Joikopera (Skuvle Nejla)

Skuvle Nejla – en joikopera

Torsdag 12. oktober hadde Frode Fjellheim sin joikopera "Skuvle Nejla" premiere i Østersund i Jämtland. Fire fulle hus er status så langt. Operaen er eit norsk/svensk samarbeidsprosjekt. Det er fyrste gong ein historie frå den samiske kulturen der musikken også legg stor vekt på å involvere den samiske joiken blir framført i eit såpass omfattande format. - Det er å håpe at operaen "Skuvle Nejla" ein gong i framtida også kan bli å høyre på ei scene på den nye operaen i Bjørvika, skriver redaktør i Spelemannsbladet Kjell Bitustøyl i denne omtalen.

Folkemusikk

Av Kjell Bitustøyl

Skuvle Nejla har kome i stand som eit resultat av eit interregionalt samarbeid om sørsamisk joik mellom Sør- og Nord-Trøndelag fylke og Jämtland Län. Det handla om å sette joiken inn i nye rammer.

Cecilia Persson, som er komponist Frode Fjellheim sin kollega ved Estrad Norr/Länskulturen i Jämtland, hadde liggjande eit manus til eit teaterstykke. Dette manuset blei korta ned på og gjort om til libretto.

Innhaldet er bygt på ei gammal segn frå 1700-talet om då Thomas von Westen drog ut for å misjonere blant samane. Skuvle Nejla, eller Skol Nils, fortel til si festarmøy Maria at han har høyrt forkynninga til von Westen, og at han vil bli prest. Det han ikkje veit då han gjev seg ut på den lange vegen, er at Maria er med barn.

Allaq – halvt menneske, halvt bjørn
Møtet mellom samisk mytologi og det kristne verdsbiletet spelar ei viktig rolle i forteljinga. Maria får eit jentebarn – Allaq – og gøymer henne i det heilage fjellet til forfedrane. I segna vandrar Allaq ut i villmarka og blir til halvt menneske halvt bjørn. Så kjem Skuvle Nejla tilbake for misjonere blant samane og han treffer att Maria. Klokkaren har sett eit udyr, ein fortrylla bjørn og ber om kyrkjesylv for å støype ei kule for å drepe bjørnen som han trur er sjølve djevelen.

Etter at bjørnejakta er over fortel Maria til Skuvle Nejla at dotter deira ikkje lenger er i live, og då det går opp for han at det er hans eiga dotter som er drepen, tek han avskjed frå misjonstenesta og i framtidsdraumen møter han att dotter si.

Bjørnejoik
I dette møtet mellom to verdsbilete har Frode Fjellheim tatt utgangspunkt i ein urgammal bjørnejoik. Vidare brukar han eigen bakgrunn frå både klassisk og moderne rytmisk musikk som fundament for musikken. Musikken avspeglar det dramatiske møtet mellom den førkristne trua til samane og innføringa av kristendommen.

Skuvle Nejla er i eit enkelt format, kulissane er få og musikkensemblet består av seks musikarar. Sjølve framføringa er dels på sørsamisk dels på svensk. Ensemblet, seks musikarar og åtte songarar/skodespelarar består av ei god blanding av norsk og svensk. Tre joikarar fyller dei samiske rollene: Johan Anders Bær frå Karasjok som Skuvle Nejla, Anna Kråik frå sørsamisk område som Maria og Inga-Marit Gaup Juuso, også ho nordsamisk, som Allaq.

Urkraft
Det er ikkje utan vidare enkelt å tilpasse joik inn i ei musikkform med klare avgrensingar og temperert skalabruk. Og endå dei tre joikarane er erfarne på kvar sitt vis, særleg den eldste Johan Anders Bær, opplever ein at urkrafta og originaliteten i joiken somme tider blir ståande på utsida av den andre musikken. Særleg gjeld dette i høve til den skulerte songen. Samtidig opnar dette opp for nytenking innafor operaformatet.

Det er ikkje vanskeleg å slutte seg til den svenske meldaren i avisa Länstidningen som skriv at: «När man hör skillnaden undrar man varför vi ägnar oss åt onaturlig människofrämmande operasong i stället för jollrande smeksam jojk som pressade fram tårar i den första ömma scenen mellan Kråik/Baer.»

Det er i dei nedstrippa scenene der joiken får fungere mest på eigne premiss, at dramaet har sine høgdepunkt. Scena då Skuvle Nejla oppdagar tragedien med barnet var magisk: Med mild stemme joikar Johan Anders Bær i rolla som Skuvle Nejla ut si store sorg. Men også dei to andre joikarane får fram smerta og det inderleg følte i sine beste augneblink.

Fjellheim har lykkast langt på veg med å skape noko nytt, sjølv om blandinga er vanskeleg og desse ulike musikkuttrykka ligg langt frå kvarandre. Fjellheim har med denne operaen utan tvil tatt eit dristig steg framover.

Til Bjørvika…?
Det er å håpe at operaen «Skuvle Nejla» ein gong i framtida også kan bli å høyre på ei scene på den nye operaen i Bjørvika. Suksessen med den folkemusikalske utgåva av «Tryllefløyta» gjev von om at det ikkje berre er det tradisjonelle storformatet av opera som får plass der.

Interessa for dette pioner-prosjektet vore stor. Satsinga har òg ei kulturpolitisk side, dette er både ein seier for sørsamisk kultur samtidig som det òg peikar framover for samarbeid på tvers av landegrensa, mellom regionar. No står premiere på Inderøy 19. oktober for tur, så skal operaen ut på rundtur i Trøndelagsfylka. Vidare er der planer for framføring under VM i Åre og i Stockholm.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
– Det er skummelt å dele. Men enda skumlere å la være

– Det er skummelt å dele. Men enda skumlere å la være

Ragnhild og graver dypt i de rå og ærlige følelsene som driver oss alle. Med sitt kommende album Might as Well Just Cause a Scene tar hun oss med inn i kjærlighetssorgens mørkeste rom.

Musikklivets grunnmur smuldrer

Musikklivets grunnmur smuldrer

INNLEGG: Når helårsarrangører forsvinner og utdanningene vokser, blir musikerlivet et lappeteppe av tilfeldige oppdrag. Det er en kulturpolitikk uten bærekraft, skriver Anderz Døving i organisasjonen Klassisk.

–  Vi lever i en musikalsk gullalder, som ingen får høre om

–  Vi lever i en musikalsk gullalder, som ingen får høre om

Johan Hauknes i salt peanuts* etterlyser engasjement, strategi og en presse som faktisk følger med.

Jon Balke: Musikkens rolle og kraft i samfunnet

Jon Balke: Musikkens rolle og kraft i samfunnet

KRONIKK: Musikk er like grunnleggende som mat og vann, skriver Jon Balke. Her viser han til historien om den kjente cellisten Karim Wasfi, som spiller i ruinene etter katastrofer.

Ballade video: Klovner i kamp

Ballade video: Klovner i kamp

Ut på veien med Sassy 009, Mikoo, Date of Birth, Sara Fjeldvær, Anna of the North, The Orchestra!, Kåre Indrehus og White Trash Blues Band.

Årets kirkemusikalske høydepunkt er i gang

Årets kirkemusikalske høydepunkt er i gang

Onsdag 17.september åpner dørene til årets Bergen Kirkeautunnale. Opplev festivalen som utfordrer grensene for hva kirkemusikk kan være.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio