Frå opninga av Notam sine nye lokaler på Myrens Verksted 3 på Torshov i Oslo. (Foto: Notam)

Her kan kunstnarar leige studio – heilt gratis

Med Europas einaste kringlydstudio ope tilgjengelig, topp utstyrt mikserom, mekkeverkstad og preproduksjonsrom opna Notam dørene til dei nye lokala sine nyleg. No er musikarar og kunstnarar inviterte til å fylle huset med aktivitet.

AktueltBransjenKunstmusikkMusikken og livetMusikkteknologi

Er du musikar, kunstnar eller berre elskar å mekke synthar?

Norsk nettverk for Teknologi, Akustikk og Musikk starta i 1992 under forkortinga NoTAM. I 2008 blei namnet endra til Notam – norsk senter for teknologi i musikk og kunst. Og nyleg opna Notam nye lokaler på Myrens verksted på Torshov – vegg i vegg med Myrens treningssenter, for den som er kjent i Oslo.

LES OGSÅ reportasje frå Notam 25 år

Laurdag formiddag under opningshelga utfordra umiddelbart til pingpong-kamp. Eit av programinnslaga var nemleg «Pling Pong Ekspress» med Samvær Under Tilsün. Dei har laga ein installasjon der bordtennisbordet beveger seg, og racketar og bord triggar lyd når ballen treff.

Ballades utsendte måtte gi tapt for kunstnarisk og administrativ leiar Christian Blom, men skuldar på eit inhabilt bord.

Og vi spør Blom via e-post, når han har landa etter opningshelga, om han kan fortelle om bredda i aktivitet på huset:
– I dag jobbar vi med motorisering av ein spinnerokk og installering av sensorteknologi i ein vev, på oppdrag frå biletkunstnar Elina Waage Mikalsen. Og så har vi eit prosjekt saman med filmskulen og Cinemateket der vi ser på kreativ bruk av omsluttande lyd med ulike teknikkar, og så har Even Grimsgaard sitte i videostudioet og lagt lyd på ein ny dokumentarfilm.

– Opningshelga var godt besøkt med mykje interessant kunst og aktivitet i alle rom – lokala bestod prøva, fortel han.

Fredag i opningshelga hadde Lemur konsert, ein kvartett for improvisert kammermusikk, som også er ein av aktørane som har kontor i lokala til Notam.

– Først og fremst – kven er Notam til for?
– Notam er til for profesjonelle kunstnarar og teknologar i det frie feltet. Vi gjer produksjon, forsknings- og utviklingsarbeid, formidling og undervisning.

– Korleis var tilbakemeldingane frå feltet etter helga?
– Tilbakemeldingane frå feltet har vore særs positive, fleire ønsker å bruke lokala til eigne konsertseriar og workshops, og dette er noko av det vi håpar på i såpass flotte fasilitetar – at Notam kan være ein stad fleire organisasjonar brukar.

Ja, for Notam er nemleg avhengig å fylle huset med aktivitet. Og du treng heller ikkje vere knytt til nokon organisasjon for å bruke lokala.

Studio for omsluttande lyd. (Foto: Notam)

Då Ballade fekk omvising, fekk vi mellom anna sjå Europas einaste studio for kringlyd som er tilgjengelig for «alle», eit topputstyrt mikserom, ein liten konsertsal, ein godt utstyrt verkstad for synthesizer-mekking, frilanskontor og bibliotek.

Og desse romma – med utstyr – går det altså an å låne ved å ta kontakt med Notam. Treng du teknisk rettleiing, så har dei også moglegheit for å stille med det, mot ein timesats.

– Alt dette dyre utstyret – tør de overlate det til «kven som helst», eller? Korleis er kvalitetskontrollen?
– Dei som brukar utstyret og studioa er teknisk kompetente, og treng du hjelp til skapande arbeid, kan vi gi dette til ein subsidiert pris, forklarer Blom.

Og så blir utvalet også sikra etter utsilinga på nettsida, der kunstnarar som vil booke tid må skrive kva dei ynskjer å nytte lokala til.

Men å nå ut til fleire, har vore, og er framleis viktig for Notam. Ein av organisasjonane som har lokaler på huset er Nuts & Bolts, som i 2017 vart starta av Jessica Sligter. Dei har eit særleg fokus på inkludering av kvinner, ikkje-binære og transpersoner, og BIPOC (Black/Indigenous/People Of Color). I opningshelga hadde Therese Aune workshop i synthbygging i verkstaden på huset.

Notam har også arrangert fleire meetups online, noko dei starta med under pandemien, men som framleis er ein fruktbar aktivitet:
– Samla oppmøte på dei internasjonale «online meetups» er ca 800 unike kunstnarar frå alle kontinent i 2023, fortel Blom. – Notam har med dette eit stort internasjonalt nedslagsfelt, og vi kan tilby fagligheit og nettverk til kunstnarar i eit internasjonalt perspektiv, kan han fortelje.

Prosjektrom som kan nyttast til både intimkonsertar og preproduksjonar. (Foto: Notam)

– Akustikken i dei nye lokala er gjennomtenkt – kan du fortelle kort om det?
– Vi har hatt hjelp av akustikar Bjørn Strand, som har teikna alle spesialromma. Desse er no godt isolerte og akustisk behandla til ulike formål. For eksempel har prosjektrommet noko klang, og responsen er ganske jevn fra bass til diskant. Dette rommet eignar seg for elektronisk og akustiske instrument – både til prøver og små konsertar.

– Medan studioet for omsluttande lydarbeid er omtrent heilt «daudt». Der ynskjer komponisten størst mogleg kontroll over den elektroniske lyden.

– Og kva ser DU fram til for Notam framover?
– No har Notam eit prosjektrom som er eigna for produksjon av dans, teater, musikk, installasjonar o.l. Prosjektrommet er knytt til verkstad, lydstudio og videostudio. Eg er interessert i å sjå kva større prosjekt som tek i bruk fleire fasilitetar samtidig, og kva nye kunstnargrupper vi når med denne unike samanstillinga av fasilitetar.

– Så vi kan tolke dette som ein invitasjon til feltet til å booke seg inn og fylle huset med aktivitet?
– Ja!

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Et sonisk postkort av Oslo

Et sonisk postkort av Oslo

Trikken, måkeskrikene og pulsen fra Oslos gater danner grunnlaget for Sound of the City, som viser hvordan vi kan knytte en relasjon til en by med ørene.

Bugges boikott

Bugges boikott

Verdens kriger og konflikter setter både offisiell og personlig kulturboikott på agendaen. Ballade møtte den bereiste jazzpianisten Bugge Wesseltoft til en prat om dette – i Tyrkia.

Ballade video: Knask eller knep

Ballade video: Knask eller knep

Vi banker på dørene med Seigmen, Jørgen Nordeng med Torgeir Waldemar, Nonne x 2, Nothing Personal x 2, MIIA og Gothminister.

Ragnhild Godal ny sjef for Hilmarfestivalen

Ragnhild Godal ny sjef for Hilmarfestivalen

– Hilmarfestivalen beveger seg i spenningsfeltet mellom arv og fornyelse, kan det bli bedre?

Heim i Oslo World: – Ringverknadane er ganske massive

Heim i Oslo World: – Ringverknadane er ganske massive

– Du er avhengig av eit sterkt kulturliv i landet du bur i for å ha eit godt liv. Gjennom 20 år har Alexandra Archetti Stølen gjort sitt for akkurat det – i Oslo World.

– Du må være skamløs

– Du må være skamløs

Fra punkfanziner på Blitz til redaksjonen i Aftenposten: Nazneen Khan-Østrem har erfart musikkjournalistikken fra innsiden. Nå ser hun tilbake på sin tid som polemisk skribent – og frem mot et felt hun mener trenger mer mangfold, mer galskap og langt flere som tør å være en skikkelig «pain in the ass».

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio