Songar Juliana Venter og saksofonist Rolf Erik Nystrøms "Kassandra" gnistrar av musikalsk overskot. (Foto: Thor Brødreskift)

Ballade jazz: Det vibrerer mellom oss

Frå pianofragment til songbare melodiar, frå kompromisslaus fridom til drøymande indieuttrykk – fire ferske album som opnar vidt ulike rom for lytting.

AnmeldelseImprovisasjonJazzKunstmusikkPlateanmeldelse

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)

Etter ei altfor lang pause, er spalta Ballade jazz tilbake.

Og eg opnar hausten med å gjenta meg sjølv: lytt til musikken.

Då skal du sjå du lærer både det eine og andre om deg sjølv, om verda og livet. Jada, det er pompøst som berre det, men det får ikkje hjelpe – eg er desperat etter håp om dagen.

For det er vanskeleg å finne håp, men håpet er det einaste vi har. Og det er i leitinga etter håpet at musikken kan hjelpe deg. Eg blir like forbausa kvar gong, over den vanvittige opplevinga musikken gir om eg verkeleg lyttar. Det er den beste kuren mot kulturpessimisme, og kan forhåpentleg styrke deg til å bruke det vesle håpet du finn for å gjere verda – litt – betre.

Ein av dei første platene eg gjekk djupt inn i etter sommaren, var frå ein av dei som opna ei heilt ny verd for meg for ca 20 år sidan – Christian Wallumrød.

Christian Wallumrød – Percolation (SOFA 2025)

Christian Wallumrød – Percolation (SOFA 2025) (Foto: )

Hakkete og nølande pianospel. Som ein som prøvar å formulere noko, utan å finne orda. Men i måten han seier det forstår vi det likevel. Vi oppfattar dei musikalske fragmenta som i ein surrealistisk haiku. Den vesle arpeggioen som kjem i synthesizeren overraskar, og løftar oss ut av logiske forståelsesrammer.

På tredje sporet, «Gitar», er vi over i ei mykje meir tradisjonell ramme, der Wallumrød spelar på vår felles musikalske minnebank. Det kan vere litt «country», det kan vere litt James Taylor. Det vekker minner, kjensler som sit djupt i oss.

Og det er dette Wallumrød gjennom sitt liv i musikken har vore så sterk på – å veksle mellom noko vi opplever som heilt annleis, rart og det vi opplever som noko tidlaust, klassisk. Han er ikkje redd for å la det han sjølv er nysgjerrig på, og det som han berre synest er fint, styre. Dette er i høgste grad tilfelle på soloplatene hans.

Etter ein long seanse med ein av dei deiligaste lågfrekvente basstrommelydane eg har høyrt, kjem Wallumrød med eit bluesriff à la Henry Mancini sin «Peter Gunn theme» (som kanskje er mest kjent frå filmen The Blues Brothers – livets beste musikkfilm, forresten!).  Seinare lét det som om han har funne slåttar, altså frå folkemusikken.

Har du volumet tilstrekkeleg høgt på den stille musikken, så legg du merke til detaljar som at Wallumrød legg fingrane på tangentane slik at desse kling medan han spelar. Ein teknisk liten detalj som opnar opp eit rikt klanglandskap.

Det er mykje rom mellom lydane på denne plata, og kvart enkelt musikalske fragment får fokus. Det gjer at Percolation blir som ei diktbok du kan ha i hylla di, og ta fram for å lytte på eit og eit dikt.

Liv Andrea Hauge Trio – Døgnville (Hubro 2025)

Det er ein emosjonelt lada melodi som møter oss i det vi set på Døgnville, den andre plata til Liv Andrea Hauge Trio. Pianisten frå Mosjøen som for nokre år sidan kom inn i høgtalarane våre med ei tydeleg stemme, og fekk oss til å sperre opp øyra.

På Døgnville har ho gått vidare med det uttrykket ho etablerte på debuten Ville Blomster frå i fjor. Det er enkle låtar, gjerne groovy, gjerne rolig. Men det er tydeleg. Melodiane er songbare, og vi høyrer endå til Hauge synge med – som du har høyrt Keith Jarrett eller Glenn Gould gjere det, men hjå Hauge held songen ein sterkare kvalitet som gjer at vi høyrer det som ordlaus vokal, vokalise.

I pianosoloane sine, så utbroderer Hauge desse melodiane, og kvalitetane ved låta. Ho plukkar frå kvarandre motiv, og viser oss nye sider ved melodien, akkordane, rytmikken og stemninga. Dette er noko av det ho har løfta enda sterkare frå førre plate.

Trommeslager August Glännestrand er rytmisk nysgjerrig, og er somme gongar den som ber identiteten i låta. Lytt for eksempel til rolla han har på «Natt Natt Natt», og korleis han gir liv til venstrehandsriffet i piano.

Dette er ikkje musikk som nødvendigvis går inn i dei vanskelegaste kjenslene, men det er vakker musikk. Eg tek meg ofte i å notere det ordet i løpet av plata. Avslutningssporet «Mange av oss» – det er vel for faen vakkert, vel?


Rolf Erik Nystrøm og Juliana Venter – Kassandra (Grappa 2025)

Juliana Venter og Rolf-Erik Nystrøm – Kassandra (Grappa 2025) (Foto: )

Saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm og vokalist Juliana Venter er begge musikarar eg vil karakterisere med eitt ord: fridom. Dei er kompromisslause og tydelege, og under lyttinga til Kassandra er det fleire gongar eg blir satt ut. Denne plata gnistrar av liv.

Juliana Venter er ein eventyrleg stemmekunstnar. Eg må nemleg finne eit større ord enn «vokalist» når eg høyrer henne. Nystrøm på si side har eit enormt overskot på instrumentet, som gjer at han kan møte kva som helst slags musikalsk utfordring, eller sprø idé som skulle falle han inn.

Eg stoppar opp, og eg løftar blikket. Saksofonisten og songaren vil vise meg noko. Det er den franske barokk-komponisten Etienne Moulinié sin Concert de Différents Oyseaux. Musikken berører meg djupt, og eg har gått tilbake fleire gongar til dette sporet for å oppleve det som skjer i kroppen. For det blir fysisk, og eg blir medviten på det fysiske ved musikken – det er lydbølger vi har å gjere med her. Gjennom å møtast i dei gode harmoniane, eller gå i konflikt – i dissonans – så skjelv det fysisk i oss lyttarar.

Og med den presisjonen, det intense samspelet dei to har, så kan dei gå gjennom barokk, jazz, dadaisme med den same tilnærminga. Av og til kan vi le av dei mest absurde bitane, men Venter og Nystrøm er skamlause, og utan unnskyldning står dei solid i alt dei gjer. Og det er dette som gjer at musikken grip tak i deg, at du som lyttar blir tatt ut av kva enn som opptar deg elles.

På dei siste spora får vi også gjestespel frå Nils Økland, Mats Eilertsen og Paal Nilssen-Love. Frå Miriam Makebas «The Click Song» til plata avsluttar med Tsjajkovskij si Kjerubhymne, i ein versjon der smertene er enorme. Dei spelar på vibrasjonane i lufta mellom oss.

Mikoo – It Floats (SOFA 2025)

Mikoo – It Floats (SOFA 2025) (Foto: )

Ei indie-plate frå SOFA, er ikkje ofte du høyrer om. Plateselskapet har gjennom 25 år gitt oss eksperimentell musikk som krev djupt fokus, og dermed nokre av dei sterkaste lytteopplevingane. Men når eksperimentelle musikarar tek med seg utforskinga si inn i meir låtbasert musikk, blir ofte resultatet eit rikt uttrykk. Mikoo består nettopp av slike musikarar, og fem år etter si første plate – den gong på OK World – har dei etablert eit slikt rikt uttrykk på It Floats.

Dei små detaljane frå kvar enkelt instrumentalist etablerer eit lydbilete full av kontrastar. Gitarist Fredrik Rasten har i fleire år no jobba med minimalistisk, mikrotonal musikk som pirrar hjernen til lyttaren. I «Blues» dominerer ein kreativ trommegroove før Fredrik Rastens god-sure gitar kjem inn og gjer oss svimmel. Pianist Vojtěch Procházka kjem inn i lydbiletet med synthesizerar som subtilt koplar det heile i hop. Men det eg blir mest fascinert av med Procházka er hans tilnærming til pianoet. Han hentar noko av logikken frå synth-spelet – dei enkle riffa, det forsiktige anslaget.

Låtane er enkle i grunnen, men på grunn av overraskande tilnærmingar til lydane teiknar det seg eit meir komplekst bilete. Ina Sagstuen leverer tekstane med ei avslappa stemme, med mykje luft, og det er hennar stemme som driv musikken framover. Samtidig blir vi sett i ein tidlaus tilstand, der musikken flyt i tida.

Resultatet er ei plate vi like gjerne kan drøyme – og vi går inn og ut, med ulik grad av medvit.

 

Ballade jazz er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Kulturrådets ærespris 2025 til Dissimilis Norge

Kulturrådets ærespris 2025 til Dissimilis Norge

– Dette er en organisasjon som har vært med på å forme menneskesynet i Norge, sier Sigmund Løvåsen, rådsleder i Kulturrådet.

Komponistforeningen klager NRK inn til Kringkastingsrådet på ny

Komponistforeningen klager NRK inn til Kringkastingsrådet på ny

– Dette er ikke et forsvar for noe gammelt og konservativt, men et sug etter noe ekte, viktig, nytt, friskt og interessant, sier styreleder Knut Olaf Sunde.

Sibeliusprisen 2025 til dirigent Edward Gardner

Sibeliusprisen 2025 til dirigent Edward Gardner

Musikksjefen ved Den Norske Opera & Ballett er en utpreget Sibelius-ambassadør, både i Norden og internasjonalt, sier prisutdeleren.

Pianist Liv Glaser 90 år: – Jeg har vært så heldig

Pianist Liv Glaser 90 år: – Jeg har vært så heldig

BOKANMELDELSE: Liv Glaser fylte nylig 90 år. Samme dag kom biografien om henne. Og at pianisten har vært heldig med sin biograf, det er sikkert, skriver kritiker Bodil Maroni Jensen.

Bjørnar Habbestad - et tilbakeblikk på åtte år i nyMusikk

Bjørnar Habbestad - et tilbakeblikk på åtte år i nyMusikk

Bjørnar Habbestad trer av som kunstnerisk leder for nyMusikk denne høsten. Ballade viderebringer intervjuet nyMusikk gjorde med ham nylig, et tilbakeblikk i arbeidet for foreningen til fremme av ny kunstmusikk og lydkunst.

Carl Ninian Wika ny orkestersjef for Arktisk Filharmoni i Bodø

Carl Ninian Wika ny orkestersjef for Arktisk Filharmoni i Bodø

Arktisk Filharmoni har styrket laget med leder- og orkesterkompetanse fra egen landsdel. I januar trer Carl Ninian Wika inn som ny orkestersjef i Bodø.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio