Berit Opheim har vore ein høgt anerkjend og sentral musikar i Noreg sidan 80-talet. Ho har ei vid musikalsk horisont, som spenner frå folkemusikk til samtidsmusikk og jazz. Ho er ein musikar på høgt internasjonalt nivå, som samstundes er rotfesta i ein lokal songtradisjon.
«Det er det som gjer ho til den eminente utøvaren ho er,» skriv juryen for Osaprisen, som er styret i Stiftelsen Ole Bull Akademiet.
Opheim har urframført ei rekkje nyskrivne verk, mellom anna av Lasse Thoresen, og i 2005 hadde ho
rolla som Månefruva (Nattens dronning) i Rikskonsertane si oppsetjing av Tryllefløyta i
folkemusikkdrakt. Ho har vore solist med Kringkastingsorkestret, hatt tingingsverket på Vossa Jazz (saman med Ståle Storløkken) og var i ei rekkje år medlem i Trio Mediæval. Berit Opheim er ein av dei mest sentrale formidlarane av den vokale tradisjonsmusikken i Noreg, og har mellom anna vunne Landskappleiken tre gonger.
Folkesongen har heile tida vore fundamentet hennar som utøvar, men det er som brubyggjar mellom ulike musikalske sjangrar ho har hatt mesteparten av virket sitt, melder prisutdelaren:
«Heilt sidan seint 1980-tal og gruppa Orleysa har ho vore med på å gå opp vegar mellom folkemusikken og andre musikksjangrar. Desse vegane har bokstavleg tala ført ho frå ungdomshuset på Bulken til Carnegie Hall. Med på reisa hennar har ei høg kvalitetskjensle og ei audmjuk nyskjerrigheit vore rettesnora.»
Gjennom heile karrieren har formidlinga av tradisjonsmusikken vore den raude tråden, fortsett juryen:
«Konsertar, innsamling av og undervisning i folkemusikk har vore eit fundament for alt ho har drive med som musikar; frå undervisning av Småkvedarane til tallause kurs på Ole Bull Akademiet, rettleiing av studentar, til workshops i inn- og utland. Og sist, men ikkje minst, det store innsamlingsarbeidet ho har gjort med den vokale tradisjonen på Voss. Heile tida med tradisjonen etter Margreta Opheim og visjonane til Sigbjørn Bernhoft Osa som rettesnor og inspirasjon. Arbeidet hennar set spor som kulturnasjonen Noreg treng.»
Utdelinga skjer i samband med Osafestivalen på Voss laurdag 25. oktober i Voss idrettshall.
Om Osaprisen
Prisen har blitt gjeve ut med ujamne mellomrom til personar som har brukt, henta inspirasjon frå eller fornya folkemusikken på ein framifrå måte. Prisen kan gjevast til ungdom under musikkutdanning som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i tradisjonell eller komponert/arrangert form, norsk komponist som legg vinn på å bruke norsk folkemusikk i sitt arbeid, eller den eller dei som gjer godt arbeid med å gjere norsk folkemusikk kjend i andre land. Desse har fått prisen tidlegare: Håkon Høgemo (1992), Agnes Buen Garnås (1994), Einar Mjølsnes (1997), Lasse Thoresen (1997), Einar Olav og Gjermund Larsen (2004), Nils Økland (2010) og Annbjørg Lien (2024).

Ballade og Ny Musikks visuelle historie: Kunstner Terje Roalkvams plakater og tidsskrift på utstilling
Sjelden anledning til å se norsk musikk- og magasinhistorie i grafisk form! Siste helg med utstilling av kunstner Terje Roalkvams plakat- og tidsskriftdesign 25. og 26. oktober.

NRKs musikkdekning: – Det handler ikke om nostalgi, det handler om ansvar
For mange har det vært sårt å se sentrale sjangerprogrammer forsvinne fra NRK, inkludert for programlederne selv. Etter en heftig debatt prøver radioprofilene selv å forstå hva som ligger bak – og hva som skjer videre.

En æra går mot slutten: Norske albumklassikere legges ned
11. januar 2026 tar Norske albumklassikere pause på ubestemt tid. På fem år har de gitt ut mer enn 1000 album og bøker.

Årets solistpris 2025 til sopran Victoria Randem
– Victoria Randem er et strålende eksempel på det utrolig høye nivået på norske sangere for tiden, sier Peter Herresthal, styreleder i Den norske solistpris.

Hilmarprisen 2025 til koreograf og danser Sigurd Johan Heide
Heide får prisen for "enestående arbeid med å fornye og løfte norsk folkedans – både som kunstform og som levende kulturarv", sier juryen.

– Jeg skriver meg litt fri fra alt
Hun spiller trommer med hele kroppen, rapper med lavmælt autoritet og skriver låter som er klokere enn henne selv. Øyunn har funnet ny kunstnerisk frihet i Danmark – og nå slipper hun sitt mest ærlige album så langt.