Skarbø Skulekorps - eit av landets festlegaste og utforskande jazzorkester på Vindfruen under Øyafestivalen. (Foto: Ihne Pedersen/Øyafestivalen)

Utvida horisontar på Øya – men ei scene var rein skandale, der ho drukna i lyden av dei andre

For ein altetande musikkelskar er Øyafestivalen eigentleg perfekt. Eg har ingenting i mot skravla til publikummet der. Men.

Kalender

CHIAROSCURO QUARTET: Himmelske melodier

31/01/2023 Kl. 19.00

Oslo

Operapub i Teaterkjeller’n 1. februar

01/02/2023 Kl. 21:00

Oslo

Portrettkonsert – Harpreet Bansal

01/02/2023 Kl. 19.00

Oslo

LYTTELUNSJ med Kenneth Karlsson

03/02/2023 Kl. 11.30

Viken

Vi er nettopp ferdige med Oslo jazzfestival, ein av dei sterkaste utgåvene nokon gong. Samme veke var det Oslo Kammermusikkfestival, og Karpe står midt i eit augeblikk i norsk musikkhistorie med sine ti show i Oslo spektrum – the most Beautiful show in the world right nowØyafestivalen kræsja med Melafestivalen som eg eigentleg hadde lova meg sjølv å aldri skulke.

Det er travle tider for den omnivore musikkelskar.

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Og denne veka går Blowout-festivalen av stabelen. Frå onsdag til søndag kan eit nysgjerrig publikum oppleve frijazz og improvisert musikk gjennom djup lytting og intenst samspel mellom musikarar på scena – det er alltid ei kroppsleg oppleving å vere på festivalen. Årets program er rikare i uttrykk enn nokon gong, med mellom andre musikarar som Mike Cooper på plakaten.

Eg forventar å sjå månge «usual suspects» blant publikum: hardcore frijazzentusiastar, musikarar og unge, ivrige musikkstudentar – og nokon heilt utanfor dei kategoriane. Men kunne musikken nådd ut til endå fleire interesserte utanfor bobla?

Eg er overtydd om at utvida musikalske horisontar også gjer deg til ein betre lyttar på andre måtar i livet. At du gjennom å vere open for størst mogleg mangfald av musikalske uttrykk, også blir meir open for menneske og andre perspektiv på livet. Dette er nok eit slags mantra i denne spalta.

Karpe har opna øyrene til over 100 000 for Harpreet Bansal, Ibou Cissokho, Sidiki Camara, Mira Thiruchelvam. Det dei gjer i Spektrum om dagen er til å bli rørt av berre ved tanken.

Men korleis når festivalane ut med musikken til eit nytt publikum?

Shabaka Hutchings frå Sons of Kemet er eit av dei mest spennande namn for tida. Øyafestivalen hadde heldigvis invitert dei. (Foto: Anne Lerheim Ask/Øyafestivalen)

Der andre jazzfestivalar inviterer inn popartistar på storscener, eller samtidsmusikkfestivalar samarbeider, så er Øyafestivalen heilt sjangerfri. Joda – rock, pop og rhumba står øvst på plakaten, men blant dei hundre artistane var det eit voldsomt sjangermangfald.

Eg tok turen på jakt etter jazz, folkemusikk, impro og andre uttrykk i utkanten – det var ikkje vanskeleg å finne.

Ei publikumsmasse ein sjeldan ser på byens jazzscener dansar til Skarbø Skulekorps – Øyvind Skarbøs frie fantasiverd. (Foto: Anna Lerheim Ask/Øyafestivalen)

Eg tør å påstå at dei færraste tilstades under Skarbø Skulekorps denne dagen, ville løyst billett til ensemblet på Nasjonal jazzscene, for eksempel. Men kanskje vil ein del av dei etter festivalen bli med når neste konsertmoglegheit med korpset kjem. På same scena stod jazzkvartetten Sons of Kemet frå England på laurdagen og spelte opp til frigjerande dans i solsteika. Det kokte. Øyafestivalen skal ha kudos for å blande musikken saman på same festivalområdet i Tøyenparken. Det er modig. Og når ein observerte publikumet til Skarbø Skulekorps eller Sons of Kemet, så var det også ei smart booking. Eg bevegde meg gjennom publikum og plukka opp mange som sa «veit du kva dette er? Nei – men det er dritfett då!».

Mi største oppleving der var Musti som viste at ho er den viktigaste norske stemma i dag. Musti tok scena med ei kraft det var å få frysningar av.

Og det er akkurat dette som er vakkert – det same publikumet som er der for å sjå frijazz frå Lotus eller vaksenrocken frå Amason, plukkar med seg kick-opplevingar med Musti eller Undergrunn. Utvida horisontar handlar ikkje om å oppsøke det sokalla «smale» – det går begge vegar.

På den vesle Bibliotekscena stod både frijazzsupergruppa Lotus med, Marthe Lea solo, Ibou Cissokho/Bafana Nhlapo, Philip Wiese og Selma French. Det var ei rik og interessant liste med musikarar som var interessert til scena.

Men Biblioteket var rett og slett ei skandale i år. Det har vore mykje debatt om prating blant publikum på Øyafestivalen. Ein festival slik som Øyafestivalen er ein FESTival. Det er ikkje ein stad for konsentrert lytting. Difor har eg aldri irritert meg over folk som skravlar heller. Det er ein sentral del av opplevinga å treffast og gå i lag i eit fellesskap og oppleve musikk saman. Eg har mykje større problem med klubbmusikk i bakgrunnen av stillferdige viser eller friimpro. Det er berre å skravle i veg, iallefall så lenge du ikkje har stilt deg heilt framme ved scena – men friimpro og tunge partybeats heng dårleg saman i lufta mellom scenene. På Gorillaz skal ein lene seg bort til sidemannen og kommentere gitarlyden, eller gliset til Damon Albarn, eller Bruce Willis i musikkvideoen på lerretet. Det er ein del av greia.

LOTUS med festivalklassikaren gjensynsglede i front. (Foto: Ihne Pedersen/Øyafestivalen)

Kvartetten LOTUS, som består av Signe Emmeluth, Karl Bjorå, Olaf Olsen og Chris Holm, opna vart og flytande. Det er ei abstrakt lydverd publikum skal bli med inn i, og lyttaren må skru på høgkonsentrasjonen. Litt skravling i bakgrunnen, men det sonar vi lett ut. Ut av det abstrakte veks forsiktige groovar.

Men så endrar brått lydbiletet seg. No er det LOTUS featuring Princess Nokia frå Vindfruen rett ved. Og høyr der ja – der er vi i gang inne i teltscena Klubben rett bak også. Eg jobbar hardt for å koble det ut, men det er, spesielt i improvisert musikk, umogleg å ikkje ta inn heile lydverda rundt. Øyret drog meg heile tida mot den hardtslåande rapparen. Til slutt gav eg opp og gjekk bort å fekk med meg dén festen, i staden.

Dette kan rett og slett ikkje skje igjen, Øya. Det er respektlaust ovanfor musikarane og eit interessert publikum. Men det er samtidig synd å miste ein slik del på programmet, og det er synd å måtte gøyme vekk musikken. I løpet av festivalen skulle eg gjerne ha gått innom ei oase der eg berre kunne sitte og lytte, roleg. Kanskje eit rom i utkanten av området? Kan ein bygge eit eller anna? Kan ein utnytte Tøyenbadet når det kjem?

Jazzopplevingane med Skarbø Skulekorps, Sons of Kemet, Nubya Garcia på dei større scenene var heilt annleis – alt dette er jo festjazz! Men når Ibou Cissokho, Signe Emmeluth eller Selma French spelar, så vil eg gjerne få lytte.

Selma French kjempa mot lydsterk musikk frå klubbteltet. På langt nær alle som kom, fekk plass nærme nok til å høyre noko som helst. (Foto: Helge Brekke/Øyafestivalen)

Ta Selma French på biblioteket: det er smått utruleg at ho ikkje lét seg påvirke av lyden rundt. Det er berre så unødvendig når dette kunne opna hennar verd for så mange fleire forbipasserande.

Heldigvis er byens scener for denne musikken opne, og det blir mogleg å få med seg «biblioteket-artistane» der. Blowoutfestivalen er i år tilbake på originale Mir nedst i Toftes gate – det er ein fantastisk stad for lytting. Men der er ikkje Øyapublikumet. Fleirtalet av publikumet på Blow Out-festivalen veit kva dei går til.

Og dessutan var det brennenesler i toppen av bakken på bibliotekscena.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev