© Kunnskapsdepartementet/Rune Kongsro

Skule, kultur eller kulturinstitusjon?

DEBATT: Engerutvalet vil flytta kulturskulen frå kunnskaps- til kulturdepartementet. Men korkje kunnskapsministeren eller kulturskulens leiarar ynskjer dette.

Kalender

Bratsjdagene i Asker: Musikk og Poesi

01/05/2024 Kl. 18.00

Viken

Bratsjdagene i Asker: MEDITATIV KONSERT

03/05/2024 Kl. 18.00

Viken

Bratsjduell på Filtvet Fyr

06/05/2024 Kl. 19.00

Viken

Fredag arrangerte Norsk kulturskoleråd ein konferanse for leiarane sine. Her diskuterte dei framtida, etter at Engerutvalet har trekt kulturskulen fram som ein av taparane etter Kulturløftet 1 og 2.

Dette trass i at kulturskulen var høgt på lista då Kulturløftet 2 vart presentert. Regjeringa lova kulturskuletilbod til alle som ynskjer det, men dette ynsket er ikkje oppfylt i 2014.

I det neste løftet er det signalisert at grunnmuren — det lokale og frivillige kulturlivet — bør bli prioritert. For kulturskolen er så det store spørsmålet: Korleis?

[link id=67038 title=»Les også: Valgflesk eller velvilje?«]

Flytta ansvar?
Engerutvalet har i sin rapport komme med to anbefalingar. Det første å øyremerka midlar til kulturskulen, det andre å flytta ansvaret for kulturskulene frå kunnskaps- til kulturdepartementet.

På konferansen vart desse ideane ikkje berre møtt velvilje. Der synet på øyremerking er delt, var dei fleste innleiarane usamde i tanken om å gje kulturdepartementet større ansvar.

Også kunnskapsminister Kristin Halvorsen uttrykte klar motstand mot dette då ho vitja konferansen på slutten av dagen.

— Eg trur ein omgjer kulturskulane til kulturfritidstilbod dersom ein tek dei ut av kunnskapsdepartementet. Kulturskulen er uansett naturleg knytt til kulturverksemder kring i landet. Spennet mellom kultur og læring er viktig å halda fast på, understreka Halvorsen.

— Treng faglege krav!
Rektor ved Noregs musikkhøgskole, Eirik Birkeland, hadde tidlegare på dagen ytra sin skepsis.

— Eg fryktar at ei slik flytting vil føra til at kunst- og kulturfaga blir mindre viktige. Det er litt som å flytta kulturen frå P1 til P2 —eller til og med Alltid klassisk, sa han.

Birkeland meiner at eitt av ankepunkta til kulturskulen — ut over at politikarane ikkje klarer å få pengane til å finna vegen fram — er at ein fokuserer for mykje på ventelister og for lite på det faglege innhaldet.

— Det er sagt på konferansen at kulturskulens verdikjede handlar om å læra, skapa, formidla og oppleva. Slik eg ser det, er læringa det svakaste leddet. Det er problematisk at ein ikkje har sett faglege standardkrav for utdanninga, slik ein har elles i skulen. Det vonar eg vil endra seg når ein no skal i gang å skriva ny rammeplan, sa han.


Aksel Hagen i SV

— Alltid i skvis
Aksel Hagen i SV fortalte at han ikkje tykkjer at plasseringa spelar noka avgjerande rolle. Det viktige er at ein tvingar departementa til samarbeid, hevda han.

— Det går to parallelle skuledebattar i Stortinget. Dei dominerande stemmene meiner ein skal tenkja meir kunnskapsinstrumentelt enn før. Samstundes seier den nye stortingsmeldinga at dei estetiske faga skal få auka vekt. I konkurransen med barnehage og grunnskule hamnar ein nok uansett i skvis i kampen om ressursar, sa han, og understreka at han trur at ein også i kulturdepartementet vil sjå at andre område vert prioritert først.

— Så langt er kunnskapsdepartementet det av departementa som har innfridd, med innføringa av kulturskoletimen, sa Hagen.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter

Viktig kulturskuletime?
Etter responsen å dømma, var kulturleiarane openbart enige i at kunnskapsdepartementet er ein god plass for kulturskulen å vera.

Men det var fleire innvendingar mot kunnskapsdepartementets tiltak, [link id=67958 title=»kulturskuletimen»], som skal sikra alle elevar på 1.-4. trinn får ein times kulturskuletilbod i skuletida/på SFO. Fleire kulturskuleleiarar ynskjer at dei 177 millionar kronene ville ha komme betre til nytte om det faktisk vart fordelt til kulturskulene i landet.

Førstelektor ved musikkhøgskulen, Signe Kalsnes, meiner imidlertid at kulturskuletimen er viktig.

— Eg trur kulturskuletimen er vesentleg som eit tilbod til det store mangfaldet av unge. I kulturskuletimen er det ikkje snakk om å måtta oppsøka nokon perifer plass som heiter kulturskulen. Undervisninga skjer på skulens arena, og terskelen er låg for å bli kjend med kulturskulen, sa ho.

Opposisjonen ved Øyvind Håbrekke (Krf) uttalte seg ikkje om departement, men talte varmt for øyremerking av midla til kulturskulen.
Hør Halvorsens innlegg på Youtube.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.