verksemda og samfunnsoppdraget;
  • God IKT-kompetanse og trygg bruk av digitale verktøy;
  • Erfaring frå liknande stilling eller relevant administrativ arbeid;
  • Praktisk erfaring frå kulturskulefeltet;
  • Referansar frå tidlegare arbeidsgjevarar.

Personlege eigenskapar

  • Stor arbeidskapasitet og arbeidsglede;
  • Sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og løysingsorientert;
  • Evne til å motivere, samarbeide og skape entusiasme;
  • God kommunikasjonsevne;
  • Positiv og godt humør;
  • Evne til å arbeide intensivt med ulike oppgåver og handtere periodar med høgt tempo;
  • Høg relasjonskompetanse.

Tilsetjingsvilkår

  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
  • Arbeidstakarar vert tilsett i Kvinnherad kommune etter gjeldande lovar, reglement og tariffavtale.
  • Ved tilsetjing må det leverast politiattest ikkje eldre enn 3 måneder.
  • Evt. pedagogiske kompetansar/andre profesjonelle ferdigheiter bør nemnast i søknaden, viss dette er aktuelt.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og stabil stilling i ein velfungerande kommunal kulturskule;
  • Eit hyggeleg kollegium med sterk fagkompetanse;
  • Gode arbeidstilhøve og fine kulturskulelokalar;
  • Eige moderne kontor i kulturskulesenteret på Husnes;
  • Moglegheit for kompetanseheving i form av kurs, fagsamlingar, studietur, mm.;
  • Løn etter gjeldande avtaleverk;
  • God pensjonsordning, samt ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP;
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd;
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage og kulturskulen;
  • Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring;
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet;
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar;
  • Kulturskulen kan vert behjelpeleg med å finn ein rimeleg bustad i kommunen.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk. Originale vitnemål og attestar tar ein med på evt. intervju. Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Kontakt: Kirill Zimin (Kvinnherad kulturskule/rektor): mob. 45665892; e-post: kirill.zimin@kvinnherad.kommune.no

Ledige stillinger