Av Kjell Bitustøyl, redaktør av Spelemannsbladet
Spellemannprisen – eit spørsmål
Spellemannkomiteen sin formann Knut Værnes skriv i eit innlegg på ballade.no at grunnen til at nokre sjangrar blei sendt i opptak på fjernsyn i ei redusert utgåve, var avdi vinnarane ikkje kunne vera tilstades i salen og ta imot prisane.
Han skriv vidare at dette ikkje var noko forsøk på å halde smalare sjangrar ute av sendinga. Dette høyrest beroligande ut – heilt til ein oppdagar at noko skurrar.
For på direkte spørsmål frå meg på e-post om kvifor ikkje Frode Fjellheim som var i salen og var vinnar i open klasse, ikkje kom med i den direkte sendinga, får eg til svar frå Knut Værnes at – eg siterer: «Jeg vet ikke hva som var bakgrunnen for akkurat dette.»
Er det rart anna det blir forvirring, feil og påfylgjande irritasjon når ikkje eingong formannen i Spellemannkomiteen kjenner til disponeringane i programmet! Eg har difor eit spørsmål til den eller dei der ute som måtte vita det, om det gjeld TV2 eller andre: Kvifor kom ikkje open klasse og vinnaren der med i den direkte sendinga?
Det som er sikkert er at Frode Fjellheim dukka ikkje slik spontant opp på Spellemannprisutdelinga, det kan eg stadfeste, for eg hadde eit avtalt intervju med han i førekant av utdelinga.
Kjell Bitustøyl
redaktør av Spelemannsbladet

– Det er skummelt å dele. Men enda skumlere å la være
Ragnhild og graver dypt i de rå og ærlige følelsene som driver oss alle. Med sitt kommende album Might as Well Just Cause a Scene tar hun oss med inn i kjærlighetssorgens mørkeste rom.

Musikklivets grunnmur smuldrer
INNLEGG: Når helårsarrangører forsvinner og utdanningene vokser, blir musikerlivet et lappeteppe av tilfeldige oppdrag. Det er en kulturpolitikk uten bærekraft, skriver Anderz Døving i organisasjonen Klassisk.

– Vi lever i en musikalsk gullalder, som ingen får høre om
Johan Hauknes i salt peanuts* etterlyser engasjement, strategi og en presse som faktisk følger med.

Jon Balke: Musikkens rolle og kraft i samfunnet
KRONIKK: Musikk er like grunnleggende som mat og vann, skriver Jon Balke. Her viser han til historien om den kjente cellisten Karim Wasfi, som spiller i ruinene etter katastrofer.

Ballade video: Klovner i kamp
Ut på veien med Sassy 009, Mikoo, Date of Birth, Sara Fjeldvær, Anna of the North, The Orchestra!, Kåre Indrehus og White Trash Blues Band.

Årets kirkemusikalske høydepunkt er i gang
Onsdag 17.september åpner dørene til årets Bergen Kirkeautunnale. Opplev festivalen som utfordrer grensene for hva kirkemusikk kan være.