Lasse Thoresens siste store orkesterverk er enormt. (Foto: John-Halvdan Halvorsen/Oslo-filharmonien)

Gi meg fleire versjonar av Lasse Thoresens siste orkesterverk!

Lasse Thoresens verk handlar om å vere, men er på ingen måte musikk berre for eitt augeblikk. Og Valentin Silvestrovs sjuande symfoni trefte ekstra sterkt med flyktningen Silvestrov sittande i publikum.

Kalender

CHIAROSCURO QUARTET: Himmelske melodier

31/01/2023 Kl. 19.00

Oslo

Operapub i Teaterkjeller’n 1. februar

01/02/2023 Kl. 21:00

Oslo

Portrettkonsert – Harpreet Bansal

01/02/2023 Kl. 19.00

Oslo

LYTTELUNSJ med Kenneth Karlsson

03/02/2023 Kl. 11.30

Viken

Ultimafestivalen 2022: Oslo-Filharmonien, Valentin Silvestrov & Lasse Thoresen – Oslo Konserthus 22. september
Dirigent Peter Szilvay
Ensemble 96 og Oslo Filharmoniske Kor
Dirigenter Nina T. Karlsen og Øystein Fevang

Kvelden i konserthuset opnar med Valentin Silvestrov sin sjuande symfoni som var ferdigstilt i 2003. Silvestrov er 84 år, Ukrainas største nolevande komponist og flyktning. Det er noko absurd å sjå den mannen motta blomar på podiet, og vite at her skal han ikkje vere. Han vil vere heime i Kyiv. Sjå på dette klippet frå komponisten sin YouTube-kanal. Kontrasten mellom biletet av han i leiligheita og krigen er vond, og blir med meg inn i konsertopplevinga.

Symfonien opnar brutalt og brått, kanskje til og med stygt, før musikken ganske tidleg landar i eit sett vakre, sentimentale klangar. Så vekslar vi til eit mørkare bilete igjen. Slik vekslar Silvestrov fram og tilbake.

Valentin Silvestrov takkar orkesteret etter framføringa. (Foto: )

Silvestrov har sagt at symfonien er delvis basert på Schuberts ufullendte symfoni. Og ein høyrer heilt klart Schubertsk tonespråk her. Men lyttar ein frå andre vinklar er det interessant å høyre Silvestrovs linkar til musikarar utanfor kunstmusikken. Pianopartiet halvvegs i orkesteret kunne like gjerne vere snappa frå Keith Jarretts improviserte solokonsertar. Det er romantisk som ein italiensk sommarfilm. 

Samtidig er det alvorleg og bekmørkt i kontrastane. At musikken er så rettfram gjer at eg opplever Silvestrov sin musikk som ærleg. Her er ingenting overkomplisert, her er ikkje musikalske klisjear gøymt vekk. Her leikar Silvestrov med lyttaren sine koder.

Det er sterkt å oppleve denne musikken med Silvestrov tilstades, men der krigen er i dag, så kjennest det også for tidleg å gå inn i refleksjonen. Det er krig no. Det er ein bismak i å sitte i ein konsertsal og «late som ingenting», men skulle «nytte høvet» til å oppleve ukrainsk musikk. Dette er ein dissonans i meg der eg sit i salen, og ikkje ein kritikk av verken Ultima, OFO eller publikum, for den del. Men eg trur det er viktig å kjenne på dissonansen og ikkje lulle seg inn.

Les meir om Silvestrov i ei komande reportasje på ballade.no.

Lasse Thoresen –  ΩN: Det værende

– Jeg orker ikke å gå inn i en tunnel flere ganger for å gjøre ferdig et verk som blir spilt én eneste gang og som ikke har sjansen til å bli vurdert fremført flere ganger, sa Lasse Thoresen til Bodil Maroni Jensen i Ballade i forkant av gårsdagens urpremiere av ΩN: Det værende. Det seier han er hans siste store orkesterverk.

Det var hardt å lese intervjuet med mannen som har via livet sitt til musikk, og etter å ha høyrt verket bli framført i Oslo Konserthus i går, kokar det i meg av frustrasjon.

Vi blir ganske tidleg merksame på koret som vi ser i det fjerne, men høyrer frå høgtalarane i taket ovanfor oss. Koret syng ei ordlaus tekst som er skrive etter rytme og uttrykk i musikken. Men i denne musikalske konteksten spelar den på kodinga i oss som hintar om noko religiøst eller metafysisk.

Det musikalske uttrykket som famnar om oss er nemleg himmelhøgt.

Heile orkesteret er aktivert og flimrar som ein krystall. Lydbiletet er metta med informasjon, komplekst – men enkelt. Som å stirre rett i sola, ein fokusert lysstråle med heile fargespekteret som kransar rundt.

Verket er rett og slett enormt, å bruke eit anna ord ville vere uærleg av meg. Her har Thoresen spelt på alle strengane for å vekke lyttaren til live og kjenne på det å vere.

Verket er rett og slett enormt

Thoresen ville at publikum «…satt i en korklang mens de hørte en orkestersats.»

Delvis på grunn av lydkvaliteten frå høgtalarane, men mest på grunn av at volumet var for høgt, spesielt i dei heftigaste delane av verket fungerte ikkje denne ideen heilt. Det som eg høyrde i musikken skulle omkranse oss med ein lys varme, endte opp med å bli eit insisterande ubehag, der eg spente meg og tok fingeren til øyret ved fleire høve.

Dette er ikkje Thoresen sin feil, men det forstyrra denne versjonen for meg. Og der ligg kjernen. Dette er berre ein versjon. Musikken er alt for stor for å bli brent opp etter den.

Lasse Thoresens verk handlar om å vere, men er på ingen måte musikk for ein augeblink. Ideen om at dette enorme verket berre skal framførast ein gong er for meg tragisk. Der eldre musikk i dag kan vere relevant gjennom nye fortolkingar, kvifor i svartaste natta skal ikkje Thoresens storverk det same? 

Eg drøymer om mange nye, forskjellige oppsettingar av Det Værende. Andre salar, andre orkester, andre kor, kanskje i eit rom med surroundhøgtalarar og ein lydteknikar som jobbar tett saman med dei andre på førehand, kanskje sit publikum i midten og eit enormt kor rundt.

Vi fekk mørke, lys, og fleire himmelhøge augeblink i begge verk. Både den ukrainske og den norske musikken har i kveld vist oss at kunsten ikkje når sitt publikum fri frå dei politiske rammane dei blir til i. Og skjebna til Thoresens siste orkesterverk er kan hende ikkje forsegla, men når fleire etter denne store kvelden i Oslo Konserthus?

 

Les Oslo-Filharmonien om påstanden om at norske orkestre spiller for få norske verk som allerede er urframført av andre: – Feil om norske orkestre og bestillingsverk

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev