Det blir nokre år sidan no, at eg høyrde det første gongen – det er ei bølgje av unge musikarar på jazzlinjene rundt i landet som gjekk mot den sjangeroverskridande haldninga som har prega norsk jazz dei siste ti, femten åra. Dei ville spele jazz-jazz.

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)
Jazzrevolusjonen held fram, og med Do You Dream In Colours? (Is It Jazz? Records 2023) nærmar saksofonist Aksel Røed og orkesteret seg statskupp. Det er enkelt å svare plateselskapet Is It Jazz? Records på spørsmålet denne gongen.
Ja, og for ein fest av ei jazzplate!

Aksel Røed’s Other Aspects – Do You Dream In Colours? (Is It Jazz? Records 2023) (Foto: Is It Jazz 2023)
Feiringa opnar med ei salig fanfare på «Goiserer Jodler / To Whom This May Concerne» frå blåsarane i orkesteret, før pianist Isach Skeidsvoll og trommeslagar Sigurd Steinkopf hintar om meir utagerande energisk frispel. Og det er no moroa slår inn – bassist Sverre Sandnes Sæbø set i gong eit happy, naivistisk bassriff.
Det skin gjennom høgtalarane at dette er gode vener som spelar saman. I denne musikken er det ingen stiv nervøsitet, ingen kvelande stilreglar, men berre eit leikent rom der du høyrer den begeistra jubelen gjennom spelet.
Dette er musikarar som pustar jazz inn og ut, dei har gått inn i tradisjonane, lytta ordentleg på historien. Gjennom dette har dei fått med seg det viktigaste – haldningane. Fridomen.
Her blir vi tatt tilbake til Albert Ayler, Charlie Haden Liberation Orchestra og Jack DeJohnettes Special Edition. Kall det frie jazzkorps. Dette er ikkje introvert jazz for tankane, men ekstrovert kroppsleg musikk som vil få deg til å opne armane og strekke deg mot vårsola.
På «I Usually Paint By Myself» (som forresten har eit smektande flott hovudtema!) har Isach Skeidsvoll ein livgivande gøy pianosolo eg har spolt tilbake til i fleire runder. Den er barnleg bluesy og full av deilige klisjear. Skeidsvoll har vore ein av dei musikarane som kanskje har skilt seg mest ut på den unge, norske jazzscena dei siste åra. Han omfavnar ein pianistisk estetikk som har vore sjeldan å høyre på ei stund (litt Cecil Taylor, litt Thelonius Monk, og for så vidt Håvard Wiik) – og det er ein fryd å høyre på han kvar einaste gong.
Komposisjonane er gjennomgåande sterke – “Bergen Is The Prettiest In Blue” er ein frigjeringsdans der solistane får hoppe rundt som dei vil. “Moonshine Movement” er ein groovy fest, hardtslåande frå trommeslagar Steinkopf sterkt limt på bassist Sæbø.
På albumets avslutning, “When you dream in colours”, briljerer trompetist Lyder Øverås Røed og bidreg med eit av platas mange høgdepunkt.
Tittelen treff presist – dette er musikkdraumar i fargar. Plata kom på fredag, men om du er i Bergen i morgon onsdag, så har dei platesleppkonsert på Bergen Kjøtt.
Noko av det som har vore mest moro blant innboks-platebunken hittil i år er WE ARE – Junk Jewelry. Det er nemleg klart frå starten med den mjuke synth-grooven på «Aiming High» – Dette er leiken jazz-elektronika som bør rett på klubb.

We Are – Junk Jewelry (Jazzland 2023) (Foto: )
Karl Hjalmar Nyberg på saksofon og keyboard, Aaron Mandelmann på bass og Axel Skalstad på trommer har spelt i lag lenge før, og har mellom anna bakgrunn frå Megalodon Collective og Krokofant. Det tighte samspelet er ein viktig faktor i denne musikken. We Are tek nemleg på alvor både handverket som ligg i klubbelektronikaen i uttrykket og i improvisasjonen.
Skalstads eksplosive trommestil er drivande motor her. Rytmikken er ofte skeiv, men aldri blir lytteopplevinga sjanglande. Han har ein måte å spele på som gjer at sjølv dei skakkaste trommebrekk blir diggbare. Høyr berre på hardtslåande «Work Labour».
Første gong eg høyrde Junk Jewelry, fekk eg fort opp minner frå plateselskapets Jazzlands barndom med Bugge Wesseltoft som grunnleggar og «nujazz»-pioner. Særleg tidleg 2000-tals jazzelectronica er sentral her, med eit band som Wibutee, for eksempel. Høyr berre på “Downward Spiral” og etterfylgjande «Tiger Made of Gold». Desse låtane kunne gått rett inn på Wibutees siste plate Sweet Mental (2006), og for den del har Jaga Jazzist sin moderne klassikar What we must med noko av same lyd-eimen.
Det er faktisk interessant å sjå desse bølgene i samanheng med det generelle trendbiletet og retrostilen i dag, der ein i dag også kan sjå dei same kleda på publikum som på Wibutee-konsert i 2005.
Men We Are har teke ting lenger i 2023. Uttrykket er smartare, naturleg nok, med heilt andre referansar. Gjennom den snaue halvtimen med Junk Jewelry er vi innom eit fascinerande variert klanglandskap, men også enormt kreative soloparti frå Kalle Hjalmar Nyberg, for eksempel – på “Roundabout” sprudlar saksofonisten i virtuose linjer.
We Are er hardtslåande klubbjazz som får dansefoten til å snuble, og ei av dei platene eg tippar eg kjem til å høyre mest på i år.
På vestlandet finn vi ein annan jazz-elektronikar – John Derek Bishop har denne gongen fått med seg det improviserande vokalensemblet passande kalla Vok Ens. Under namnet Tortusa har Bishop dei siste åra kome med ei rekke framifrå utgjevingar, mellom andre i samspel med saksofonist Inge Weatherhead Breistein, og har gjennom dei vist seg som ein original elektronikar på jazz og omeign-scena.
Vok Ens består av seks kvinnelege vokalistar med tydeleg ulikt vokabular. Arven etter Sidsel Endresen er tydeleg, men gjennom Sentient syner Vok Ens eit stort spekter av referansar. Denne variasjonen blir endå større gjennom Bishop sine mange måtar å behandle stemmene på – av og til kontrasterande og andre gongar forsterkande.
I staden for å gjere som vokalensemble flest, vere ei samla klangleg eining, gjerne plassert i bakgrunnen med mykje romklang, går kvar enkelt i Vok Ens tett inn i mikrofonen og plasserer seg i heilt framme i lydbiletet, på linje med Bishops elektronikk. Dette blir eit fascinerande lydleg skue.
Gjennom elleve varierte spor tek improvisasjonane oss inn i lydlandskap som somme tider er varme og trygge, og andre tider kalde og forstyrrande. Og det er her styrken ligg i Sentient – den klarer å ha eit mangfaldig uttrykk samtidig som det er strengt fokusert og heilskapleg.
Det er enormt mykje interessant som skjer i møte mellom stemmene og elektronikken, og ein blir stadig usikker på kva som er menneske og kva som er maskin. Passande nok i desse AI-tider – som ein av titlane på Sentient spør «I or Ai». Akkurat denne opplevinga av forvirring blir eit høgdepunkt gjennom lyttinga.
Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland omtaler og anbefalinger av ny, jazzbeslekta musikk – rundt rekker av sammenhenger mellom uttrykkene og musikkens tilblivelse.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.

Ballade og Ny Musikks visuelle historie: Kunstner Terje Roalkvams plakater og tidsskrift på utstilling
Sjelden anledning til å se norsk musikk- og magasinhistorie i grafisk form! Siste helg med utstilling av kunstner Terje Roalkvams plakat- og tidsskriftdesign 25. og 26. oktober.

NRKs musikkdekning: – Det handler ikke om nostalgi, det handler om ansvar
For mange har det vært sårt å se sentrale sjangerprogrammer forsvinne fra NRK, inkludert for programlederne selv. Etter en heftig debatt prøver radioprofilene selv å forstå hva som ligger bak – og hva som skjer videre.

En æra går mot slutten: Norske albumklassikere legges ned
11. januar 2026 tar Norske albumklassikere pause på ubestemt tid. På fem år har de gitt ut mer enn 1000 album og bøker.

Årets solistpris 2025 til sopran Victoria Randem
– Victoria Randem er et strålende eksempel på det utrolig høye nivået på norske sangere for tiden, sier Peter Herresthal, styreleder i Den norske solistpris.

Hilmarprisen 2025 til koreograf og danser Sigurd Johan Heide
Heide får prisen for "enestående arbeid med å fornye og løfte norsk folkedans – både som kunstform og som levende kulturarv", sier juryen.

– Jeg skriver meg litt fri fra alt
Hun spiller trommer med hele kroppen, rapper med lavmælt autoritet og skriver låter som er klokere enn henne selv. Øyunn har funnet ny kunstnerisk frihet i Danmark – og nå slipper hun sitt mest ærlige album så langt.