Johan Lindvall, Christian Wallmrød, Ayumi Tanaka spelar piano – og dei spelar på lag med hjernen vår. Spalta Ballade assosierer er her for fyrste gong. (Foto: Julia Hrncirova / Elias W. Orning / Camilla Jensen)

Desse tre spelar piano så hjernen lurer oss – Wallumrød opnar nye univers i instrumentet

Det umoglege pianoet. Christian Wallumrød er her igjen, på ei av hans sterkaste plater. Som igjen er kobla til tre andre nye, norske.

Kalender

7x7x7

02/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Toner og Tanker på Malerhjemmet

03/12/2023 Kl. 16.00

Viken

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 17:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Nye plater, ny spalte: Christian Wallumrød, Johan Lindvall og Ayumi Tanaka – tre pianistar som på kvar sitt vis opnar pianoet si snevre gjengiving av verda. Alle tre spelar på nye plater der dei opnar musikalske univers som ein skulle tru var umogleg.

Ny spalte: Torkjell Hovland skriv Ballade assosierer kvar måned. (Foto: privat)

Pianoet kan vere eit heilt orkester.

I såkalla pianoreduksjonar blir heile orkesterverk nærmast på magisk vis trykt inn i 88 tangentar. Instrumentet kan romme alt. Musikken blir destillert i pianoet. Alt er med.

Men vi høyrer at noko manglar.

Endå vanskelegare er det når pianoet sine smått pedantiske rammer møter folkemusikken, og pianoet vil trykke alt det vakre skeive, og det reinstemte, inn i sine tempererte 12 tonar.

Pressar tonane ut, utanfor
Barokkmusikk, folkemusikk frå ulike kantar av verda, tradisjonell jazz – alt høyrer like naturleg heime i Christian Wallumrøds pianospel. Sidan trioen Close Erase på nittitalet, gjennom Christian Wallumrød Ensemble og aleine med pianoet. Plata som kjem denne uka, Speaksome tek opp tråden frå Pianokammer frå 2014, hans første soloplate. Gjennom preparering av pianoet, og i samspel med elektronikk, opnar opp for nye univers i og rundt instrumentet.

Speaksome kjem 3. desember, men du kan allereie lytte til plata her (anbefales!).

På opningssporet «Self Volk» spelar han ein heimelaga folketone over romlege klangar. I møtet mellom dissonerande tonar i «melodien» og akkordar i høgrehanda som får klinge lenge, høyrer vi tonar som kanskje ikkje er der. Førestillingsevna vår er sterk, og hjernen legg to og to – og tre og tre – saman. På «Nölen und Laden» er det som om han pressar tonane utanfor tempereringa, slik ein felespelar kan bende tonen.

Christian Wallumrød slepp Speaksome denne veka. (Foto: Sigurd Ytre-Arne)

Igjen er det hjernen vår som lurer oss – drar oss inn i ny musikk. På «Zitternpappel» har Wallumrød gått opp i flygelet og tek på strengane med diverse preparat.  Med ein tittel som «Gitar» spelar førestillingsevnen med på ein annan måte, og det er som vi ser plekteret framfor oss. Han sprenger pianoets strenge rammer.

Lifehacket orgel og den der på svenska
Denne konflikta med tonane som ligg utafor pianoets tempererte regi, har pianistar brukt til å uttrykke akkurat det dei vil, når dei finn vegar rundt det. I lange tider. La oss sjå på nokre moderne klassikarar:

Ein av dei var komponisten Eivind Groven som etter mange år med eksperimentering ferdigstilte sitt reinstemte orgel i 1944, eit underleg vakkert instrument. No kunne han for eksempel spele saman med kvedaren Aslak Brekke sin skakke og sørgjelege Ståle Storli:

På Jan Johanssons magiske klassikar Jazz på svenska høyrer vi ei anna løysing på utfordringa. Eit minutt ut i «Gammal Bröllopsmarsch» høyrer du Johansson spele F# og G samtidig på veg oppover i melodien, og F og G samtidig nedover. Det er dissonansar, men på denne måten lurer Jan Johansson hjernen vår. I mellom tonane ligg«sanninga» – vi høyrer eit «høgt» sjettetrinn på veg opp, og eit lavt på veg ned:

Svart regn
På tampen av oktober landa ein enorm klang i høgtalarane mine, ein klang som fylte heile rommet. Men det var berre to, så tre, så fire enkle tonar frå pianisten Ayumi Tanaka. Opningssporet «Ruins» frå trioalbumet hennar Subaqueous Silence vart ei av dei største lytteopplevingane i haust. 

Ayumi Tanaka spelar tonane «som om kvart grasstrå var ein blome», som Arvo Pärt seier det. I «Black Rain» rører ho ved tangentane, akkurat slik at strengen får leve, og ho lokkar fram store klanghallar frå flygelet rundt bassist Christian Meaas Svendsens smertefulle strykebass.

På «Zephyr» er det nesten uråd å skilje dei våte, runde trommene til Per Oddvar Johansen frå flygelets nedre register. Med lange pauser gir Tanaka kvart anslag eit alvor over seg, og lét stilla ramme inn musikken slik at vi lyttar til klangane som portrett på eit galleri.

Plata kom 29. oktober, og 8. desember kan du høyre trioen i Bærum kulturhus.

Små riff
Johan Lindvall har gitt ut to plater med tette mellomrom i haust. Trioplata This is not about you og Om du reser mycket med Trondheim Jazzorkester.

Lindvall kjem til pianoet med ei anna tilnærming igjen.

Han finn stor musikk i det vesle og enkle, og har mellom anna gjeve ut musikk på Wandelweiser, eit plateselskap særleg interessert i det stille i musikken. Samtidig har Lindvall ein kjærleik for enkle og tydelege riff, små loopar og låtar som gjerne lånar tonespråk frå pop og rock.

Johan Lindvall i midten av sin trio. (Foto: Julie Hörncirva)

Det har gjort hans Om du reser mycket med Trondheim Jazzorkester (TJO) til ei av dei mest interessante frå den etterkvart store TJO-katalogen. Han har på mange måtar gjort det omvendte av ein pianoreduksjon, og gitt instrumenta i orkesteret stemmer frå små, enkle skisser i pianoet.

Frå ettertenksomme «Introduktion» der vi høyrer instrumentet i orkesteret så vidt stryk over dei enkle tonane frå pianoet, til gladlåta «Slut» som kan vuggast til med trange rockebukser. I «Att säga nej» veks det ein frigjerande eksplosjon frå orkesteret ut frå det vesle naivistiske pianoriffet.

Det er ulike musikalske univers som einast, heilt logisk, i pianoet.

Treeininga
Men kva om du har 264 tangentar? I 2016 gav desse tre utforskande, og som vi har sett svært forskjellige, pianistane Christian Wallumrød, Ayumi Tanaka og Johan Lindvall ut albumet 3 Pianos på Nakama Records. På plata går dei tre pianistane laus på tre opne flygel og leitar saman etter nye univers innanfor og utanfor flygelets grenser. Omtrent tre minutt ut i denne låta har Tanaka, Wallumrød og Lindvall eit «moment» som skal få oppsummere dykket ned i dette umoglege pianoet. Lytt til magien som oppstår når dei tre pressar strengane og lét mikrotonaliteten krangle i øyret.
Høyr på dette:

Johan Lindvall Trio This is not about you (Jazzland) / Christian Wallumrød Speaksome (Hubro) / Ayumi Tanaka Trio Subaqueous Silence (ECM). (Foto: )

Bonus: – Eg flytta til Noreg for å forstå korleis denne unike musikken [norsk jazz] utviklar seg. Bli betre kjend med Ayumi Tanaka i utgjevar ECM si videopresentasjon:

 

Ballade assossierar
Torkjell Hovland skriv om jazz og den musikken som ikkje kjenner kun éin bås – kvar siste tysdag i måneden på Ballade.no.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.