Dream Trio: Hans P. Kjorstad, Benny Bock og Sam Gendel på eit hotellrom i Japan. (Foto: Privat)

Ballade jazz: Drøymesamarbeid

Frå Fron til LA via Tokyo – Dream Trio er akkurat så bra eg kunne drøymt om. I denne utgåva av Ballade jazz får du tre av haustens største lytteopplevingar.

Kalender

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

O, du herlige melankoli! Hausten er den beste lyttetida, det har eg alltid synest. Det er den roa som senker seg når temperaturen går ned, og i takt med det blir tankane meir stille – og opne for musikken.

Det sagt – det er iallefall den romantiske draumen eg har om hausten.

Men sanninga er at eg berre er innom den av og til. Tvert i mot kan vel hausten vere meir stressande enn noko anna tid på året, eller han kan vere tung og mørk. Og i vår tid så dempar vi heller uroa og mørket med konstant stimuli av podkastar, scrolling og eit par skjermar på i bakgrunnen.

Og marerittet gjer oss mindre opne for musikken.

Prøv heller neste gong å velje musikken eg skriv om her. Men du må vere stille først. Kanskje nærmar du deg draumen om hausten?

Hans P. Kjorstad, Sam Gendel og Benny Bock – Dream Trio (Leaving Records 2024)

Synth, vestkyst og mikrotonal folkemusikk i ei hypnotisk lydreise.

Sam Gendel, Hans P. Kjorstad, Benny Bock – Dream Trio (Leaving Records 2024) (Foto: )

Ein nattasong frå ein synth, ein nattasynth kanskje. I bakgrunnen knitrar det forsiktig frå noko mindre syntetisk, noko taktilt, sånne lydar vi kan ta på. Det er tre musikarar som leitar seg fram til kvarandre, snik seg inn på kvarandre sine tonar.

Lydbiletet som blir teikna av desse tre er ikkje mindre enn fantastisk.

Hans P. Kjorstad er sentral motor i Motvind Kulturlag her heime. Han har hatt med fela inn i folkemusikk, og både utadvendt og innadvendt friimpro. I fjor overraska han meg med eit samarbeid med cellisten Ernst Reijseger som du kan lese om i årets første Ballade jazz.

Men når låta «FallsLake» dukka opp her for litt tilbake, så brusa det i kroppen – ein øyrepirrande kombinasjon av mjuk jazz frå den amerikanske vestkysten og skarp mikrotonalt folkete felespel frå Fron i Gudbrandsdalen.

Plata er nemleg utgitt på det særskild spennande Leaving Records – eit ultrahipt label frå Los Angeles med slagordet «All Genre». At det miljøet ser til det som går føre seg i det norske lydlandskapet definert av Hubro og Motvind, er ein fusjon av to musikalske verder som vi berre vil ha meir av.

Saksofonist og multiinstrumentalist Sam Gendel bygger også ein meir og meir allsidig og rik diskografi, og samarbeidar mellom andre med folk-favoritt Sam Amidon. Synth-mann Benny Bock har The Weeknd, Feist og Rick Rubin på samarbeidslista. Og det er kanskje nettopp lydspor og estetikken derfrå som løftar denne plata til noko eg aldri kunne drøymt om. Bock si tilnærming til synthen gjer at det lét like menneskenært som fela til Kjorstad. Høyr for eksempel på det unisone samspelet dei to har på Hermeto Pascoal si «Susto».

Dream Trio er tilgjengelig eksperimentelt. Dei har ei eksperimentell tilnærming til musikken, lyttande og utforskande, men referansebiblioteket deira er som oftast frå låtbasert musikk, anten det er populærmusikk eller jazz.

«I see signs everywhere» er ei slags fragmentert draumetolking av Sam Amidon si «I see the sign». Og dei avsluttar dei med standardlåta «Everything Happens to me», som er grunnen til at du har repeat-funksjon i spelaren din.


Adrian Myhr Trio – Kokong

Adrian Myhr Trio – Kokong (Øra Fonogram 2024) (Foto: )

Ein annan drøymande trio, er Adrian Myhr, Jan Martin Gismervik og Rasmus Kjorstad (ja, bror til Hans!).

Kokong er lagt opp nettopp slik – at musikken opnar seg gradvis som ein kokong. Så i første spor, «Begynnelsen», så høyrer vi trommeslager Gismervik denne gongen med harmonium, løfte opp den forsiktige melodien frå bassist Myhr. Når Rasmus Kjorstad kjem inn med fela, oppstår det soloppgangsharmoniar.

Adrian Myhr har i snart to tiår vore å høyre i ulike jazzbeslekta samanhengar, ofte i fritt improviserte landskap. Han er ein av dei mest lyttande musikarane eg veit om, ein slik som ikkje spelar noko utan at det er nødvendig for musikken.

Denne haldninga ligg til grunn også for Kokong.

Men det betyr ikkje at plata har eit særleg minimalistisk uttrykk. Tvert i mot – gjennom Kokong er Adrian Myhr Trio til tider ein miniatyr av eit symfoniorkester, der vi får tid til å synke gjennom eit bad av harmoniar. Andre tider er musikken enklare og tydelegare.

Gjennom alt blir eg betatt av dei sterke ideane. Somme tider endar musikk innanfor dette uttrykket opp med å bli for fascinert av seg sjølv, at dei lullar seg inn i lyden – det skjer aldri her. Her leier heile vegen musikken fram til tydelege utsagn, musikalske motiv.

Det tek kort tid å bli glad i alle dei små motiva på Kokong. Eg har tatt meg sjølv i å nynne på bassriff og melodiar frå langeleiken til Kjorstad siste tida.

For på same måte som Dream Trio, så er Adrian Myhr Trio tilgjengeleg. Når eg vel å bruke dette ordet, så handlar det om at det er musikk som vil ut til deg som lyttar uansett kva referansene dine er – det er musikk som kommuniserer ut. 


Tanja Orning og Helga Myhr – Klangkorpus (Motvind Records 2024)

Tanja Orning og Helga Myhr – Klangkorpus (Motvind Records 2024) (Foto: )

Heng du med hittil, så vil eg tru hovudet ditt har stilna, og du har justert inn lyttinga di. Då er du klar for klangleiting!

Av og til treff musikken heilt synkronisert med solnedgangen og frostrøyken frå ho som passerer deg på gata. Det skjedde i eit augeblikk sånn halvvegs ut i Tanja Orning og Helga Myhr sitt Klangkorpus. 

Det er slike opplevingar ein oppnår gjennom tolmod – slik Orning og Myhr også gir klangen tid til å kome fram slik klangen sjølv vil.

Fela og celloen pustar i lag på Klangkorpus, og etterkvart leitar dei fram lydgåter i instrumenta. Og vi som aktive lyttarar kan bli med på klangleitinga.

Av og til er musikkopplevinga like mykje opp til oss som lyttarar, som det er opp til musikarane å skape lyden. Dette er musikk der du kan opne opp nye lag gjennom aktiv lytting. Du kan leite deg fram i lyden – innover, oppover – eller gå ut av lyden, kome tilbake. Vi kan godt samanlikne det med abstrakt biletkunst, men det er ikkje nødvendig. Eg trur det skjer av seg sjølv, så lenge du prøvar å leite med øyrene.

«Tåkesol», «Sargsang» og «Strengekoral» – titlane på denne utgjevinga kan lesast som dikt i seg sjølv. Og så peikar dei kanskje lyttaren mot ein stad i klangen?

I «Understraumar» høyrer vi ein melodi om vi vil. Men melodien presenterer seg tone for tone. I dei reine «pustestrekka» på plata, så kan vi eigentleg finne akkurat det same – men det er berre at det då ligg det djupare nede.

«Strengekoral» opnar opp ei ny verd i trea utanfor vindauget mitt. Det er akkurat som om dei nedste blada raslar nøyaktig dobbelt så fort som dei litt lenger oppe, og fargane varierer i ein perfekt overgang. Slike koplingar mellom det du ser og det du høyrer, er ein eksplosiv oppleving for hjernen å vere med på. Og det er slike lytteopplevingar musikarar som Helga Myhr og Tanja Orning kan gi oss – om vi berre blir med inn.

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk. De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo