Hausten 2020 publiserte ei rekkje personar i folkemusikk- og folkedansmiljøet eit opprop i Aftenposten – gjengitt her i Ballade – om å innsjå at seksuell trakassering også skjer i folkemusikken og folkedansen, og at miljøet måtte gripe inn og ta ansvar. Bak oppropet stod om lag 80 personar, mellom dei Annbjørg Lien, Benedicte Maurseth, Berit Opheim, Tuva Syvertsen, Erlend Apneseth, Hans Hulbækmo, Gabriel Fliflet og Hilde Bjørkum.
For nokon av oss er det eit sjokk at seksuelle overgrep og trakassering skjer i utstrekt grad i vårt eige miljø. Mange har likevel opplevd ulike grader av trakassering, som i sum utgjer eit mønster. Eit mønster som me må opne augo for, ein tradisjon me for lenge sidan skulle ha avliva, lød det i oppropsteksten.
Organisasjonane FolkOrg, Noregs Ungdomslag (NU) og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) tok oppmodinga, og har i haust gjennomført ei spørjeundersøking for å kartlegge omfanget av problemet.

Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg. (Foto: Thor Hauknes)
HØYR OGSÅ paneldebatt om språk, kjønn og representasjon i Ballade radio: Spelemenn og små, fine jenter – om språk og kjønn i folkemusikken
– Eit tiltak vi har gjort i FolkOrg er å ta Balansekunsts merkeordning mot diskriminering og seksuell trakassering i kulturlivet, seier Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg. – Vidare skal vi jobbe med kampanjen «Har du folkemusikkskikk?», og vi skal etablere verneombod i løpet av 2022. Vi skal informere tydeleg om retningslinjene og rutinane våre for varsling, og vi skal oppmode lokallaga til å sette temaet på dagsorden og å gjennomføre Balansemerket sitt digitale kurs. Hovudnemndene på Landskappleikane og Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal ta det same kurset. Dette er eit arbeid som heile organisasjonen må ta del i.

Kai Roger Vatne, generalsekretær i Noregs Ungdomslag. (Foto: Inger Johanne Ruset)
– Vi som organisasjonar må ha god dialog rundt dette problemet, seier Kai Roger Vatne, generalsekretær i NU. – Vi løyser ikkje eit slikt problem åleine.

Heim i Oslo World: – Ringverknadane er ganske massive
– Du er avhengig av eit sterkt kulturliv i landet du bur i for å ha eit godt liv. Gjennom 20 år har Alexandra Archetti Stølen gjort sitt for akkurat det – i Oslo World.

– Du må være skamløs
Fra punkfanziner på Blitz til redaksjonen i Aftenposten: Nazneen Khan-Østrem har erfart musikkjournalistikken fra innsiden. Nå ser hun tilbake på sin tid som polemisk skribent – og frem mot et felt hun mener trenger mer mangfold, mer galskap og langt flere som tør å være en skikkelig «pain in the ass».

Høstfest og heder til musikkskaperne
NOPA-prisene 2025 ble delt ut mandag kveld, der hedersprisen gikk til Åge & Sambandet, Sverre Indris Joner ble utropt som årets opphaver og Sanyu Christine Nsubuga fikk den gjeve tekstprisen.

– Gode tekster går aldri ut på dato
Norsk Viseforum feirer 50 år med utsolgt jubileumskonsert på Gamle Logen.

Ballade video: Biff à la Niilas
Vi ser fillm med Sassy 009, Iris Caltwait, Emmerhoff & The Melancholy Babies, Les Dunes, Torgeir Waldemar, Anna Of The North, Neon Ion og Niilas.

Bjørn Eidsvåg utnevnt til St. Olavs Orden
Den folkekjære artisten blir kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sitt fremragende musikalske virke.









































