Sun & Sea, den prisbelønna litauiske opera-performancen, vart framført på Kunsthøgskulen i Bergen under Borealisfestivalen. 33 tonn sand gjorde ei falsk strand, der klimakrisa fredeleg utspelte seg til lyden av operasong. (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

Borealis-festivalen: Sol, sjø og tankeløyse

Opera-performancen "Sun & Sea" presenterte eit fugleperspektiv på våre hedonistiske, destruktive liv.

AnmeldelseKunstmusikkScenekunst

Vinnar av Gulløven under den 58. Veneziabiennalen i Italia var den litauiske opera-performancen Sun & Sea. Produksjonen var ein del av Borealisfestivalens program sist helg. På Kunsthøgskulen i Bergen utgjorde 33 tonn sand ei falsk strand der klimakrisa fredeleg utspelte seg til lyden av operasong.

Klimakrise på kvadratisk strand
Ute er det rufsete ver, og moglegheita til å observere litt strandliv er høgst velkommen. Sun & Sea er ein opera som går i loop over fleire timar, og me vart inviterte til å observere ei bedageleg tilvere på stranda med is, kortspel, scrolling på mobil og nettbrett og operasong. Ståande på eit galleri ser me ned på ei kvadratisk strand og livet som utspeler seg der.

Sun & Sea: Ei bedageleg tilvere på stranda. (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

I det ein entrar rommet vert tempoet skrudd ned. Rommet har ein ro, og den sakte rytmen saman med tilfredsheita til strandløvene ser ut til å smitte over på publikum. Trass i at det er fleire meter distanse mellom oss og dei, er publikum stille. Det er rom for å prate seg i mellom, men verket er så inndragande at ein berre vert ståandes og sjå. Det forundrar meg at eit verk som er så roleg, underspelt, dramaturgisk flatt, er så bevegande. Eg kunne stått her til i morgon. Det er ein fysisk distanse, men emosjonelt er me alle med på stranda.

Sun & Sea: Ståande på eit galleri ser publikum ned på ei kvadratisk strand og livet som utspeler seg der. (Foto: Thor Brødreskift)

Omtrent halvparten av dei på stranda er frivillige, og produksjonsmessig var det visstnok ei utfordring då stykket skulle vise eit naturleg mangfald med tynne, tykke, piercede og tatoverte, unge og eldre, syklar og hundar. Dei frivillige og songarane ligg på stranda om kvarandre, og det er utydeleg kven som er kven. Ikkje eingong når dei syng er det lett å sjå kor røystene kjem frå. Liggande langflate på badehandklede syng dei diskre, og det er långt i frå den klassiske operaen der det dramatiske og teatralske prisast.

Sun & Sea: Dei som er på stranda er omlag halvparten frivillige og halvparten songarar. (Foto: Thor Brødreskift)

Gradvis ut i stykket innsjår ein kor mange songarar det faktisk er, då dei ein etter ein byrjar å synge. Dei frivillige pratar og ser ut som dei har gløymt kvar dei er, og det heile framstår veldig naturleg, trass i at denne oppstilte verkelegheita jo er motsett. Fargerike spadar og bøtter ligg strødd omkring, og nesten samtlege har trykt ei eingongsflaske ned i sanden. Dette er jo oss. Plastemballasje vert riven av isen, og ein får inntrykk av at dei konstant eter. Berre fordi dei kan. Litt som at me flyr til Paris på helgetur – berre fordi me kan. Sun & Sea får frem det tankelause i våre sjølvsentrerte liv.

Sun & Sea: Berre fordi me kan. (Foto: Thor Brødreskift)

Lyden av badeball mot barnehender
Verda ulmar, og dei uvitande barna forsterkar uhygga. Barna veit ikkje at dei er med i eit internasjonalt anerkjent kunststykke. På same vis veit dei heller ikkje kva dei vaksne gjer med kloden. Saman skapar dette eit sørgjeleg bilete av røynda, eit bilete me er tilskodarar til. Dei verkar så nøgd der dei spring rundt på ei konstruert strand varma opp av varmelampar, og denne laurdagen er nok ein fin dag i eit liv fritt for bekymringar. Me høyrer lyden av badeball som treffer barnehender og latter.

«Wealthy Mommy» er ein av karakterane i operaen, og «Wealthy Mommy’s Song», ei skrytande reiseskildring i operateksten, er eit eksempel på det korttenkte perspektivet til mennesket:

My boy is eight and a half
And he has been svimming
The Black,
The Yellow,
The White,
The Red,
The Mediterranean,
Aegean seas…
He has already visited two of the world’s great oceans,
And we’ll visit the remaining ones this year!

Two week ago, my husband took me diving in Australia.
Two photographers swam after us – included in the price!
Our little one stayed on shore together with our nanny…

Den kapitalistiske gleda over fotografar inkludert i prisen og sparket til kjøpt barneoppdraging framførast mens songaren nyter badelivet. Den apatiske egoismen er surrealistisk.

Sun & Sea: Verda ulmar, og dei uvitande barna forsterkar uhygga. (Foto: Thor Brødreskift)

Vakre interaksjonar i ei bedøvd verkelegheit
Dei vakre, rørande kvardagsaugeblikka er allikevel mange. Som observatørar vekslar me mellom å føle varme for strandløvene og å komme på kva stykket handlar om og kva som skjer. Me ser eit barn som legg seg oppå faren sin for å utforske andletet hans, og dei fire samanfletta beina er rørande. Operasongarens leik med eit barn samtidig som han syng forsterkar denne dobbeltheita. Stykket får fram evna mennesket har til å fortrenge, og heller drøyme seg inn i augeblikk og ynskjer. Me får sjå oss sjølve frå avstand, og på same tid både dømmer me dei på stranda og kjenner dyp sympati med dei. I dette laboratoriet observerer me oss sjølve.

Utover i stykket blir teksten meir og meir prega av klimakrisa og dyrelivet som svinn hen. Eit tvillingpar i like klede ligg på eit handklede og syng med vakre stemmer:

– I cried so much when I learned that corals will be gone.
And together with the Great Barrier Reef the fish would go extinct –
From sharks to the smallest fry.

– I cried so much when I learned that bees are massively falling from the sky
And with them all the world’s plant life will die

Stykket har fleire namngitte karakterar, som «filosofen» og «Sunscreen Bossa Nova», og me får høyre utviklinga av refleksjonen deira jo nærare krisa kjem, og jo meir skada kloden vert.

Det at stykket går i ein kontinuerleg loop er med på å forsterke ei tidløyse. Krisa utspel seg roleg og udramatisk, og representerer sånn sett sanninga: Me lever våre liv som vanleg med vissheita om at polar smeltar og isbjørnar sultar. Songen er salig, og til tider høyrast det ut som salmesong. Den underliggande krisa er vanskeleg å gå i frå.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio