Trekkspelar og multiinstrumentalist Stian Carstensen hadde med seg ein solid line-up på konserten "Musical Sanatorium" (ei av fjorårets beste utgjevingar, skriv Ballades meldar) på Munch under Oslo Jazzfestival: Carstensen sjølv på akkordeon, lapsteel, banjo og mandolin, Ola Kvernberg, Atle Sponberg og Bjarne Magnus Jensen på fiolin, Ginani Lincan på cimbalon, Torbjørn Dyrud på tangenter, Sidsel Walstad på harpe, Mats Eilertsen på kontrabass og Jarle Vespestad på trommer. (Foto: Anders Lillebø / Oslo Jazzfestival)

Oslo Jazzfestival 2022: Du har konsertar, og så har du konsertopplevingar

Oslojazz er rundt halvvegs, og i helga ventar ei konsertrekke det er lenge sidan byen har sett makan til. Allereie har festivalen gitt Ballades kritikar årets sterkaste konsertoppleving – og eit par svake.

Kalender

Autopulver Reunionkonsert

09/10/2024 Kl. 19 30

Oslo

Monologforstilling: Pappas lille gutt

09/10/2024 Kl. 19:00

Oslo

Kåre Indrehus på Folk

10/10/2024 Kl. 19:00

Oslo

Ferske spor live – Louien

17/10/2024 Kl. 19:00

Oslo

Musikkritikar Torkjell Hovland. (Foto: privat)

I det eg skriv dette har eg endå ikkje landa etter den, i mangel på eit betre ord, spirituelle, opplevinga eg hadde i går kveld. Jason Moran, solo i monumentalsalen på Munchmuseet. Med publikum i sirkel rundt flygelet, heilt akustisk.

Etter å ha vandra rundt frå konsert til konsert på Oslojazz er det ein tanke som sit igjen: Rommet har alt å seie.

Oslo Jazzfestival er no rundt halvvegs i det rike programmet. Årets program er eit av dei sterkaste program eg kan hugse å ha sett på ein norsk jazzfestival på ei stund. Og etter dei siste åra sine innreiserestriksjonar, gledde eg meg kanskje aller mest over alle dei amerikanske musikarane eg skulle sjå.

JAZZHISTORIE: Pat Metheny – ein av dei mest sentrale skikkelsane i jazzhistoria – i Konserthuset under Oslo Jazzfestival 2022. (Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival)

Halvvegs i konserten til dei britiske jazzkometane Sons of Kemet, dansande i solsteika på Vindfruen-scena på Øyafestivalen, kasta eg meg på sykkelen til Oslo Konserthus, der Oslo Jazzfestival opna med Pat Metheny Trio.

Før konserten kunne begynne, delte festivalsjef Øyvind Skjerven Larsen ut USBL-jazztalent-prisen til Kristina Fransson. Fransson, fødd 1999, går på det frie kandidatstudiet på Norges musikkhøgskole, og har merka seg i fleire samanhengar med elektronikk og trompet.

I det Metheny går på med det karakteristiske håret, måtte eg humre – det er villare enn eg hugsar. Ein er nær ein av dei mest sentrale skikkelsane i jazzhistoria her i konserthuset.

Han opnar med den abnorme harpegitaren sin (google it). Det lét fint, og stort. Men når han går over til sin halvakustiske Ibanez (trur eg), så lét det vel grautete i konserthuset. Det er eit estetisk stilval det Metheny-soundet, litt mumlete, men det er lett at det bikkar over til graut, og det gjorde det denne kvelden. Lyden er langt vekke og manglar klar diskant. Lyden frå frommer og bass stoppar på scenekanten.

Men opplevinga er ei heilt anna når han i duo med bassist Darek Oleskiewicz spelar songar frå Beyond the Missouri Sky (Charlie Haden/Pat Metheny). Gitaren lét varm, og detaljane fyller Konserthuset – frysningane kjem på Ennio Morricones sentimentale tema frå Cinema Paradiso.

Det er heilt spesielt å høyre detaljane i anslaget til Metheny, å høyre det innimellom uperfekte i det fascinerande presise spelet. Strengane syng. Etter to timar og førti minutt forlot eg altså salen med blanda kjensler. Skulle eg kanskje heller ynskje meg Metheny solo eller duo i Konserthuset, eventuelt trioen på ei heilt anna scene? Eg skjønar jo at Victoria blir for lite, og det er det som er synd med desse superstjernene.

KONSERTSCENER OG STJERNER: Pat Metheny Trio i Oslo Konserthus. Skulle eg kanskje heller ynskje meg Metheny solo eller duo i Konserthuset, eventuelt trioen på ei heilt anna scene? spør Ballades kritikar. (Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival)

Søndagen kom dagen eg hadde gleda meg til sidan Stian Carstensens Musical Sanatorium kom ut i fjor, den beste norske utgjevinga i 2021. Carstensens storverk er musikk som har oppstått gjennom ei terapeutisk reise gjennom “de mentale katakomber”, som han seier sjølv – og ut på andre sida.

Scena er stappa med instrument, og berre ved synet av dei har musikkopplevinga starta. Carstensen med ei bulgarsk sekkepipe, Sidsel Walstads harpe, Torbjørn Dyruds hammondorgel og ikkje minst den rumenske meisteren Giani Lincan sin cimbalom. Når vi i tillegg har strykarar, blåsarar og ein solid rytmeseksjon ligg alt til rette for ei klangverd for draumar.

Så slår det i mot oss.

Det er mykje lyd, høg lyd, i festsalen på Munchmuseet. Lydteknikarlegende Tor Breivik har sørga for at alle detaljar blir høyrt, klangkvalitetane i kvart instrument skal fram. Det er på ein måte vanvittig imponerande god lyd. Men det blir nesten litt for mykje av det gode. Noko av det mest fascinerande i Carstensens Musical Sanatorium er instrumenteringa. Det er som å høyre eit verk for symfoniorkester, der all musikken kjem ut som ei organisme. Her mistar ein den kvaliteten fordi alt er så forsterka og detaljert.

Høgdepunktet er å høyre Giani Lincan sitt vanvittige cimbalom-spel. Neste år vil eg høyre han aleine i monumentalsalen.

SYMFONISK ORGANISME: Stian Carstensens Musical Sanatorium er som å høyre eit verk for symfoniorkester, der all musikken kjem ut som ei organisme, skriv kritikar Torkjell Hovland. (Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival)

På mandag går eg innom Herr Nilsen for å sjå gitarist Ola Erlien, som spelte i Stian Carstensens orkester dagen før.

Og herlighet – fjorårets jazztalentprisvinnar viste med sin kvartett at han har noko stort på gong. Det er ståka fullt på Herr Nilsen, lokalet bular bokstavelig talt (eg stod med ein fot på dørkarmen). Det er ei oppleving av at her er det ein sensasjon på gong.

Høgdepunktet er Gard Kronborg sine bass-soloar. Med sin heilt spesielle akustiske bassgitar med kontrabass-strengar, spelar tjueåringen fletta av dei fleste andre med ei lang karriere bak seg.

HØGDEPUNKT: Det var trangt om plassen under konserten med Ola Erlien og bandet på Herr Nilsen under Oslo Jazzfestival. Fra venstre Zakarias Meyer Øverli, Gard Kronborg, Ola Erlien og Gustav Skaaret. (Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival)

Men eg måtte springe vidare.

For pianistar er årets program ein gåvepakke, og Craig Taborn opna med solokonsert på Victoria mandag. Gjennom sine tekniske ostinat og inn og ut av meir eller mindre abstrakte klangrom leverer han – kva skal ein seie – som forventa. Craig Taborn er ein fantastisk pianist som har gitt enormt gode musikkopplevingar på plate.

Men det var liksom noko som mangla. Eg opplevde det heile som litt teknisk og sjellaust denne gongen. Eg stussa – er det eg som ikkje klarer å komme inn i det? Svaret vart tydeleg for meg under Jason Moran sitt solosett på onsdag – du tvilar ikkje når du opplever stor musikk.

Oslo jazzensemble hadde invitert komponist Maria Schneider med seg til Oslojazz med verket Data Lords på tirsdagen. Schneider dirigerte bandet denne kvelden, medan Jørn Øyen sat bak pianoet. Ho har engasjert seg i teknologigigantane si makt og korleis internett har endra verda, og har ein tydeleg politisk bodskap.

STORBANDTRADISJONEN: Maria Schneider styrte dynamikken i jazzensemblet med stødig hand. (Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival)

Dei fleste av Schneider sine komposisjonar er djupt planta i storbandtradisjonen, og eg tek meg i å sakne eit brot med den innimellom. I tillegg opplever eg at ho gjennom å med stødig hand styre dynamikken i ensemblet, forflatar uttrykket som kvar enkelt av desse musikarane har.

Det er eit uttrykk, men det går an å utnytte dei unike stemmene i større grad, slik for eksempel Ole Morten Vågan eller Eirik Hegdal gjer i sine arrangement for Trondheim Jazzorkester. For Oslo jazzensemble har ei enorm sterk besetning denne gongen, og heldigvis tek Schneider fram solistar ein etter ein per låt – og her får dei vere frie.

Høgdepunktet er Tina Lægreid Olsen på barytonsaksofon under Sputnik. Ensemblet spelar cinematiske klangar med klare referanser til science fiction-filmmusikkhistorien, og Lægreid Olsen flyt rundt i det musikalske verdsrommet med eit djupt menneskeleg spel. Det er skittent og kjenslefullt, og heile vegen intenst og med ei tydeleg retning.

FILMATISK MUSIKK: Maria Schneider og Oslo jazzensemble med ei sterk besetning og cinematiske klangar. (Foto: Anna Rogneby/Oslo Jazzfestival)

Så til årets store oppleving. Monumentalsalen på Munch, midt mellom Munchs enorme måleri Solen og Forskerne. Der skulle vi møte, ansikt til ansikt, Jason Moran. Det var ikkje eit publikum og ei scene, ikkje nokon høgttalar mellom oss. Det var frå starten noko heilt anna enn “berre ein konsert”.

Pianisten, komponisten og multikunstnaren Jason Moran er ikkje framand for kunstmuseum. Han har hatt forskjellige utstillingar på museum i USA, der han har vore spesielt interessert i kva fysiske spor konsertar etterlet seg. Moran nemner då Charles Mingus slo kontrabassen i golvet i Universitetets Aula, også den gongen framfor Munchs utsmykking.

Moran er oppteken av augeblikket vi er ein del av, og som ein del av historien.

SPOR: Jason Moran er spesielt interessert i kva fysiske spor konsertar etterlet seg, og tolkar det eksisterande gjennom spelet. (Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival)

Moran sitt pianospel er sterkt påvirka av hip hop, klassisk og jazzhistorien. Han tolkar på mange vis det eksisterande gjennom sitt spel.

Under dei mest klangutforskande delane av konserten havna eg i ein tilstand mellom søvn og vaken, ein rus. Moran tok oss med langt inn i dei djupaste tonane i flygelet, og vi vart slukt av ein kvit støy som Moran klarte å mane fram i tangentane. Ut av mørkeret kom vi inn i hans komposisjon Follow the Light. Som han sa etterpå: “It’s right behind you” – og peika på Munchs Solen.

FOLLOW THE LIGHT: Konserten med Jason Moran var ei oppleving – ikkje berre ein konsert, skriv Ballades utsendte. (Foto: Matija Puzar/Oslo Jazzfestival)

Ein time og førti minutt fauk av garde som eit sekund. Eg vart satt ut kvar gong applausen kom mellom låtane og “vekte” meg. Eg stokka ord då eg snakka med folk etter konserten.

Moran var intenst tilstades, og det smitta over på oss. Det merka vi allereie under samtalen med Rob Young på førehand. Avslappa og reflektert – for ein fin fyr. Frå første til siste tone er vi heilt inne i musikken, og Moran meiner musikken med heile seg.

Men dette er ikkje berre Jason Moran si forteneste. Nokon har tenkt tanken – Jason Moran solo i monumentalsalen, klokka ti på kvelden. Publikum sit rundt det akustiske flygelet, tett inn på. Det blir ei oppleving, ikkje berre ein konsert.

Eg kjem til å varme meg på minnet om timane i monumentalsalen med Moran gjennom mange vintrar.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo