Ballade jazz: Eksplosiv djuplytting – og årets juleplate
Fem plater du kan ta med deg inn i juleferien. Og ei juleplate!
Ein ting er julemusikken, men ein annan ting er musikken i jula. Juleferien på sitt beste kan vere perfekt for å lytte til musikk. Ikkje høyre på musikk, slik du gjer når det står på noko algoritme-beats i øyrene på veg til jobb eller trening, men lytte til, og setje på ei plate som du set på ein film.
Tenk første juledag, tenk tilbake på å leike med leika du fekk då du var liten. Nistirre på bilbane-pappeska. Vi gjer ikkje slikt lenger. Men det burde vi.
Phønix – Intergalloptic Roundtrip (Sonic Transmissions 2024)
Ah, som vi ventar av omslagsbiletet på Intergalloptic Roundtrip, så får vi ei herleg western-opning i «Horseback Takeoff». Med ei fortid som hardcore Metallica-fan, så klarer eg ikkje lat vere å sjå for meg James Hetfield som girar seg opp før han går på scena til Ennio Morricones «The Ecstasy of Gold». Framleis meiner eg det er den beste «walk on»-musikken.
Og eit såpass hardt jazzrockande band bør ha musikk å gå på scena til. Gitarist Emil Storløkken Aases Phønix har blitt til Phønix, og dei er klar til å koke klubbar.
Forventningane er også lagt høgt frå denne opninga, vi strammar oss i ryggen og tek i mot kveldens første riff i «Bag of Freedom». Og det første eg kjenner på er det vanvittige som treff meg med barytonsaksofonen. Det er trøkk nok til å løfte deg opp etter veggen. Over Jenny Frøysa sin barytonsaksofon flyt gitaren. Storløkken Aase har ein presisjon som ein nålespiss, men med ein klang som ein borhammar. Og så tek han seg tid. Tid til å la soloane sine vokse seg enorme.
Dette er riffbasert jazzrock, og der er det mange om beinet. Difor skal det mykje til å skilje seg ut. Men Phønix er ambisiøse på Intergalloptic Roundtrip. Her framstår detaljane som gjennomtenkte – berre gullriffa har fått bli med, og alt er framstilt med kreativ lyd. Berre lytt til den fantastisk trommelyden August Glännestrand har på «A Fistful of Unsettled Matter»!
Soloen til Jenny Frøysa på tittelsporet «Intergalloptic» er høgt på årets beste soloar. Saksofonen er dessutan plassert litt unna mikrofonen, og fått eit klangrom som løftar opplevinga fleirfoldige hakk. Det er ein sånn solo du vil spole tilbake for å høyre på nytt før låta er ferdig – «kva gjorde ho der»?
Andrea Giordano – Àlea (SOFA 2024)
Denne musikken var ute allereie i midten av oktober, men eg kunne ikkje la 2024 gå utan å skrive om Andrea Giordano si Àlea. Den italienske komponisten og multi-instrumentalisten er busett i Oslo, og blir til og med i presseskrivet kalla italo-norsk. Ho har samla 12 musikarar til Àlea. Og det har blitt ei av årets djupaste lyttereiser.
Musikken er saktegåande om vi lyttar til han som i ei linje, men om vi heller tek inn musikken som eit totalbilete, så høyrer vi ein rikdom av fargar og detaljar. Dette er nemleg ikkje minimal musikk. Som oftast får alle tonar som vil ut, lov til det. Det veks liksom fritt.
Denne klangrikdommen i orkesteret skaper ei himmelhøg verd. Men i det Giordano sjølv syng med ei forsiktig stemme blant orkesteret, blir vi tatt med inn i musikken, heilt inn.
Perkusjonen og dei perkussive lydane, spelar ei særleg interessant rolle i denne musikken. Den er meir kaotisk enn den roa vi høyrer i dei andre instrumenta. Giordano spissar og kvesser tonane mot kvarandre. Ikkje med det resultat at det blir skarpe metallblad som skjærer i øyrene, men heller ein god lyd, som den av isflak, kanskje?
Ofte er det slik med den eksperimentelle musikken at den krev at vi først finn fokus, ro og så kan vi opne oss. Men Giordano hentar oss liksom der vi er, og famnar om oss med lyden.
Thomas Strønen – Relations (ECM 2024)
Eg blir særleg glad i tittelen på det første sporet på Thomas Strønen si nye plate, Relations. «Confronting Silence» – det er det du må gjere, skal du lytte til musikken. Ikkje høyre på musikken, men lytte til.
Med seg på denne plata har Strønen invitert pianist Craig Taborn, saksofonist Chris Potter, songar og langeleikvirtuos Sinikka Langeland og trommeslagar Jorge Rossy. Det kan jo høyrest ut som ein fantastisk kvintett, men på plata høyrer vi desse musikarane i duoar med Strønen. Duoar på avstand.
Thomas Strønen har nemleg spelt inn improvisasjonar og sendt til musikarane. Og dei har løyst oppgåva på ulike vis. Strønen har sendt eit opptak til pianisten Craig Taborn, som valde å improvisere saman med opptaket utan å ha høyrt det på førehand. Sinikka Langeland på si side memorerte opptaket av Strønen.
Nettopp det gjer det til ei særleg interessant lytteoppleving, der vi høyrer dei ulike tilnærmingane til Strønen sitt spel. Ved første gjennomlytting, visste eg ikkje om innspelingsmetoden, og eg såg for meg dei to i same rommet. Men dette er faktisk eit døme på at bakgrunnsinformasjonen kan løfte opplevinga. Lytt særleg til Craig Taborn sin respons på spelet til Strønen, korleis han set Strønen sine fraser i kontekst.
Hayden Powell – Undergrowth (Periskop 2024)
På same måte som den gode kjensla av å løfte eit tungt verkty, ta på ekte treverk, å kjenne at det er ordentleg kvalitet som vil halde seg lenge, så er det somme jazzplater som gir den same kjensla. Hayden Powell har laga ei slik kvalitetsplate med Undergrowth.
Men så er dette også første plata frå Powell under eige namn sidan 2018, og då har han fått tid til å velje ut dei beste tresortane, og pussa det heilt perfekt. Powell skil seg ut blant dei norske trompetistane – eg tenkjer av og til på han som ein ekstra jazza Arve Henriksen. Han har klangrikdomen og dei kjenslevare improvisasjonane, samtidig som han leikar seg med overskot i virtuose soloar.
Denne miksen er perfekt balansert på Undergrowth.
Men det eg set ekstra høg pris på er utvidinga av grunnkvartetten – når Stein Urheim er med på gitar og Mari Giske på bratsj. Her går tankane mine til den svenske gitaristen Johan Lindstrøm sine svevande vakre arrangement dei siste åra. Det er igjen denne perfekte balansen mellom musikalske atmosfærer for ettertanke, og velartikulert jazzisme. Som på «Galaxies». Her blir vi drive framover av trommis Erik Nylander og Jo Skaansar på bass. Oppå drivet leikar saksofonist Aksel Rønning i eit flettverk med Powell sin trompet.
Når plata dessutan har fått eit varmt lydbilete, den same atmosfæren som vi finn på klassiske jazzplater frå sekstitalet, så lyttar eg gjerne til Undergrowth søndagar eg elles hadde leita i Blue Note-bunken.
Berit Opheim – Helgasong (Heilo 2024)
Det måtte bli ei ny juleplate med i år også. Og i bunken i år var det Berit Opheim sin Helgasong som vart årets juleplate.
Dette er ei juleplate i god Vossajazz-tradisjon, der folketonar og julesalmar frå Voss, Hardanger, Eiksingedalen og Øygarden blir brodert med Tore Brunborg sin saksofon, Mats Eilertsen sin kontrabass, Nils Økland på fele og Irene Tillung på akkordeon. Med Berit Opheim trygg og klår i front.
Dette lydbiletet er altså heilt perfekt for juletida, spør du meg. Dei kunne nesten spelt kva som helst, og eg hadde fått julestemning.
Tekstane fører Opheim fram til den musikalske formidlinga. Orda får rom og tyngde kvar for seg, og musikken byggjer rundt desse. Stort sett er ikkje arrangementa særleg vågale, og det bør dei kanskje heller ikkje vere rundt juletider? Gjennom plata får vi også høyre Opheim improvisere fritt saman med kvartetten, noko som knyt folketonane og jazzen saman i enda større grad.
Monge av songane er kjende for dei fleste, men det som er så deilig med folkemusikken i dette landet er rikdomen av ulike variantar og melodiar rundt omkring i krikar og krokar. På Helgasong høyrer vi ein iallefall for meg ukjent variant av «No koma Guds englar», ein salme det allereie finst nokre av dei finaste julemelodiane til, men denne varianten er eg sikker på blir å høyre på konsertar framover.
Høgdepunktet er «Her er det ny som på jorderik skjedde», der særleg samspelet mellom Opheim og Eilertsen er varmt og rikt.
Torkjell Hovland har laga ein mixtape til SVS Radio med utgangspunkt i denne utgåva av Ballade Jazz:
Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Podieinspisient
Stiftelsen Oslo-filharmonienSøknadsfrist:17/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025
Prosjektleder musikk og arbeidsliv
Institutt for musikkvitenskap - UiOSøknadsfrist:22/01/2025