Arian Engebø er programleiar for P3 Live. Ho er kjend mellom anna frå StudioP3 og som programleiar for P3Gull, Melodi Grand Prix og VG-lista på Rådhusplassen. (Foto: Kim Erlandsen/NRK)

P3 Live – ny musikksatsing i NRK på radio, nett og tv

P3 Live skal vere eit sjangeroverskridande musikkprogram for alle som elskar musikk, melder NRK.

NotertBransjenMusikkjournalistikk

Det nye programmet P3 Live set liveopplevinga, musikkjournalistikken og artistane i sentrum, heiter det i pressemeldinga frå NRK.

Programmet vil ha jamleg besøk av artistar, produsentar, ekspertar og musikkelskarar, og dele ut konsertbillettar til lyttarane dagleg. Kvar tysdag inviterer redaksjonen artistar og band inn i NRKs musikkstudio, der gjestane framfører ein eigen låt og ein coverlåt, med oppgåva «ein låt eg skulle ønske var min eigen». Dette gir høve til å vise fram musikalsk kvalitet på tvers av sjangrar og stilar, og samstundes skape ny musikk som står på eigne bein, forklarar NRK.

Konsertane går direkte på radio og blir filma samstundes. Klipp frå både låtar og intervju blir publiserte i NRKs appar og på sosiale medium.

– P3 Live er éin del av eit større arbeid for å gi publikum meir musikkinnhald, fleire liveopplevingar og sterkare musikkformidling på tvers av plattformer, seier musikksjef Mats Borch Bugge.

SJÅ ARTIKLAR og debattinnlegg om musikkdekninga til NRK frå dei siste månadene her

Programleiar for P3 Live er Arian Engebø. Ho er kjend for mange som programleiar for StudioP3 sammen med Nate Kahungu, som ho også leia VG-lista på Rådhusplassen med i 2022 samt P3Gull dei siste tre åra.I 2023 leia ho Melodi Grand Prix saman med Stian «Staysman» Thorbjørnsen.

– Eg håper publikum oppdagar nye artistar, band og sjangrar dei ikkje visste at dei elska, og at vi klarer å lage augeblikk som får dei til å føle noko gjennom radioen, seier Engebø.

P3 Live hadde premiere måndag denne veka i NRK Radio, og blir sendt på P3 Musikk måndag til torsdag frå klokka 14.00 til 17.00.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Engegårdkvartetten gir ut samtlige Mozartkvartetter

Engegårdkvartetten gir ut samtlige Mozartkvartetter

26 strykekvartetter «locked in». Nå venter Beethovens samlede.

– Som kritiker må du tåle risikoen som følger med å mene noe offentlig

– Som kritiker må du tåle risikoen som følger med å mene noe offentlig

Fra mobilnotater under lockdown til titusenvis av lesere i riksmedia: Even Samir Kaushik har etablert seg som en markant stemme i NRK P3. Han forteller om veien inn i kritikerrollen, om å tørre å mene noe upopulært, og om hvorfor oppriktighet fortsatt er musikkjournalistikkens sterkeste valuta.

Nils Bech: – Kunst kan ha både helende og politisk kraft

Nils Bech: – Kunst kan ha både helende og politisk kraft

– Som enkeltmenneske kan man føle seg veldig maktesløs, sier Nils Bech. Sammen med en rekke andre artister sang han for palestinske kollegaer denne helgen.

Samuraibeskyttelse i ny samisk rap

Samuraibeskyttelse i ny samisk rap

«Samiraien» i Ailu Valles låt kjemper for bevaring av naturområder.

Fullmåne, en overskyet kveld: Amina Sewali (1989–2026)

Fullmåne, en overskyet kveld: Amina Sewali (1989–2026)

Minneord om den allsidige kunstneren Amina Sewali, som nylig gikk bort.

Ballade video: Kvinnenes lyd

Ballade video: Kvinnenes lyd

Møt Aurora, Amalie Holt Kleive, Moron Police, Henry Oak, Torgny Amdam, Clawfinger, Feral Nature og Mayhem. 

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio