
Nothing Personal har gitt ut ein dansbar klangleg kollasj som like ofte minner om 90-tals r´n´b som eksperimentell electronika.(Foto: Jonathan Vivaas Kise)
Ballade jazz: Meir menneske
Tre utgjevingar som anten i samspel eller opposisjon til teknologi, blir meir menneske. Musikk er vårt siste håp – eller?
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv spalta Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)
Eg les det i imperativ – more human – meir menneske, tittelen på Splashgirl si siste plate.
Ver meir menneskeleg.
Eg trur det er den viktigaste rolla musikken har i dag. Ei direkte kontakt med kva det er å vere menneske. Heldigvis finst det musikarar som dyrkar nettopp det – anten i samspel med teknologi, eller i opposisjon.
Dette er ei tekst om innspelt musikk, og sjølvsagt er denne menneskelege opplevinga sterkast i levande livet. Men førebels kan vi lytte til også desse utgjevingane som mellommenneskeleg dialog.
Why Kai – Tourist (Boomboy 2024)
Why Kai er tangent-mann Kai von der Lippe og trommis Elias Tafjord. Tidlegare, og framleis ofte live, med Daniela Reyes på trekkspel og elektronikk og Jo David Meyer Lysne på gitar og elektronikk. Sidan Why Kai gav ut EP-en Deep Fishing i 2021 har eg venta på albumet. Og ein dagkonsert i bakgården på Jæger hinta om retninga, der von der Lippe og Tafjord på ei trang scene løfta livet til himmels med jazza dunk-dunk.
Why Kai – Tourist (Boomboy 2024) (Foto: )
Ja, den deler namn med ei legendarisk nu-jazz-plate – St. Germain si definerande Tourist frå 2000. Som framleis i dag i alle fall har blitt ei «best case» hotell-lobby-klassikar – det er lov å digge akkurat den, liksom. Og linjene tilbake til den tida er openbare. På «Liminal 4-Smash» kjem for eksempel gjestebassist Joel Ring inn med ein kontrabass som kunne vore henta frå Ingebrigt Håker Flaten si jamming med Bugge Wesseltoft på seint nittital. Den punchy, grove elektronika-kontrabassen er heldigvis tilbake!
Men Why Kai har berre plukka det beste frå denne estetikken. Til forskjell frå nu-jazzen rundt Y2K, så er Why Kai fri frå solojokking over beat, men har heller dyrka det heilskaplege uttrykket. Kai von der Lippe har berre eit utval lydar han leikar seg med, noko som løftar heilskapen på plata. Låtane har oppløftande happy-riff, som likevel gjennom sin naivitet blir melankolske.
Men det er kanskje måten von der Lippe inkorporerer vendingar frå tidlegmusikk, som er det største kicket. Inspirasjonen frå tidlegmusikk-jazzist Christian Wallumrød blir også tydeleg når Daniela Reyes kjem inn med trekkspelet på «Creator of the Salt». Desse to universa kolliderer tidvis mirakuløst bra.
https://open.spotify.com/embed/album/5wwlbolIcq1RbvCiZQQCfs?si=BjisBTCvTe-Lc-82fOS1Ww&utm_source=oembed
Ledige stillinger
Splashgirl – More Human (Hubro 2024)
Splashgirl – More Human (Hubro 2024) (Foto: )
Splashgirl stod for ei skilsetjande oppleving for meg med låta «Leo» frå debutplata i 2007. Og to år seinare var dei faktisk det første bandet som plateselskapet Hubro gav ut, og som sidan har blitt det mest definerande plateselskapet for norsk jazz – og kanskje musikk generelt – siste tiåret.
Andreas Vold Løwe, Jo Berger Myhre og Andreas Lønmo Knudsrød utgjer trioen. På More Human har dei samarbeida med den amerikanske lydkunstnaren Robert Aiki Aubrey Lowe og produsent Randall Dunn. På grunn av Covid-restriksjonar vart musikken spelt inn i same tidsrom, men i prosess med filer sendt fram og tilbake over fjorden mellom Giske og New York.
Og ein kan godt skildre lydkunstnar Lowe sine vokale bidrag på som undersjøiske. Lowe er kjent for musikken til blant anna storfilmen Mother. Og dette blikket «utanfrå» styrkar More Human voldsomt.
Det er filmatisk – «Landfiller» er skummel, forstyrrande, «Afterlife like» er drøymande absurd. Men først og fremst treff musikken kjenslene.
Splashgirl utforskar på More Human det å vere menneske i ei verd som stadig er meir prega av, snart drukna i, teknologi. Det definitive høgdepunktet, og det som best uttrykkjer dette, kjem tidleg; med den eine coverlåta på albumet, «Taphead» av Talk Talk – frå 1991.
https://open.spotify.com/embed/album/0fqWnCpBPeH3sTzp2IX5Ng?si=7VId-X9VQ9qjvaH5whKVEQ&utm_source=oembed
For det første – den ikoniske nittitals-lyden frå bassist Jo Berger Myhre – fretlessbass med chorus på bassen (for eksempel høyrt på Joni Mitchells fantastiske «The Magdalena Laundries» (1994). I Splashgirl sin versjon av «Taphead» er melodien, stemma og instrumenta drukna i eit klangleg skoddehav. Kanskje er mennesket vanskelegare å sjå – er det stemma eller synthen vi høyrer?
Det er noko poetisk menneskeleg med desse coverlåtane. Det er klart – nostalgien til ei mindre teknologisk dominert tid kan gjere oss melankolske, men kontakten mellom eit skapande menneske i 1991 og eit skapande menneske i dag – den er sterkt oppløftande.
Nothing Personal – The Diary of Nothing Personal (Braveheart Records 2024)
Nothing Personal – The Diary of Nothing Personal (Braveheart Records 2024) (Foto: )
Nysgjerrige multi-instrumentalistar som leikar seg med all verdas klanglege fargar og assosiasjonar gjennom sampling, beats og lydkunst som blir kasta ut og klipt opp til kollasjar. Ei tett setning – puh. Men omtrent slik er det også å høyre på Nothing Personal si andre utgjeving, The Diary of Nothing Personal. Lydbiletet kler omslaget.
Solveig Wang, Thea Emilie Wang og Dorothea Økland har tatt med seg musikalske skribleri frå dagboka, og uttrykket er fargerikt. Det er dansemusikk, det er vonde ballader. Berre at dansen er inne i hovudet i staden for på dansegolvet, og dei vonde balladene ofte er…litt befriande morsomme? For eksempel gjer den eksplisitte bearbeidinga av stemmene, uttrykket absurd.
https://open.spotify.com/embed/album/1M2TO3oeWtxqD3e2IjfFKF?si=sfqAzDOhRciAIXxkjbAcig&utm_source=oembed
Det er den organiske – menneskelege, om du vil – tilnærminga til lydmaterialet som er det berande i Nothing Personal sin eksperimentelle electronika.
Det er liksom paradoksalt nok noko «acoustic demo» over «Don’t Say It» . Og «100 baby» er ein absolutt favoritt, der det harmoniske grunnlaget og den fleirstemte songen minner om nokre av dei mest ikoniske r’n’b-låtane på starten av nittitalet. Og så trur eg vi finn nøkkelen til den kreative musikaliteten i «0_0» der alle tre spelar klarinett, berre med enkel klangbearbeiding. Dette er ein lyttande, vakker pause frå det eklektiske uttrykket.
På denne oppfølgjaren til The Alchemy of Nothing Personal har trioen utvida sitt musikalske univers.












