Spørsmålet alle spør seg om dagen er kven er Sauron? Alle veit sjølvsagt at det er Jeff Bezos. Sjølv om eg er hekta på den nye Ringenes Herre-serien, skal eg ikkje gi meir promo enn naudsynt. Men – i første episode flyr vi over kartet, the southlands, og over eit episk landskap høyrer vi like episk felespel. Filmkomponist Bear McCreary har fått tak i Olav Luksengard Mjelva som spelar frå studioet sitt heime i Røros. På verdas dyraste tv-serie. Ein treng ikkje ha på seg hverken nisselue eller alveøyrer av å få frysningar av dette augeblikket.
No skal vi fylgje sjåaren, heretter kalt lyttaren, på dennes reise frå Rings of Power via Mona Krogstad til Geir Sundstøl. Vi skal rett og slett utnytte «den onde Bezos» kraft for å styrke norsk musikkliv.

Eirik Hegdal/Følk – Samlede Vandrehistorier (Particular Recordings 2022) (Foto: )
Det første lyttaren finn er Olav Luksengard Mjelva si soloplate som kom ut tidlegare i år, Hugnad. Denne er på mi topplist over utgjevingar i år. Prøv å lytt til denne plata utan å bli fanga av ein dans, i det minste inni deg. Mjelva sitt spel her er hårreisande. Hekta på dette felespelet, oppdagar lyttaren plata der Mjelva er med Trondheim Jazz Orchestra, Eirik Hegdal og Sofia Jernberg frå 2019. Dette må hen ha meir av, og etter eit skilsetjande møte med vokalkunstnar Jernberg dukkar det opp ei blodfersk plate frå 9. september under namnet Samlede Vandrehistorier. Her har saksofonist og komponist Eirik Hegdal har invitert med seg Jernberg og felespelar Gjermund Larsen og kvedar Unni Løvlid med på eit eksperiment der han lét jazz vere jazz og folkemusikk vere folkemusikk.
Den første vandrehistoria, Den lange leia, snirklar seg inn i eit vev av melodiar. Det er snarlikt jazz, folkemusikk, klassisk musikk? Samtidsmusikk?

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)
Unni Løvlid og Sofia Jernberg går i dialog med fele og saksofon medan Hans Hulbækmo utforskar dei rytmiske krokane. På «Lillebrors lekebåt på egne eventyr» høyrer vi Sofia Jernbergs ville vokalteknikkar flyr veggimellom. Møtet mellom kraftverka Jernberg og Løvlid er beint fram vilt gøy – eg krev duokonsert.
Eirik Hegdal er ikkje bunden i si tilnærming til både den norske jazztradisjonen han står i og folkemusikktradisjonen han besøker. Med Følk er uttrykket avslappa fritt og leikent. Han behandlar dei musikalske tradisjonane som nettopp vandrehistorier.
Frå Eirik Hegdal fører interessen for norske saksofonistar lyttaren vidare til Mona Krogstad sin debut under eige namn, Virgo Sun. Ho har markert seg mellom anna i Juno, som begeistra både publikum og kritikarkorps med sin energiske hiphop/pop/jazz. Virgo Sun er vital frå første anslag frå Veslemøy Narvesen og pianist Joakim Rainer Petersen si høgrehand som han har lånt frå McCoy Tyner denne gongen. Narvesen og bassist Bjørn Marius Hegge er lause og sparkar Krogstad opp i forrykande linjer.

Mona Krogstad – Virgo Sun (Øra Fonogram 2022) (Foto: )
Tradisjonen Krogstads kvartett står i er tungt amerikansk, noko ein kanskje kan påstå at norske jazzmusikarar lenge var «redde» for. Men med denne generasjonen musikarar høyrer vi stadig fleire livgivande plater fundert på tradisjonen – somme snakkar om ein jazzrevolusjon.
Utover på plata høyrer vi Krogstads sterke komposisjonar og kreative solospel. Ho meistrar kunsten å stå i tradisjonen utan å imitere eller gjenta, men heller seie noko nytt med eit kjent språk. Virgo Sun er bunn solid frå start til slutt.

Malmström/Myhr/Eriksson – För Sola Skin’ På Tak (Heilo/Grappa Musikkforlag 2022) (Foto: )
På same måte seier felespelar Helga Myhr nye ting med folkemusikktradisjonen. Ho gav ut För Sola Skin`På Tak saman med den svenske gitaristen Thomas Eriksson og klarinettist Anna Malmström 16. september. Igjen møter vi omgrepet «nykomponert folkemusikk». Produsent Tuva Syvertsen har plassert oss i eit varmt lydrom og melodiane er kjenslevare, kanskje til og med optimistiske på mange måtar. Måten gitarist Eriksson legg harmoniane rundt, skal ha stor del av æra for dette. Men det viktigaste er Helga Myhr sitt intense nærver i spelet sitt.
Myhr har anten i samspel med Bendik Baksaas eller på soloplata si Natten veller seg ut ei like høg respekt for tonane ho spelar. För Sola Skin`På Tak har eit på overflata lettfatteleg og iøyrefallande uttrykk. Men på grunn av nettopp respekten for uttrykket får musikken ei djupn som vil stå seg i gjennomlytting på gjennomlytting.
Rings of Power-komponist Beard McCreary inviterer Olav Luksengard Mjelva inn i fantasiverda til Tolkien for å gi tonar til men
neska i the southlands, og spelar soleis på korleis sjåarane er koda til å assosiere dette musikalske uttrykket. Samstundes leikar norske musikarar med akkurat tradisjonar. Og den mest uredde leiken med vår koding eg har høyrt i år kjem frå gitarist Geir Sundstøl.
I første del av karrieren heldt Sundstøl seg i bakgrunnen til andre musikarar, men i 2015 starta han ei rekke soloutgjevingar på plateselskapet Hubro med Furulund. Hans femte utgjeving på Hubro kjem fredag 30. september, og er starten på endå eit nytt kapittel for Sundstøl skal vi tolke tittelen: The Studio Intim Sessions Vol. 1. Dette er i følge presseskrivet noko eg «aldri har hørt maken til». Denne gongen har presseskrivet rett i dét slitte utsagnet.
Sundstøl, Svevande rundt på ei sky av reggae, har invitert alle assosiasjonar han får frå strengeinstrumenta sine. På «Gem» er han innom Shankar-gitar, lapsteel og dobro, medan Lars Horntveth speler på synth og bassklarinett blant anna. Under tomannsorkesteret ligg trommeslagar Erland Dahlen som utgjer ein sentral del av Sundstøl-soundet frå åra på Hubro.
Så skyt vi av garde i ein festleg draum i «Dogg». Her blir Daniel Sandén Warg med på fele og ein forrykande munnharpegroove. Under kling ekkoet, bokstaveleg talt ekko-effekt, av reggae- og dub-legende Lee Perry. «Dogg» stammar frå Sundstøl sitt forsøk på å spele Ornette Colemans «Lonely Woman» frå The shape of jazz to come (1959). Munnharpe, Ornette Coleman og Lee Perry! Den suppa vil eg ha.
Vidare blir lyttereisa berre villare og villare. «C’est vide en ville» er ei deilig klissete Gainsbourg-aktig låt, og «Whole» eit bad i hifi-rock. Med seg i Intim studio har Sundstøl invitert Maria Due, Nikolai Hængsle, Håkon Brunborg, Hans Hulbækmo, Gulzar Butt, Kjell Pop, Jarle Bernhoft, Chimta Raja Abdul, Sofi Jonas og Bashir Rydhem. Puh! Då er det berre å sleppe laus lyttaren i platekatalogen til desse namna og sende hen av garde aleine.

Ballade video: Drømmer om barndommen
Super sommermeny med musikkvideoer fra Levina Storåkern x 2, St. Niklas, Quarter Wolf, Hamstermann, El Cartel, Therese Ulvan, STORM & Fixation, Ole Evenrud og Henning Kvitnes.

Hvor brenner det, Guro Furunes Pettersen og Chris Schaal?
Evner bransjen å bevare en grasrot av ny kreativ musikk og bransje utenfor hovedstaden? Og hva kjennetegner egentlig en vellykket undergrunnsscene?

– Øyafestivalen må ta et oppgjør
Utestedet Blå avslutter samarbeidet med Øyafestivalen i protest mot festivalens eierskap.

Øm virvelvind. Axel Skalstad (1992-2025): Jeg blir bare så glad av å se deg spille.
Minneordene over trommeslager Axel Skalstad er skrevet av Filip Roshauw. Skalstad gikk bort i en ulykke nylig, altfor ung med sine 32 år.

Så vanskelig er det ikke.
Hva om likestilling på festivalene bare var...helt vanlig?

Dette ble vedtatt på Tonos årsmøte 2025
Under årets møte ble de fleste foreslåtte endringene i vedtektene vedtatt, men noen sentrale forslag falt.