Det nye programmet P3 Live set liveopplevinga, musikkjournalistikken og artistane i sentrum, heiter det i pressemeldinga frå NRK.
Programmet vil ha jamleg besøk av artistar, produsentar, ekspertar og musikkelskarar, og dele ut konsertbillettar til lyttarane dagleg. Kvar tysdag inviterer redaksjonen artistar og band inn i NRKs musikkstudio, der gjestane framfører ein eigen låt og ein coverlåt, med oppgåva «ein låt eg skulle ønske var min eigen». Dette gir høve til å vise fram musikalsk kvalitet på tvers av sjangrar og stilar, og samstundes skape ny musikk som står på eigne bein, forklarar NRK.
Konsertane går direkte på radio og blir filma samstundes. Klipp frå både låtar og intervju blir publiserte i NRKs appar og på sosiale medium.
– P3 Live er éin del av eit større arbeid for å gi publikum meir musikkinnhald, fleire liveopplevingar og sterkare musikkformidling på tvers av plattformer, seier musikksjef Mats Borch Bugge.
SJÅ ARTIKLAR og debattinnlegg om musikkdekninga til NRK frå dei siste månadene her
Programleiar for P3 Live er Arian Engebø. Ho er kjend for mange som programleiar for StudioP3 sammen med Nate Kahungu, som ho også leia VG-lista på Rådhusplassen med i 2022 samt P3Gull dei siste tre åra.I 2023 leia ho Melodi Grand Prix saman med Stian «Staysman» Thorbjørnsen.
– Eg håper publikum oppdagar nye artistar, band og sjangrar dei ikkje visste at dei elska, og at vi klarer å lage augeblikk som får dei til å føle noko gjennom radioen, seier Engebø.
P3 Live hadde premiere måndag denne veka i NRK Radio, og blir sendt på P3 Musikk måndag til torsdag frå klokka 14.00 til 17.00.

Billy Meier – nå uten romkostymer og små, grønne menn
Etter et tiår med romfantasier, fiktive univers og utenomjordiske referanser, har den norske space-jazz-kvintetten Billy Meier landet.

Norske artister trår til for palestinske kolleger
Lørdag 7. februar arrangerer Det Norske Teatrets Palestinaprogram solidaritetskonsert for palestinske kunstnere. På scenen står blant andre Nils Bech, Emilie Nicolas, Sjur Miljeteig, Nawar Alnaddaf, Maja Ratkje og Gatas Parlament.

Janne Stang Dahl er ny avdelingsdirektør i Kulturdirektoratet
Kjem tilbake til kultursektoren etter åtte år i leiarstilling i Datatilsynet.

Ja. Group: Label-samarbeid for en selvstendig og stabil musikkbransje
Ja. Group vil bygge et miljø for samhold og samarbeid, og være en familie som hjelper labels og bidrar til selvstendighet i en stadig tøffere bransje.

Pumpegris tester landegrensene
Pumpegris vil ut i verden og spille. Med unntak av en liten avstikker til Sverige gjør de sine første ordentlige utenlandskonserter i år. Kanskje blir de Norges nye A-ha?

Regjeringa set konsert- og øvingsrom under lupa
Regjeringa startar arbeid med kulturarenastrategi.










































